Gå til innhald

Liksom spån i strömmen

Lille Anna, snart flyr dagen bort
Livet har blott еn og den er kort
Liksom spån i strömmen, som en bild i drömmen
Hastar männskan till en bettre ort

I dag vart me plutseleg veldig klare over kor kort tid det er att til skuleåret er over, og til avslutningsforestillinga me skal ha før me går ut sjuande. I løpet av dagen har eg og Maria hatt med ei stor gruppe elevar som har fått vera med og uttala seg om stykket me skal laga, og om kva me skal ta med i manuskriptet vårt. I sist veke skreiv elevane avslutningstalar der dei fekk i oppgåve å skriva litt om dei sju åra sine på Bryne skule, og desse tekstane skal me mellom anna bruka til å laga forestilling.

I dag tok det litt tid før eg kom heim på grunn av utviklingssamtalar, men så snart eg kom i hus måtte eg setja meg ned for å begynna på eit manus slik at elevane kan få starta med øvinga. Det slo meg kor fort ting går over i historia og nesten blir gløymde. Elevane hadde skrive ganske mykje om heimeskule og korona, og for dei fleste yngre elevane er dette allereie «historiar frå gamle dagar», som dei ikkje sjølv har opplevd. Elevane mimra i tekstane sine om då dei gjekk i andre klasse og sat heime og vart underviste via ipadane, korleis vaksne brukte munnbind når dei gjekk ut, og korleis det var då skulen opna att. Då stod elevane i lang kø etter alle pausar for å vaske hendene grundig før dei kunne få setja seg ned. Dei kunne ikkje leika eller snakka med dei dei ville, for dei var indelte i kohortar som ikkje kunne ha omgang med kvarandre. Dersom nokon i heimen var sjuke, måtte dei i karantene, av og til vart det delt ut brune papirposar med hurtigtestar som alle måtte ta når dei kom heim, og så måtte foreldra attestera på at dei var testa og smittefrie.

Dei hugsar og at dei ikkje kunne gå i tog eller feira 17. mai på vanleg måte, og at dei stilde på skulen i finstasen ein vanleg dag i mai og feira 17. mai i lag med klassen sin. Då sprang dei med potet på skei og hoppa i sekk før dei fekk is og gjekk tilbake til klasseromet. For nokre alderstrinn vart korona ein viktig del av den barndomen som dei ber med seg vidare, det følest som nettopp, men nå er det alt historie.

Mange av oss har opplevd at dei små barna våre alt har blitt store og vaksne og kanskje til og med blitt foreldre til nye små barn som er store nesten før me får blunka dei og.

Det er ein merkeleg mekanisme at barndomen kjennest som ein lang del av eit liv. Dei første atten åra våre er år som formar kven me blir som menneske og kva minne og erfaringar me skal bera med oss resten av livet. Me som omgåst barn dagleg kan godt stoppa opp av og til og minna om at for dei barna me har rundt oss så er barndomen akkurat nå. Det er det dei opplever nå som blir barndomsminna deira. Det er det som blir grunnmuren under liva deira. Ein kunne blitt lamma av ærefrykt over mindre.

Heidi

Nydeleg forsommarsundag

Det har vore ein slik vakker dag som me av og til er heldige å få mange av i mai. Dagen begynte med at me var i kyrkja på familiefokusgudsteneste. Me har slike ein gong i månaden, og der får barna ta stor plass med song, bøner, lystenning, dans, liturgi-lesing, drama, bønevandring og klokkeringing. I dag var barnekoret med, så begge mormorjentene skulle fram og synga. Det vart ei fin stund. Etterpå var det kyrkjekaffi med utvida kakebord, hoppeslott for dei minste og aktivitetar i kjellaren for dei litt større.

Så skulle eg ønska at det fine strandbiletet var frå i dag, men eg må innrømma at det er litt misvisande. Det er frå fredag då eg var på fin tur med Tove. I dag kjendest det nesten litt naturstridig å ikkje koma seg ut på tur, men eg hadde ein del arbeidsoppgåver eg bare måtte få gjort. Slik blir det av og til naturleg nok sidan eg har full jobb fordelt på fire dagar og ein kveld, og me i tillegg har eit forkorta arbeidsår på grunn av lange arbeidsdagar. Sidan eg har teke meg fri og gjort andre kjekke ting både fredag og lørdag så blei det ein del jobbing framfor PC og ipad i dag. Fridomen ligg sjølvsagt i å kunna disponera dagane sine slik når det er det som kjennest rettast.

Noko av det eg gleder meg til med å «skifta yrke» om ikkje så lenge er at eg ikkje kjem til å sjå på klokka på gilde sundagsettermiddagar og tenkja at nå blir det ein lang arbeidskveld for å få gjort det ein må til den nye veka som kjem. Eg veit at det er ein situasjon eg deler med veldig mange, kanskje dei aller fleste som jobbar i skulen. Nå kan eg trøysta meg sjølv og andre med at det eg har gjort i dag i grunnen har vore lystbetont, eg kom meg liksom bare aldri ut i sola.

Den store trøysta er at godveret i følge yr skal halda fram. Så langt ser det rett og slett ut som om det kan bli strålande sol på syttande mai, og slikt kan me lika. Eg gleder meg til vekene som kjem. Dei blir innhaldsrike og fulle av fine ting. Det er noko med våren som alltid vekkjer eit slags uroleg vemod og samtidig ei yr forventningsfull glede i meg. Eg lar desse tankane munna ut i eit nesten-sommar-dikt
frå boka mi «For humlene si skuld» som kom ut for snart fire år sidan. La oss ta vare på det sommaryre i oss og «gjera det igjen».

La oss gjera det igjen

Det var den gongen det var sommar,
den gongen for lenge sidan
då me framleis ikkje ante
kor livet skulle ta oss hen,
og var opne for det meste
fordi sola strauk oss så varmt over ryggtavla
medan me telte dagar og velsigningar
og framleis bada i håp.
Kom la oss gjera det igjen.

Heidi

Bittesmå vasar

I dag har eg fått vera med og feira flotte Elise som rett og slett rundar sytti år. Eg har vore i lag med masse trivelege damer, ete god mat levert heilt frå Engøy, fått med innlagd konsert med Georg Munnspel og the ladies, sunge songar, ledd, prata og avrunda med sitronfromasj, frukt og gode kaker.

I går då eg var på Hå gamle prestegård kjøpte eg ein bitteliten blå vase som eg hadde lyst til å gje Elise saman med eit dikt om å fylla bittesmå vasar. Sidan eg ikkje hadde eit slikt dikt måtte eg skriva det i føremiddag før eg skulle gå i selskapet. I dag byr eg på denne teksten, kanskje nokon andre kan lesa han og bruka han dersom ikkje dei heller har eit slikt dikt liggjande.

Bittesmå vasar

Du skal fylla roma dine med små vasar,
bitte små vasar i alle fargar,
slike som gjer ære på ei snøklokke
eller på fem nyfødde hestehovar.

Du skal passa på at dei ofte blir fylde,
for det skal så lite til
før det bugnar i små vasar,
Det skal ikkje mykje glede til
for å fylla dei til randa.

Du skal klistra små gleder på veggene
i huset ditt,
la dei få stor plass i orda dine,
i hjartet ditt,
og i dei bittesmå vasane.

Du skal aldri gløyma kor du har dei store vasane.
Du treng dei til dei store dagane,
dei store bukettana,
dei store gledene,
dei store fanfarane og teaterstykka,
men ikkje la dei skugga for dei bittesmå.

Dei bittesmå vasane skal du fylla kvar gong du kan,
Dei skal stå der for deg og alle som kjem inn i roma dine,
medan du tenner lys for små og store sorger,
og fyller bønene dine med levd liv.

                                                                                              Heidi

Fredag 9. mai

I dag hadde eg ein veldig fin dag saman med Tove. Det var lenge sidan sist me var i lag, og etter ei travel veke med veldig lange arbeidsdagar kjendest det nydeleg å gjera noko heilt anna for å kvila hovudet litt. Etter ein litt grå morgon skein veret opp med sol frå nesten skyfri himmel. Som veldig ofte i dette hjørnet av verda bles det kald vind, men dersom ein fann seg ein vegg som gav le var det nydeleg å sitja ute. Ved Hå gamle prestegard jubla lerka høgt i sky som det heiter i ein kjend song, og svalene flaug tett i elegante svingar. På kafeen kjøpte me oss kaffi og lefse, og så fekk me oss ein tur opp på den gavebutikken der det er veldig mykje fint, men i ein prisklasse som gjer at ein må tenkja seg godt om dersom ein vil ta med seg noko heim.

Etter ein time i sola køyrde me ut til Kvassheim fyr, for det trudde ikkje Tove at ho hadde vore før.

Begge bileta i dette innlegget er tekne ute ved fyret. Eg ser på bileta at graset framleis er litt vårbleikt, men nå blømer mange slags blomar veggrøftene og langs steingardane. Det er framleis ei gåte for meg at ikkje turistane valfartar til Jæren for å oppleva den flotte naturen og det vakre landskapet her. Kanskje det er eg som manglar mykje på å vera objektiv, eller kanskje det har med nordavinden å gjera. Sannsynlegvis har vel klimaet ganske mykje å seia for at me i stor grad får lov til å behalda naturperlene våre nesten for oss sjølve…

Då dagen nesten var i ferd med å bli kveld hadde me ein koseleg middag i lag på Møllehagen. Eg liker veldig godt fiskerettane deira på ei seng med ovnsteikte grønsakar og potetmos. Om kvelden havna eg framfor det apparatet eg gammelmodig nok framleis kallar fjernsynet, og der vart eg sitjande til datogrensa for blogginnlegg på rett dag var overskride. Det skuldest mellom anna at viss det skulle ha blitt ei gullrute på familien i kveld, så måtte eg måtte eg nesten ha kosta på meg ei setning om det her.

Nå er det blitt så seint at eg ikkje heilt vil vedkjenna meg tidspunktet for sengetid. Eg får sjå om eg ikke klarer å klora meg fast i ei stripe fornuft og koma meg under dyna… I morgon må eg mellom anna prøva å få levert nokre bøker eg lånte på biblioteket sånn omtrent i går, og som eg nå har fått purregebyr på. Eg trur eg har blitt litt tidsblind dersom det måtte vera ein diagnose på diagnoselista…

Heidi

Om dei store og dei små tinga i tilveret ..

Dagens foto er eit av dei fine akrylmaleria elevane mine laga i kunst- og handverk. Sjølv om dette faget kan føra med seg ein del rot og kaos, så er det kanskje ein av dei aktivitetane eg kjem til å sakna mest. Eg synest det er så spennande å sjå kva elevane lagar og kva dei får til. Det er og spennande å prøva ut nye oppgåver. Heldigvis har eg to mormorjenter som og er veldig glade i å teikna, mala og laga ting, så det blir vel ei råd med å få bruka kreativiteten framover og.

Etter å ha hatt vakt ute i matpausen, ein matematikktime om likningar, og ein norsktime med skriving av avslutningstalar, kosta me på oss eit kvarter med leik som belønning for godt arbeid. Fire mann i sofaen blir ekstra kjekt for læraren når ho klarer snika seg med sjølv

Fire timar med utviklingssamtalar gjekk så fort som bare det, og så sykla eg bort til barnebarna for å vera barnevakt i nokre timar. Eg frykta at begge hadde sovna, men eldstejenta haldt seg vaken for ein klem og ein prat og ei bok. Morfar hadde begynt på barnevakta allereie, så bare sjarmøretappen gjenstod

Nå har eg oppdatert meg på den kvite røyken frå det sixtinske kapell og sett amerikanske pave Leo den fjortande koma ut på Petersplassen for å velsigna dei frammøtte og forkynna budskapet om fred. Eg håpar han kan bidra som ein fredsstemme inn i verda situasjonen. Som dei seier på latin: Dona nobis Pacem. 🕊️

Og for å gå over til noko meir prosaisk… Det skal bli ein sann fryd å vakna utan hjelp av vekkjarklokke i morgon…

Heidi

Bjørk om nettene

Det luktar så godt når ein syklar heim i mørket ein sein kveld i mai. Nyutsprungen bjørk har ei særeigen krydra lukt som av ein eller annan grunn er mykje meir framtredende i mørket.

Dei japanske kirsebærtrea er på sitt aller vakreste nå. Eg har ikkje lagt merke til før kor mange det er av dei.

Dagen har vore av det fullmøblerte slaget med jobb både i skule og kulturskule. Rett etter jobb vart eg henta av Laila og me kjørte til Stavanger i forening hos Inger.

Temaet for kvelden var lettare nostalgisk med fylde terteskjell som ei helsing frå 60- og 70-talet. Sånne du veit dersom du er over femti med reker, kjøttboller og grøne erter i kvit saus, akkurat sånne som mødrene våre laga for femti år sidan når dei skulle ha forening. Det hadde eg ikkje ete på sånn omtrent førti år, trur eg. Det smakte godt.

Etterpå åt me heimelaga ripsis og drakk kaffi frå koppar i kongeleg dansk porselen medan eg strikka på dressen til lillebror sin skal koma om ikkje så lenge, og me prata om alt som eingong var, om det som er, og om det som kanskje koma skal.

Nå må eg koma meg i seng så det blir litt søvn før oppstandelsen til ein ny og intens dag.

Heidi

Utviklingssamtalar

Det er tida for å opna og lukka dører. I dag opna eg døra til den siste runden med utviklingssamtalar i mitt kontaktlærarliv. Det er litt vemodig, eg har alltid opplevd foreldresamarbeid som noko veldig fint. Noko av det fine med å vera lærar er å fylgja små og etterkvart ganske mykje større menneske tett gjennom veldig viktige år av livet.

Eg har alltid tenkt på det å vera lærar er ei stor tillitserklæring frå samfunnet og frå foreldra. Tenk å få låna, og vera med og påvirka det kjæraste og mest dyrebare andre menneske har. Eg har ofte tenkt på Kolbein Falkeid sine ord i diktet «God tur skolepike»: «Å såmenn, vær rene på hendene…». For barna sin del er det kjempeviktig at dei som står rundt dei, er glade i dei, og skal hjelpa til med at dei skal læra og utviklar seg på ein god måte, klarer å få til eit godt samarbeid. Me skal hjelpa foreldra å gi barna ein barndom dei skal bera med seg resten av livet, og som skal gjera dei sjølve i stand til å bera seg sjølv og andre på ein god måte. Kor stor og alvorleg og fin oppgåve er ikkje det?

Sjuandeklasselærarlivet i mai er ekstra innholdsrikt og mangfoldig. Alt skal feirast, avsluttast og samlast saman. Utallige skjema (slik følest det i allefall), skal fyllast ut, det er overføringsmøte, avslutninger, forestillingar, temaveker og turar i tillegg til at den vanlege undervisninga skal rulla vidare så lenge som mogleg. Lærarlivet er eit konstant prioriteringsarbeid. Ein får ikkje gjort alt så nøye og bra som ein gjerne ville, tida sterk rett og slett ikkje til. I oppgjerets time stansar ein av og til opp og lurer på om prioriteringane var rette… Burde ein lagt meir arbeid ned i nokre oppgåver, og nedprioritert anna? Sånn kjennest det av og til, men fasiten får me aldri sett. Eg får trøysta meg med det bibelske prinsippet om at kjærleiken dekkjer over mange synder…

i dag har eg hatt ein kjekk arbeidsdag, elevane har jobba med å skriva avslutningstalar, eg har hjulpet ei firargruppe som skal halda 17.mai-tale på torget med å formulera tale, og har jobba saman med elevar og ein kollega om å laga avslutningsforestillinga me skal visa i aulaen i juni. Slikt kan eg lika. I mens har flinke kolleger øvd friidrett med elevane våre som skal springa Tinestafett i morgon. Dei har finpussa vekslingsteknikk og lagoppsett og funne syklar til dei som manglar sykkel til sykkelturen. Slikt definerer eg som godt samarbeid. Heldige oss som held til i skulen.

Heidi

Open kyrkje

Nå har eg akkurat kome heim frå Open kyrkjekafé med kaffi og nysteikte vaflar til alle som stikk innom. Det har vore ein draum for meg lenge å få noko slikt i gang, og nå har me halde på i over eit år. Den første måndagen i månaden er det ope hus frå seks til åtte.

I sjølve kyrkjesalen har me samtidig Open kyrkje. Her kan folk koma inn for å sitja litt i det fine rommet, tenna eit lys viss dei har lyst, be ei bøn eller bare kjenna på at det er godt å vera stille.

Mange seier at i utlandet er det godt å kunna gå inn i kyrkjer for å tenna lys og sitja stille. Det er fint å kunna fortelja at nå opnar me kyrkja mot byen og livet på denne måten ein måndagskveld i månaden.

Eg har ein draum om at alle som bur her skal kunna kjenna at dette er deira hus, deira rom, vår felles plass til å kunna koma inn i, ofte eller sjeldan. Eg prøvde å formulera eit slags dikt om dette til kyrkjekaféen i dag. Det er truleg ikkje stor kunst, i alle fall ikkje før eg får bearbeida det meir, men eg tek det med likevel, så klarer eg å halda fast på temaet mens eg har det her.

🕊️

Ho står her med opne armar mot byen,

med bankande hjarte

og lys som kan tennast

Med lysande auge av kobolt og purpurfarga glas.

Ho står her med tangentar og orgelpiper

som syng om nyansene i liva våre,

med kaffikoppar og døypefont

med isboksar fulle av fargeblyantar,

og trekassar fulle av puslespelbitar.

Ho står her med rom som vibrerer

av levd liv, håp, lengt og Heilag ande.

For dette er huset til Gud,

huset for oss

huset me kan krypa redde inn i,

og kanskje gå sterkare ut att.

Me treng dette huset,

og huset treng oss.

Me løftar kvarandre,

og held kvarandre oppe.

Her kan me finna pusten vår igjen,

pusten som ber bønene våre,

pusten som ber sjelene våre.

Me strekkjer ut hender fulle av liv,

og tome hender som kan fyllast.

Me strekkjer dei mot krossen,

mot altaret og mot byen vår.

Kyrie Eleison og Soli Deo Gloria.

Heidi.

PS:

Biletet i dag er ikkje frå kyrkja, men frå kulturskulekontoret der eg og Sissel sat og jobba med tekstar og bilete.

Sundagsskulen

Då eg var fire-fem år gammal vart eg kjend med Svein Reigem som var naboen vår og litt yngre enn meg og Jan. Familien hans var pinsevenner. Eg fekk ein draum oppfyld, eg og Jan fekk begynna på sundagsskulen i lag med Svein og systera hans Unni, som var stor jente og kunne passa på oss andre. Sundagsskulen var på Tu skule, så det var nesten rett over vegen. Eg hadde høyrd om sundagsskulen og syntest at det var stor stas at det var blitt min tur. Så var det på med kjole og kvit strømpebukse og sløyfer i håret. I handa hadde me kvart vårt kronestykke som me la i eit tannglas i plastikk når me kom fram. Eg hadde ei forestilling om at pengane skulle gå til fattige barn i Afrika, og syntest at det var gode greier. På sundagsskulen song dei og spelte gitar, og me fekk sjå historier om slikt Jesus gjorde framstilt på noko så høgteknisk som flanellograf. Eg lurer på om eg kan ha vore noko tilnærma ein liten møteplagar, for eg hugsa at eg retta opp handa kvar gong dei spurde om noko, og spesielt dersom dei spurde om nokon hadde noko å spørja om eller ville fortelja noko. Eg hugsar at Anny, eller ei av dei andre unge damene sa at Jesus ikkje gjorde noko gale i heile sitt liv. Eg bestemde meg straks for at det ville ikkje eg heller gjera frå nå av, og bestemminga gjekk som ei frydefull iling nedover ryggrada. Sjølv med ein fire-femårings vaklande sjølvinnsikt, så trur eg at eg innsåg nokså raskt at løftet var i overkant stort.

Vel heime att var det kjøttkaker og ertestuing til sundagsmiddag, og eg dikta historiar om fattige og sjuke barn, helst i Afrika, for det var ekstra dramatisk, som bad til Gud og fekk alle sine problem løyste før dei rakk å seia amen. Av og til lurer eg på om nokre menneske er fødde med eit litt ekstra stort rom for indre religiøsitet. I så fall trur eg eg må ha vore eitt av dei, for eg kom ikkje frå ein familie som var spesielt opptekne av slike ting.

Då me flytta til Ålgård, var heldigvis foreldra til Grethe Iren, nabojenta vår, baptistar slik at eg fekk slenga meg med på sundagsskule i baptistkyrkja. Der gjekk forresten nesten alle barn frå Ålgård trur eg, sjølv om nokon gjekk på sundagsskule på Bethel og. Etterkvart fekk baptistmenigheten ein eigen buss som dei reiste rundt med og henta barn frå heile Ålgård, slik at alle fekk koma på sundagsskulen. Slik eg hugsar det var me hundrevis av barn som først sat samla på stolar og benkjer nede, og så «gjekk i klassane». Då gjekk me i aldersskilde grupper og hadde kvar vår lærar. Tante Anny, ja ho heitte faktisk det ho på Ålgård og, men denne var eldre, brukte hatt og hadde med seg mor si, leia samlinga nede. Me song dei same songane som på sundagsskulen på Bryne, så der var eg på heimebane. «Min båt er så liten», «Gud vil jeg skal være et solskinnsbarn», «Jeg vet en deilig have» og «Vær forsiktig lille øye hva du ser».

Det var forresten ein song der som eg sleit med å forstå innhaldet av:
«Å, jeg er så glad,
å jeg er så glad.
Tenk at jeg har visshet om at jeg er frelst i dag.
Det er ingen innbildning, nei det er evig sant,
dertil har jeg fått Den hellig ånd til pant!»

Det med å vera glad var greitt nok, men «»visshet om at jeg er frelst i dag», og «dertil har jeg fått Den hellig ånd som pant», nei det var som gresk for meg, og eg måtte jo forstå kva eg song. Eg forstod at her måtte eg gå rett til kjelda som kunne ha greie på slikt og spurde Ruth Irene, mor til Grete Iren ein gong eg var inne hos dei. Ho prøvde å fortelja meg kva visshet om å vera frelst betydde, men det var vanskelege greier. Då me kom til «Den hellig ånd til pant» smilte ho oppgitt og oppmuntrande og sa at eg kom til å forstå det når eg vart vaksen.

Eg tenkte ikkje over det då, men nå er eg mektig imponert over det sundagsskulekorpset som baptistmenigheten Emmaus klarte å stilla med. Dei må ha vore usedvanleg opptekne av barne- og ungdomsarbeid. Store deler av menigheten må ha stilt kvar sundag klokka ti og hatt «klassar», køyrd bussen, og så vidare. Takk til Anni og «u mor», Olga Skurve, Kari og Finn Matre, Gjermund, pastorane, Konrad Øhrn, som eg hugsar fordi han ein gong sa til oss at han var så «stolt over klassen!» Godt jobba heile gjengen. Dokker gav himmel over hovuda til ungane på Ålgård. Både Kari og Finn og Olga bad oss heim på kveldstid og. Hos Olga fekk me saft og skiver, og hos Kari og Finn fekk me pølser, potetgull og trøffelsjokolade. Stor stas!

Og ja, eg innser når eg skriv dette at eg er oppvaksen midt i bibelbeltet i ei veldig kristeleg tid. Eg let meg framleis forbausa når vaksne folk blir intervjua på gata og ikkje veit korfor me har fri på Langfredag. Takka vera naboar og andre vaksne fekk eg og ein veldig eukumenisk oppvekst med Yngres på Saron, Junior i baptistkyrkja, Misjonskyrkja med tante Solfrid og onkel Åge og adventistkyrkja saman med familien til Sissel. Så var det farfar som av og til tok meg med i den kyrkja eg vart døypt inn i som liten og har forblitt i. Farfar hadde ein høg og fin songstemme, og når eg syng eit par av salmane våre synest eg framleis eg høyrer stemmen hans på sida av meg: «I jubelkor de priser Herren stor» og «Eg veit i himmelrik ei borg, ho skin som soli klåre…»

Seksten år gammal fekk eg prøva meg som sundagsskulelærar i lag med Torhild som var femten. Eg forstår nesten ikkje at me fekk tilliten til å ha desse samlingane heilt aleine. Og sidan har eg hatt sansen for sundagsskule og vore i veldig mange år med pausar sånn av og til. Sjølv var eg så heldig at eg gjekk der ytterst frivillig og med stor lærelyst, ungane mine var der nok ikkje heilt like frivillig, men eg håpar jo at dei fekk med seg noko fint likevel.

Nå er mange ringar slutta. Hella og Iben er med meg på sundagsskulen i kyrkja på sundagane. Av og til er dei hjelparar for mormor, men mange gonger er det andre som er lærarar. I kyrkjekjellaren, der sunddagsskulen er under preika, har dei aller fleste barna med seg foreldre eller besteforeldre, så det blir eit fint møtepunkt for fleire generasjonar. I dag var det rett og slett den gode gamle flanellograftavla som var framme. Det er nesten litt nostalgisk kvar gong det skjer, og for ungane er det annleis og eksotisk i forhold til skjerm. Passande nok song me og gamle gode «Min båt er så liten». Nokre av dei andre er nok utgått på data…

Eg har framleis eit varmt hjarte for sundagsskulen. Bibelforteljingane er dei same, sjølv om me har lagt vekk frammøtekort med gullfiskar i garn og raude eple på epletre. Opplegget vårt går mykje i forming, dramatisering og leik i forhold til det eg hugsar for seksti år sidan. Eg blir litt imponert ved tanken på at då kom barna i store flokkar utan fylgje av vaksne, og så vidt eg kan hugsa var det dei same vaksne som stod på kvar einaste sundag i år etter år.

Same korleis ein ser på bibelhistoriane, så er dei ein stor del av kulturarven vår, og eg er glad for å vera med og bera dei vidare til nye generasjonar barn. Eg reknar med at nokon ser på sundagsskulen som nokså motlulturelle greier. I og for seg er det ikkje noko gale i det motkulturelle. Det er mykje spennande å finna om ein går motstraums av og til.

Om morgonen veit eg aldri kva eg skal skriva om i maibloggar og adventbloggar. Det dukkar opp i løpet av dagen, og nokre gonger veit eg det ikkje før eg set meg ned like før midnatt. Det er med andre ord ein spennande sport å skriva blogg. I dag vart det klart for meg nokså tidleg at dagens tekst måtte handla om mitt gamle kjærleiksforhold til sundagsskulen…

Nå skal eg røra saman ei kanelkake til open kyrkjekafé som skal vera klokka 18.00 i kjellarstova i kyrkja. Det er eit lågterskeltilbod til alle som har lyst til å drikka ein kopp kaffi og slå av ein prat i godt selskap. Velkomen.

Heidi

Bilde

Tredje dagen i mai

Kva skal eg gripa fatt i og leggja til skue på fruktfatet mitt i dag, mon tru? Eg har akkurat logga meg inn og fått registrert eit førsteutkast av eit blogginnlegg beståande av overskrift og ein fin benk der ein kan setja seg ned i vårsola og nyta livet. På den måten klarte eg å få dagen, som akkurat runda midnatt inn på rett dato. Eit greitt triks for slike som meg som av og til blir springande litt bak den opprinnelige timeplanen. Nå kan eg skriva vidare i fred og ro utan å sjå på klokka.

Ute lyset kirsebærtreet kvitt i mainatta med litt hjelp frå lyset i gatelyktene. Eg har for ein gongs skuld laga meg ein kopp ingefærte med sitron og honning, Sunniva kjøpte pakken sist ho var heime fordi ho hosta og hadde litt vondt i halsen.

Dagen har vore god, deler av huset er blitt rydda og vaska til noko som nærmar seg norsk standard. Til husarbeid pleier eg å høyra radio, men i det siste har det blitt mykje podcast. Eg anbefalar podcastane «og» og «Kulturmisjonen» ,laga av Aeropagos, og «Sökerna» som er ein svensk litt liknande sådanne. «Sökerna» handlar om det å vera på andeleg søken, og i kvar episode får ein utvald person fortelja frå si eiga reise gjennom tvil og tru og søken, og om dei store spørsmåla i livet. Dei intervjua kan vera menneske med ulike former for kristen forankring, agnostikarar, muslimar, buddhistar og så vidare. Slike spørsmål.har alltid interessert meg, og eg synest det er fint å lytta til personlege historiar som loddar djupt under overflata på kva det vil seia å vera menneske. Det er spennande å høyra at andre har erfaringar som liknar på mine eigne eller å prøva å forstå kor utruleg ulikt me kan oppleva det å leva. Desse podcastane er med dette anbefalte.

Ein litt større del av dagen enn berekna har gått med på å ferdigstilla boka frå skriveelevane i kulturskulen i lag med kunstfsgseksjonen. 120 elevtekstar på til saman nesten 20 000 ord er nå retta og ligg klare til trykking. Boka skal få namnet «Det ingen visste».

Som alltid er eg både stolt og imponert over det elevane mine, som går i frå femte til niande klasse, har fått til å laga. Barn og ungdom har ofte ein forfriskande og nyskapende måte å formulere seg på. Eg trur det er litt som med barneteikningar, ein kunne ikkje fått til akkurat det same fem år seinare sjølv om ein prøvde.

Dette redaksjonsarbeidet er eit stort og omfattande arbeid eg har gjort kvar vår i mange år. Det som er ekstra fint nå er at me får sett tekstane saman med kreative biletuttrykk frå kunstfagelevane. Denne våren har eg denne rare kjensla av noko som går på sida av meg og kviskrar at nå er det siste gong du gjer dette… Det er litt vemodig og litt befriende, og det gjer kanskje at eg i år synest det er ekstra viktig at resultatet skal bli bra.

Ein tur ut i sol og vind vart det til slutt tid til i kveldinga, og eg kunne konstatere at nå er det endå grønare og frodigare ute enn det var sist helg. Seinare har eg kost meg med finalen i Stjernekamp, heimelaga pizza, lesing av tidebøner, tjue stille minutt og ein dokumentar om det irske TV-programmet «Housewife of the year», som faktisk var ein årleg konkurranse til langt ut på 90-talet. Utan minste fnugg av sjølvironi kan eg roleg konstatere at det var ein konkurranse der eg ville ha vore fullstendig sjanselaus.

Heidi