Gå til innhald

Letta over å vera så langt

august 17, 2021

Det var overveldande og varmande å ta i mot så mange gode meldingar med ønske om at Leif sin operasjon måtte gå bra. Eg hadde fortalt om det til ein del dei eg kjenner best og jobbar tettast med på skulen og følte at eg møtte ei varm bølgje av omsorg då eg kom til planleggingsdagen. Så mange fine varme folk eg kjenner.

Eg har og fått ei praktisk erfaring av kor mykje vennlegheit og omsorg betyr dei dagane me treng det mest. Eg hadde fått vita at det kunne henda operasjonslegen ville ringa når operasjonen var over, viss ikkje måtte eg ringa sjølv i ettermiddag.

Som katastrofetenkjar med god fantasi stokk eg litt då eg fekk opprop frå noko eg antok var eit sjukehusnummer klokka kvart over eitt. Eg vart så klønete at eg kom borti den raude knappen då eg prøvde å besvara anropet. Det er bra det ikkje er mine hender som skal operera i indre menneskeorgan… Heldigvis oppnådde eg kontakt igjen, og ein lege kunne på vennleg, beroligande og roleg måte fortelja at han var operert og at det gjekk bra. Det hadde tatt litt lenger tid og vore litt meir omfattande enn dei trudde, men alt hadde gått fint.

Eg fekk beskjed om at eg kunne ringa intensiven litt utpå ettermiddagen. Det har eg gjort og eg fekk snakka med ein nokså medtatt nyoperert mann. Tusen takk for all omtanke. Nå torer eg nesten å pusta letta ut…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: