Livet i dokkestova
Av og til hender det at eg les med begeistring om slikt som er blitt forska på. Slik var det då eg las at dokkeleik er veldig bra for å utvikla empati. Sidan fotball og motorar ikkje er heilt mi greie, så såg eg klart ei viktig nisje i mormorlivet der eg faktisk kunne ha litt å bidra med. Eg har leika usedvanleg mykje med dokker i barndomen, og er heilt klar når barnebarnet vil ha med mormor i leiken. Mormor er faktisk relativt lett å be, ein veit aldri kor lenge ein får ha posisjonen som attraktiv leikekamerat. Då eg foreslo at dokkene som bur heime hos gullungen kunne besøkja dokkene som bur hos mormor, var planen lagd for ein lang føremiddag i leikehytta. Den leikehytta mamma fekk då ho var lita og som framleis er i brukbar stand etter at morfar og pappa har lagt nytt golv der.
Det vart trongt om plassen, men med to og to babyar i voggene gjekk det bra. Eg er forresten veldig fornøgd med at det ser ut til å vera ein renessanse for dokker som verken er babyar eller Barbiar. Då eg var lita jente hadde me Anne-dokker og seinare Tjorven-dokker som var på omtrent vår eigen alder og i leiken kunne gjera omtrent det same som oss. Dei var betre identitetsobjekt for små jenter enn ei midjesmal og barmfager dame med rosa Rolls Royce. Visst hadde eg Barbie-dokker og. Det første Barbiedokka vann eg ved hjelp av mor i ein konkurranse i eit Donald blad, men det er ein annan historie. Det var før Ken si tid. Barbiar var fine, men Tjorven- dokkene var liksom det gjevaste.
Når frøken-nesten-fire-åring får styra leiken blir det tempo i dokkestova. Det er oppvask og bading av babydokker, utallige bleieskift og matauk i bærhagen utanfor. Av det meir dramatiske kan nevnast at brannalarmen går via ei lita messingklokke som ringer, eller at alle barna må leggjast i sengene under tepper fordi det er Halloween og då kan dei bli forbytta dersom me ikkje passar godt på dei. Kor slike idear kjem frå er eg usikker på. Inntil nokså nyleg var det ulven me måtte gøyma oss for kvar gong han kom forbi.
Då eg var lita hadde eg mange dokker. Det var nok ein bonus med at eg vaks opp etter det ein nesten kunne kalla Andebysystemet. I tillegg til at me hadde mor og far der var me einebarnebarna til bestemor og morfar, og på toppen av alt omgav me oss med onklar og grandtanter utan eigne barn som med glede bidrog til ein nokså full leikekasse.
I tillegg hadde bestemor all den tida eg kunne ønska meg. På den tida gjekk dei færraste bestemødre på jobb om morgonen, og mi bestemor hadde i tillegg helseproblem som gjorde at ho hadde rolege dagar og uendeleg stor plass til å vera til stades. Ho hadde vore syerske på DFU før ho gifta seg, så ingen dokker hadde så mykje dokkeklær som mine. Eg kunne av og til misunna dei av venninnene mine som hadde store mengdar kjøpedokkeklær, men mine hadde alt dei trengte.
Bestemor si ugifte syster, mi kjære «moster», var framleis yrkesaktiv. Ho «støva» på DFU på Figgen. Det vil vel i praksis seia at ho tørka støv av golv og maskinar og kanskje vaska og. Ein del av jobben var å fjerna avkapp, småbitar av stoff frå badedraktproduksjonen. Det kunne vera ganske store stoffbitar som skulle kastast. Dette førde til at alle mine dokker hadde garderoben sin i badedraktstoff, for badedrakter var det dei sydde på fabrikken på 60-talet. Det fungerte fint. Badedrakter var ofte laga av ganske kraftig krepptøy på den tida.
Etterkvart fekk eg og læra å sy dokkeklær med synål eller med bestemor sin sveivesymaskin. Bestemor teikna sine eigne mønster på brødposepapir eller klipte direkte i stoffet.
Nå lurer eg på om eg lar meg innhenta av eigen barndom. Då barna mine var små sydde eg litt klær til dei, men dokkeklær vart det aldri tid til å produsera. Nå har eg lånt ei bok på biblioteket med mønster på dokkeklær og to andre er bestilte frå andre bibliotek. I tretti år har eg tenkt om utslitte klær og stoffrestar at dei kunne bli fine til dokkeklær, så nå får me sjå om eg verkeleg kjem meg så langt som til symaskinen, den som for å vera ærleg har fått stå alt for mykje ubrukt.
I denne veka kokte eg bollesuppe på salt lammekjøt med mjølbollar i slik bestemor lærte meg å laga dei. Så samla eg mange rundt bordet og pynta med markblomar i vase. Eg ser at eg har ein trong til å følgja gamle spor. Kanskje fordi det er noko trygt med det som nesten ikkje finst anna enn som gamle minne lenger?
Det å få bu i nokon sin barndom kjennest nesten litt heilag. Det barna opplever nå er det dei skal bera med seg i den ryggsekken som heiter barndom. Eg trur på ordtaket om at den som blir boren som barn sjølv vil bli i stand til å bera, både seg sjølv og andre. Eg trur og på at det er bra for barn å bli oppdregne av ein heil landsby. Og eg trur på at det er sunt for halvgamle damer å leika med dokker av og til…
Heidi