Gå til innhald

Nyttårsdikt

desember 31, 2022

Så står me her igjen

ved det som kan sjå ut som same gamle døra,

men med eit nytt nummer på

eit tal me snart skal læra oss å skriva.

Me står her med hjarta våre i hendene

dei same gamle hjarta som i fjor,

sitrande og bankande mot fingertuppane våre.

Me står her med lommene fulle av håp,

med ei vemodig tåre brennande bak augneloket

og med ein nesten gløymd tone,

ein me aldri rakk å syngja,

dirrande ein stad i ein krok av stemmebandet.

Me står her med store skrin

fylde med alt som vart skeivt og skakt,

alt det som ikkje vart slik me hadde håpa

og alt det me aldri nådde å få gjort.

Me står her skulder ved skulder

og kjenner det er godt

å ha venner å varma seg på.

Me stør oss mot kvarandre,

og kjenner at visst har me klart å halda håpet levande.

Så lener me oss  i tillit mot trua på alt godt

og kjenner at ho framleis evnar å varma ryggtavlene våre.

For her er framleis så mykje godt,

så mange varme menneske,

så mykje omsorg og nestekjærleik,

så mange som vil det gode.

Mest utan at me veit det

formar det seg bøner

med og utan ord

på leppene våre.

Bøner om fred i ein klokare verden,

bøner for ei jord som framleis kan bera oss,

bøner for dei som treng hjelp til å håpa.

Så pustar me inn

håp og tru, håp og tru,

håp og tru og mot og vilje.

Me ser kvarandre trygt inn i auga,

trekk pusten djupt

og ynskjer kvarandre

eit godt nytt år.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: