Gå til innhald

Siste dagen i Taizé

Det har vore ein fin og litt vemodig dag fordi det for denne gongen har vore siste dagen av noko veldig fint. Etter ein varm og fin gruppesamtale med gruppa vår, middagsbøn og lunsj, reiste me ein tur til Cluny der me spaserte litt i gatene, drakk kaffi på ein fortausrestaurant, besøkte den gamle kyrkja der, fotograferte litt og åt lunsj.

I føremiddag såg eg ei dame gå forbi.Eg tenkte, er det Kari Veiteberg, eller er det bare ei som liknar? Det viste seg å vera Kari. Eg kjenner henne litt frå før, og det var kjempekoseleg å møtast igjen. Ikkje minst var det veldig deilig å snakka norsk. Nå har eg konsentrert meg så mykje om å finna ord og formuleringer på andre språk at det vart som eit sosialt friminutt

Me gjekk på ei utstilling i lag som ein av brødrene hadde laga om medisinske urter med bilete og lyrikk til. Kari kjende han godt frå før, så eg fekk og litt omvisning i lag med henne. Det er så fint både å sjå og høyra om denne plassen. Kari fortalde broderen at eg skreiv salmar og han spurde smilande om eg hadde lyst til å spela piano inne i utstillingslokalet mens folk såg på utstillinga. Det er synd med alle spennande oppdrag eg av naturlege grunnar må takka høfleg nei til… Me fekk servert varm te av mynte og skal av kakaobønner. Det smakte nydeleg. Smaken minna om after eight. I klosterhagar har det frå gammalt av blitt dyrka urter til medisinsk bruk. Me kunne få smaka på ein del av desse, og lesa om korleis dei tradisjonelt var blitt brukte til å kurere små og store plager

På kveldsgudstenesta fekk alle utdelt eit tynt stearinlys. På eit gitt tidspunkt skulle lysa tennast. Dei som kjenner meg godt veit at eg er villt begeistra for levande lys og sørgjer over at dei av sikkerhetsgrunnar nesten er erstatta av dårlege etterlikningar med batteri. Det gleda mitt hjarte å høyra at kvar fredag får alle i kyrkja eit lys som skal brenna under bøna.

i kyrkja her er det ikkje stolar, folk sit på golvet, i trapper og på bønneskamlar. Ved inngangen får ein utdelt songbok og diverse lausark, så å få organisert det å setja seg ned på ein nokonlunde komfortabel måte og halda styr på eigendelar, ytterjakke, sangbok og lausark kan vera utfordrande for kaotikarar som meg. Eg prøver å få sett meg i ei trapp for å få eit minimum av ryggstøtte. Eg oppdaga at eg ikkje fann lyset mitt, og vart lettare fortvila. Heldigvis klarte eg rota det fram. Eg sat med det i handa for å vita kor det var. Uheldigvis kom det borti sidemannen og brakk då eg skulle leita fram ein song i songheftet…

På eit gitt tidspunkt fekk to barn med litt assistanse frå ein av brødrene gå fram og tenna sine lys på det store Kristuslyset. Så gjekk dei ned og delte flammane sine med.andre. Etter.at alle hadde fått og delt eld lyste hundrevis av små lys opp det store rommet. Heldigvis gjekk det an å halda det brukne lyset mitt slik at det og kunne lysa klart og lenge…

Me har pakka og gjort.det meste klart til avreise i morgon. Då skal me køyra langt og lenge. Heldigvis er me blitt fortald at på sundagar er det ikkje lov å kjøra trailarar på dei store vegane i Tyskland. Det vil gjera turen lettare.

Me har teke farvel med mange og sagt at dei er.velkomne til å besøkja oss i Norge. Fleire har sagt dei har lyst til å koma, så kven veit…

Heidi

Fredag i Taizé

Som det ofte er på reise, går dagane fortare og fortare. Tema for dagen var liding og det å handtera ei verd med så mykje vanskeleg. Korleis skal me med Guds hjelp klara å halda håpet oppe?

I tillegg til bibeltekstgjennomgåing, diskusjon i smågrupper og dei tre bønnetidene i kyrkja, var alle oppfordra til å bruka tid aleine og ha ein time i taushet for å tenkja. Eg sette meg i landsbykyrkja for å skriva litt i stilla. Det var det to andre og som gjorde. Når det sit tre personar saman heilt stille i ei lita gammal steinkyrkje er det utruleg kor mykje lyd heilt rolege ting lagar. Å mista ein kulepenn på golvet er eit skikkeleg smell, og det å ta på seg ein regnjakke bråkar så mykje at ein helst burde gjort det ute. Lunsjen i dag var og eit måltid i stille der det ikkje var lov å snakka saman.

Etter mat gjekk dei fleste i samtalegruppa mi ein spasertur til nabolandsbyen. Der var det marknad med sal av grønsaker, heimebakte brød, honning, franske oster, vin og ein lokal variant av fish and chips…

Det var ein veldig triveleg tur, og veldig fint å ha ein slik aktivitet saman og. Det er litt synd å reisa frå alle desse menneska ein begynner å bli ganske godt kjend med

l kveld begynte kveldsbøna i kyrkja med ein halvtimes stille bøn om fred i verda, og spesielt for befolkninga i Ukraina, Gaza og Myanmar. Det kjendest som ein fin ting å få vera ein del av.

Heidi

Torsdag i Taizé

Biletet over er frå den gamle landsbykyrkja i Taizé. Glasmaleriet er laga av Frêre Eric, ein av brørne frå Taizé kommuniteten som ikkje lever lenger. Eg liker denne framstillinga av Frans av Assisi så godt. Eg kjøpte ein plakat med dette motivet første gongen me var i Taizé. Dessverre vart han øydelagd etter kvart, så nå har eg kjøpt ein ny…

I denne kyrkja, som ligg nede i sjølve landsbyen, sat eg litt i dag med penn og skrivebok. Delvis sat eg der aleine, men det kom inn menneske nå og då for å be eller for å sjå på den gamle kyrkja. Eg liker å sitja i kyrkjer å skriva, og eg liker å sitja på kafé eller på eit bibliotek med skriveboka. Av og til er det fint å vera midt i livet og bare sjå kva som skjer.

Det er seint på kvelden, og eg er trøytt og litt ør i hovudet etter mange spennande menneskemøte. Eg har høyrd mange historier, og i mange av dei er det mykje sorg og frustrasjon. Eg blir merksam på kor priviligert eg har sjølv har vore. Det går og opp for meg kor tøff etterkrigstida var i Tyskland. Sjølv mange av dei i min generasjon som er fødde meir enn femten år etter krigen, har opplevd mykje etterkrigsfrustrasjon og foreldre som har hatt det vanskeleg. I min barndom høyrde me om dei vanskelege krigsåra og om norske heltar. Kva menneska i Tyskland opplevde etterpå høyrde ikkje med i våre historiar. Desse siste dagane har eg høyrd historiar både frå menneske som vaks opp i DDR og BRD… Eg innser kor skjerma, trygg og priviligert barndom eg hadde på Ålgård og på Bryne på 60- og 70-talet.

Eg har og møtt mange kreative menneske, og til og med fått ei CD-plate og tekstar frå ein eg møtte som har vore både prest og lekbroder, og som nå er forfattar og visesongar. Det er spennande.

Det at så å seia all samtale må foregå på tysk eller engelsk, og til og med bittelitt på min særdeles vaklande fransk, gjer det litt meir energikrevande å snakka med folk. Eg ville gjerne ha vist nokre av dei litt av det eg har skrive, men eg kan ikkje skryta av omsetjingar til verdsspråka. Eg veit ikkje om eg stolar på Google translate, dersom då Google translate i det heile tatt forstår nynorsk…

Her er me, det vil seia eg og Leif, minoriteten, dei einaste norske. I dag blei eg spurd om kva slags tradisjonsmat ein absolutt bør smaka om ein kjem til Norge. Det var vanskelegare enn eg hadde trudd å forklara lefser, komler og rømmegraut på tysk. Til slutt kom eg på at eg kunne visa bilete på der Handy, som mobil viser seg å heita på tysk… Det ordet fantest ikkje då eg sat i tysktimane til Bergeland.

Nå får eg ta kvelden. Dagane her er lange og intense. Det å ta tidleg kveld for å få nok søvn har aldri vore min styrke…

Heidi

Taizé onsdag

Det var litt surrealistisk å vakna i eit fredeleg kloster i Frankrike og sjekka morgon-nytt frå Norge for å finna ut at granatar hadde eksplodert på Bislett, og at flytrafikk var omdirigert på grunn av droner i luftromet. Nå viste det seg vel at dette heldigvis ikkje var fullt så gale som ein først kunne få inntrykk av gjennom overskriftene. Me lever i ein merkeleg verden.

Me begynner å venna oss til vår veldig midlertidige verden. Akkurat nå er det rutineprega at ein under frokosten snakkar sånn ca tre forskjellige språk alt etter kven ein seier noko til. Heilt normalt er det og å sitja på ein litt vaklevorne benk under måltidet, og ikkje minst at frokosten består av eit kvitt rundstykke med smør og to smale striper kokesjokolade i tillegg til halvlunka pulverkaffi drukken frå ei plastskål. Det er faktisk ein veldig hyggeleg måte å halda frokost på.

Me hever heller ikkje augnebryna når ei nonne med flagrande hodeslør kjem syklande nedover bakkane på ein sammenleggbar sykkel for å rekka ei av bønnetidene.

I dag tok me oss ein tur ut av klosteret for å sjå nærare på omgivelsane her i Bourgogne. Mitt hovudærend på sida av å sjå og fotografera, var å få tak i ullgarn. Eg har strikka opp alt eg hadde med meg, og det ville vore misbruk av god strikketid å ikkje ha noko mellom hendene.

Me fann ein liten by der me klarte å finna vegen til ein garnbutikk. Den søte ekspeditrisa sa litt fortvila at ho snakka veldig lite engelsk. Eg sa at eg snakka un petit, petit peut frances. Då vart ho overlukkeleg og på omtrent like vaklande fransk og engelsk kunne finna omtrent det eg leita etter i den langt i frå sjølbetente butikken. Det var vanskeleg å finna reint ullgarn, men me klarte det.I etterkant angrar eg på at eg kanskje burde kjøpt meir. Etterpå vandra me litt meir i gatene og drakk cappuccino og cafelatte på ein liten fortauskafé. Akkurat då var det faktisk solgløtt.

I kyrkja prøver me å setja oss framfor søte og smilande tyske Simone, for ho syng så vakkert at det går ilingar nedover ryggen på ein. Fleire av munkane har og nydelege stemmer når dei syng soloparti eller legg overstemmane med ein litt annan tekst oppå det som frå før av er firstemd song.

I dag telde eg 44 munkar. Nokre av dei er blitt gamle menn, men det er og nokre veldig unge som ser ut til å vera på alder med sønene mine eller kanskje yngre, og den yngste nonna som er her på retreat kan godt vera i tjueåra. Det er interessant at så unge menneske framleis kan finna på å velja denne måten å leva på.

Brørne her har bare kvite kutter under bønene, resten av dagen går dei i sivil og bidreg med ulike former for praktisk arbeid. Mange av dei kjenner eg nok ikkje att når eg ser dei gå forbi i dongeribukse og genser. Eg lurer forresten på om min kollega Trond Arild veit at han har ein dobbelgjengar som er munk i Tazé. Det må eg nok informera han om, for det ville overraska meg om han alt var klar over det… Dessverre er det ikkje lov å fotografera inne i kyrkja, så eg kan ikkje koma med bildebevis.

Heidi

Tysdag i Taizé

Nå har me vore her i to og ein halv dag, og begynner å falla på plass i rytmen. Dette er ein god plass å vera. Eg får som alltid lyst til å finna ut meir, læra meg meir fransk, som jo på ein måte er språket her, og eg får lyst til å trenga djupare inn i denne måten å leva på og å bli kjend med «die Brudern/les freres/the brothers», som munkane blir kalla.

I ettermiddag såg me ein dokumentarfilm om korleis denne kommuniteten har utvikla seg, og fungerer, det var veldig interessant. Den engelske tittelen var «Taizé, a global village». Det er nok rett at dette må vera eit av dei mest globale treffpunkta. Hit kjem menneske frå veldig mange ulike nasjonalitetar, og hit kjem unge volontørar frå sånn omtrent heile verda for å vera frivillige medarbeidarar i ein periode. Slike treffpunkt spesielt retta mot ungdom med fokus på kristent økumenisk arbeid, slik at kyrkjene kan stå saman i arbeidet for fred og forsoning, trur eg ikkje kan undervurderast.

Eg har vore med i samtalegrupper i tre timar i dag, og det har vore spennande. Det er litt utfordrande å få til spissformuleringar og djupe filosofiske samtalar på tysk, men eg trur eg har godt av å måtta kjempa litt med språket. Som ei dame på gruppa sa: «Når ein er her er det så deilig å vera i denne bobla at ein eigentleg ikkje ein gong vil forlata ho for å gå inn i ein vanleg butikk og kjøpa noko ein treng.»

Dette kjenner eg igjen frå Korsveifestivalane. Det er så godt å kunna synka inn i dette alternative tilveret for ei lita stund. I morgon ettermiddag har me likevel lyst til å bryta ut litt og ta ein ekskursjon ut og oppdaga det franske bondelandet me nå er ein geografisk del av, og kanskje finna oss ein småby og sjå oss litt om. På heimvegen til Bryne skal me kjøra veldig lange strekninger på kort tid, så då blir det strake vegen på travle «Autobahnen», og små sjansar til å sjå seg om.

På kveldsbønene her blir det lese og sunge bøner på ulike språk. Til mi overrasking vart det plutseleg lese ei bøn på norsk. Det var tydeleg at den som las opp ikkje sjølv snakka språket veldig godt. Likevel vart det sterkt at det i denne store forsamlinga vart lese ei bøn som kanskje tre personar forstod… I tillegg til oss er.det ein svenske her…

På same måte begynte den svært songsterke forsamlinga å synga ein song eg ikkje kjende til. Mens eg leita opp rett nummer lurde eg på kva språk dette var, for eg kjende det ikkje igjen. Det viste seg å vera ein svensk song, men med songen rundt meg med engelsk, nederlandsk, tysk, polsk og kinesisk aksent, så hadde eg ikkje vore i stand til å gjenkjenne orda før eg såg dei.på trykk.

Den setningen som har gjort sterkast inntrykk på meg i dag er ein setning tyske Astrid sa på bibeltimen i dag. «I can see your face!» «Ich kann dein Gesicht sehen!»

Kva betyr det ikkje for livet og framtida at me vågar å visa kvarandre ansiktet, tenkjer eg. Kva gjer det med meg at eg vågar å sjå eit menneskeansikt og ikkje ei maske eller i verste fall eit demonisert fiendeansikt? Dette kjenner eg at eg må tenkja meir på og skriva meir om.

Heidi

Måndag i Taizé

I dag regna det endå meir enn i går. Det var til og med flomvarsel på yr. Eg er lukkeleg over at me ikkje ligg i telt slik nokon her gjer, og veldig glad for å ha med ullgenser, strikkekofte og regntøy, i dag har eg hatt bruk for alle tre laga samtidig.

Heldigvis har me ein viss kompetanse i å forhalda oss til regn, og heldigvis er me ikkje her for å sola oss, så dagen har vore kjempefin likevel. Eg er jo ein nybegynnar i Taizé, så det er mange inntrykk og rutinar som ein skal venna seg til. Tre gonger kvar dag samlast alle i kyrkja til henholdsvis morgonbøn, middagsbøn og kveldsbøn. Dei rundt førti munkane sit i midten og me andre rundt på begge sider og bak. Det er skikkeleg flott firstemd song, og det blir lese bibeltekstar og.bøner på ulike språk. Dei som ønskjer det kan vera igjen etterpå og få ein samtale med ein av munkane. Det er og med nokre nonner frå eit kloster i nærleiken, og dei kan ein og få samtale med.

Dei tre måltida, frokost, lunsj og middag et ein ute under eit telttak. Klokka fem er det «te». Då får dei som vil ein kopp frukt- te og ein kjeks og kan setja seg på benkene ute eller i eit telt for å bli kjend med nokon.

Klokka ti er det bibeltime. Den blir halden på engelsk og tolka til tysk. Dei som gjerne vil ha det tolka til andre språk kan setja seg saman med dei som snakkar same språk og få hjelp av dei. Etter bibeltimen er.me inndelte i grupper som skal snakka om teksten og om livet og livserfaringar. Det er spennande. Folk er opne og deler med seg på ein raus måte. På vår gruppe vart gruppespråket tysk, for det var det språket alle på.gruppa kunne kommunisera på. Etter å ha fått varma opp tysken i nokre dagar går det heilt fint.

Gruppa vår skal møtast etter avtale ein eller to gonger kvar dag så lenge opphaldet varer. Det gleder eg meg til, for i ei så internasjonal gruppe er det mange ulike livserfaringar. Etter ein dag her har eg forstått at mange har ein djup kjærleik til Taizé og kjem tilbake år etter år. Nokre seier at vekene her er dei viktigste vekene i livet deira.

Kvar gruppe får og ein dugnadsoppgåve. Vår er å dela ut middag, og det er veldig overkommeleg. Som ein kan sjå skjer det ganske mykje på ein dag, og ein skal helst få med seg det meste. Det eg droppa i dag var ei messe klokka kvart over sju om morgonen og songøving med ein italiensk songlærar det ein øver inn Taizésongane firstemd.

Pausen brukte eg til å skriva. Me har og rukke å ta ein bitteliten tur ned i landsbyen Taizé, ein bitteliten gammal fransk landsby som lever side om side med klosteret. Det er veldig vakkert der. Me har planlagd å ta nokre avstikkar ut til nabolandsbyane for å få sett litt av det området me bur i akkurat nå.

Kva som har gjort størst inntrykk på meg i dag? Eg trur bestemt det må vera menneskemøta og i tillegg atmosfæren i kyrkja når hundrevis av menneske sit heilt rolege og konsentrerte i stille bøn.

Heidi

Vel framme i Taizé

Etter to varme sommerdagar i Aachen vart det plutseleg haust i dag. Temperaturen sokk ca 15 grader i løpet av natta, og i dag har me køyrd i 9 timar i pøsregn, først innom Belgia og Luxembourg, og så gjennom Frankrike. Den siste timen tok me av hovudvegen og køyrde gjennom franske landsbyer og område med rustikke hus og gardar.

Då me kom fram,bæ vart eg utruleg glad og letta då eg oppdaga at me hadde fått eit lite rom med to senger og skrivebord, og med dusj og do rett utanfor på gangen. Eg var innstilt på at eg like sannsynleg kunne fått tildelt ei overkøye i ein sovesal, noko eg er bortskjemt og utakknemleg nok til å sjå litt mørkt på… Eg må innrømma at eg fekk eit skikkeleg gledes- og takknemlegheitskick av å sleppa unna, sjølv om det sikkert hadde gått bra det og… Nå kan me trekka oss unna viss me treng ein pause, sitja på rommet og skriva eller lesa, og ha tak over hovudet i høljeregn.

Nokon hadde til og med plukka ein kvast blomar og sett fram eit eple, kjeks og sjokolade… Skikkeleg luksus.

Etter ankomst var det kveldsmat. Ein står først i kø, og alle får utdelt same rasjonen med mat. I dag var det varm buljong i ei suppeskål av plast, brød, to stykker loff med innebakt leverpostei, eit lite beger bananyoghurt, to små kjeks og ei plomme… Det var og ein kø for dei som ville ha det vegansk. Dei fleste dagane her er vegetariske, kanskje sundagen er fast kjøtdag sidan me fekk leverpostei?

Ein sit på trebenker og et rundt ganske lange bord under eit partyteltliknande tak. Me åt saman med veldig trivelege folk: ei kinesisk dame som bur i New York, ein tysk katolsk diakon, ei fransk dame og ei tysk dame som kom hit nestan kvart år enten i mai eller september. Dei «vaksne», det vil seia dei som er frå 35 år og oppover,nhar sin eigen plass for måltid, samtalegrupper og anna opplegg, majoriteten av dei som kjem hit er ungdomar frå 17-18 år og oppover.

Så var det kveldsbøn i kyrkja. Det er romet på det øverste biletet. Eigentleg skal ein ikkje fotografera der, men me var der veldig tidleg, så eg tok sjansen på å ta eit bilete inn gjennom døra slik at eg får vist korleis det er der. I kyrkjeromet skal det vera stille. Folk sit på golvet, på bønneskamlar, i trappene eller på benkjer langsmed veggane. Munkane sit i midten og har på seg kvite liturgiske kappar med hette. Dette er ein økumenisk kommunitet med brør frå både katolske, evangeliske og anglikanske kyrkjer og frå veldig mange ulike land.

Eg må innrømma at det var litt interessant å sjå folk prøva å finna gode stillingar på bøneskamlane. Nokre gav opp og sette seg på golvet i staden, og ein person datt rett og slett av. Eg hadde ikkje behov for å prøva ein gong, og sette meg i ei trapp for å få eit minimum av ryggstøtte.

Kveldsbøna var ei fin blanding av Taizésongar på ulike språk, bibeltekster lese opp på ulike språk og stille bøn. Nokre av munkane spelte til songen på orgel, elpiano og gitar, og noko vart sunge a capella. Eg hugsar den gode roa i kyrkja frå sist eg var her for lenge sidan, eg hugsar og ikona og alle dei brennande lysa. På gangen såg eg at to gonger i veka kan ein koma inn i kyrkja til ein halvtime med stille bøn for fred.

Min medreisande mann seier at eg kanskje burde venta litt med å skriva så mykje frå Taizé, slik at eg først får erfart litt meir for å danna meg eit djupare inntrykk. Då seier eg at eg ville formidla eit førsteinntrykk, og at eit førsteinntrykk må vera ferskt levert før eg får eller mistar fordomar og det friske blikket. Meir kjem nok etterkvart.

Heidi

Septemberlaurdag i Aachen

Desse glade musikantene møtte me i dag morges på den korte spaserturen ned til sentrum. Me har hatt ein veldig fin dag saman med Siri og familien. Det var utruleg fint å bli litt kjend med dei to smågutane på fem år som kom syklande på kvar sin tohjulssykkel. Dei vart ganske fort fortrulege og mot slutten av dagen var me «Tante Heidi und onkel Leif». Me har vore ute mesteparten av dagen og veret har vore varmt og deilig. Aachen er verkeleg ein nydeleg by, hit kjem eg gjerne tilbake.

I morgon går turen vidare til Frankrike. Det er nesten litt synd nå når eg endeleg begynner å få swung på tysken. Å henta fram skulefransken blir nok bortimot umogleg, er eg stygt redd. Beklagar, lektor Meling. To år med eit fag er litt for lite.

Nå blir det nok begrensa kor mykje me treng å snakka fransk, for me skal jo i kloster, og i Taizé er det nok like bra å kunna engelsk som å kunna fransk. I dag har det gått opp for meg at sovesal for kvinner nok er eit meir sannsynleg overnattingsalternativ enn at me får eit rom i lag. Ein får håpa på det beste, eg har i alle fall eit veldig klart håp om.å slippa unna å bli plassert i ei overkøye…

Me får ta det som det kjem. Det blir spennande. Leif har vore der to gonger utan meg og vore veldig entusiastisk. Me var der ein gong saman då Odd Christian var sånn omtrent to år, og det begynner jo å bli ei stund sidan. Eg stiller med eit relativt ope sinn, og håpar det blir fint

Heidi

Aachen

Nå sit eg i ei steintrapp på eit torg i Aachen der det er septembermarknad med ulike salgsboder, pariserhjul og karusellar for barn.

Besøket i Mönchengladbach vart kjempefint. Det var så fint å sjå igjen Regina og Dirk, og dei 36 åra sidan sist me møttest betydde ingenting. Først sat me lenge på verandaen i nydeleg seinsommarsol og drakk kaffi. Etterpå gjekk me inn og åt veldig god Zwiebelkuchen, ein slags løkpai som er ein lokal spesialitet. Om eg klarte å vera taus og lyttande i samtalane på tysk?…

Nei, eg snakka i veg på mitt litt rustne og vaklande tysk, og oppdaga at vokabularet etterkvart vart reaktivert. Sjølv om eg måtte leita litt etter ord, og observerte sjølv at eg snubla litt i grammatikken, så er det ei fin oppleving å oppdaga at eg framleis forstår godt eit språk eg bruker veldig sjeldan. Det er heilt sikkert oppdragande å av og til vera den personen som ikkje alltid veit heilt korleis ein skal formulera seg for å få sagt det ein vil.

Eg må innrømma at eg sende ein takknemleg tanke til min gamle tysklærar Jakob Bergeland som lærde oss Ålgårdselevar så mykje tysk at me nesten kunne briljera litt då me kom til Sandnes vidaregåande. Der hadde eg tre nye år med tysk, så eg har då lært litt, men eg får brukt språket alt for sjeldan.

Etter frokost i dag reiste Regina saman med oss til Aachen og ho og ei herbuande venninne viste oss litt rundt. Etterpå har me vore i domen her på guida omvisning. Det er ei av dei finaste kyrkjene eg har vore inne i. Veret er fantastisk. 27 grader klokka seks om ettermiddagen er ikkje verst meir enn halvvegs i september. Nå skal me vandra litt i gatene og kanskje smaka på lokale spesialiteter. I morgon skal me møta niese Siri som bur her med ektemake og tvillinggutar på fem. Eg har ikkje møtt barna hennar før, så det blir stor stas.

Heidi

Unterwegs…

«Windig!» sa den eine tysktalande turisten til den andre då ho hadde sjekka vermeldinga på mobilen etter at me hadde borda danskebåten i Risavika. «Tre meter bølgehøjde, og måske lidt gyngende», sa den danske kapteinen over høgtalaranlegget minuttet etter. Katastrofetenkjar som eg er, særleg når det gjeld fly og store båtar, førebudde eg meg på det verste. Uroa vart heldigvis gjort til skamme, turen gikk riktig bra

Så var me plutseleg i Danmark. Dit er det alltid godt å koma. Det er alltid fint å kjøra frå havneområdet og sjå koselege danske hus og landskap.

Då Leif var i Taizé i fjor, blei han kjend med Flemming, ein koseleg danske frå Ikast. Leif hadde sagt at me køyrde forbi og han inviterte oss på lunsj heime hos seg. Dansk rugbrød og ulike typar danske rundstykke, lun leverpostei rett frå produsenten og dansk ost og smør smakte nydeleg. Så fint at ein kan plukka opp nye venner undervegs sjølv om ein har bikka dei seksti.

På tyske Autobahnar er eg sjeleglad for å sleppa å vera sjåføren. Eg blir ein slags medsjåfør som gir «gode råd», gjer merksam på trailarar som blinkar og kanskje har tenkt å skifta fil, og andre skumle sakar som kan skje… Siste biten før me overnatta utanfor Bremen stressa eg litt ekstra for då regna det og var mørkt. Merkeleg nok driv dei her på med åttefelts motorvegar utan annan belysning enn billyktene. Men heldigvis kom me trygt fram, og har bestemt oss for å så langt me kan transportera oss sjølve dit me skal før natta fell på.

Me overnatta i det som må vera den nye varianten av campinghytter. Ein kjempestort og nytt «hotellrom» med kjøkkenkrok, sofa, TV og stort bad i eit ubetjent kompleks der ein logga seg sjølv inn med ein kode. Me stussa først på at det kjempestore badet med do og dusj utan forheng hadde store vindauge ut frå romet vårt i andre etasje der det ikkje var nokon form for gardiner… Det viste seg etterkvart at ein kunne trykka på ein knapp, så kom det ei slags blendingspersienne ned som var heilt usynleg til ein trykte på knappen. Flaks at me oppdaga det og kunne dusja utan handkle rundt oss…

I dag har me kjørt vidare. Eg strikkar og passar på sjåføren mens me høyrer på lydbøker og podcastar. Nå har me vore og kjøpt solsikker, sjokolade og nøter som me skal ha med til Regina og Dirk som me skal møta i ettermiddag, og som me er inviterte til å overnatta hos. Regina er ei venninne av Leif frå då han budde eit år i Bonn på begynnelsen av syttitallet. På åttitallet møtte me dei fleire gonger, og ein sommar bytta me til og med hus og ferierte i kvarandre sine boligar.

Nå har me ikkje møtt dei på over tretti år, me har bare halde litt kontakt med julebrev og sporadiske meldingar på Facebook. Det blir som det av og til er på filmar at me plutseleg hoppar veldig langt fram i tid. Då skiftar dei ofte skodespelarar, men me er heldigvis dei same. Det var hos Dirk og Regina me først møtte tanken om berekraft og grøne verdiar. Før nokon hadde høyrd om søppelsortering i Norge praktiserte dei det mest intrikate sorteringssystemet eg har sett.

På den tida var tysken min ganske veltrimma, for me var ofte i Tyskland. Nå er eg heilt ute av trening, så i går måtte eg kjøpa meg eit tysk vekeblad og prøva å varma opp vokabularet litt. Kanskje Leif får oppleva å ha med seg ei taus og lyttande dame i sosialt samver i kveld. Det kan jo vera ei fin oppleving det og…

Heidi