Gå til innhald

Luke 24 – 22

desember 25, 2022

Gavane er opna, og restane frå julematen er rydda bort. Gjestene har gått. Huset er nesten brakt i orden att, men framleis står det nokre gryter og steikebrett i vasken og på kjøkkenbenken. Rundt omkring i stova ligg det små haugar av opna julepresangar klare til bruk.

Kvelden har vore fin, alle haldt seg friske, ungane var glade, og det har vore fint å vera i lag.

Perfect imperfection er ord frå ein kjend kjærleikssong. Slik er jula hos oss. Me kjem aldri heilt i mål, alt går aldri 100% etter planen, og ein del ting nådde me aldri. Det blir bra likevel. Med muntert og litt vemodig alvor satt eg i kyrkja med nesten alle mine rundt meg og såg det eldste barnebarnet synga i barnekor i ei vakkert julepynta kyrkje. Saman med alle dei andre der song eg slik eg syng kvart år:

Tider skal komme, tider skal henrulle,

slekt skal følge slekters gang.

Aldri forstummer tonen fra himlen

i sjelens glade pilgrimssang.

💜

Og med dette erklærer eg adventkalenderen for ferdig opna og fullendt dette året og.

Gledeleg jul alle saman!

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: