Gå til innhald

Luke 16- 2024

https://www.facebook.com/watch/?v=10155414731701523

Ein dag måtte eg jo setja inn jærsk julevise…
Det passa i dag.

Heidi

Luke 15- 2024

Ei luke for alle som lengtar.

I dag har eg vore til sundagsmesse i den katolske kyrkja. Der fann eg desse skulpturane av menn me alle har høyrd om, men som me eigentleg veit lite om. Me veit ikkje om dei var kongar, stjernetydarar eller magikarar. Me veit strengt tatt ikkje om dei var tre ein gong. Dei dukkar opp frå me veit ikkje heilt kor, spelar ei rolle i historiane rundt Jesu fødsel og forsvinn igjen. Me veit ikkje kor dei vart av etterpå, og me veit ikkje i kva grad reisa dei la ut på prega liva deira seinare.

Desse mystiske personane har alltid interessert meg, og dei gjer det framleis. Dei seier meg noko om å lengta etter noko ein ikkje heilt veit kva det er, og det å våga å vera på veg mot noko ein trur er reisa verd utan å ha eit skikkeleg kart. Det seier meg og at det er farleg å definera for klart kven som er målgruppa for noko og farleg å prøva å definera alt for skarpt kor den rette vegen går og kven som er på han.

I dei siste åra har Leif blitt veldig glad i å gå i katolske kyrkjer, og av og til går me dit saman. Liturgiane og måtane å gjera ting på er akkurat så forskjellige at eg føler meg litt kyrkjeframand. Eg er ikkje heilt sikker på når ein skal stå, sitja eller knela og kva ord ein skal bruka som tilsvar. Det har eg veldig godt av å kjenna på. Eg har sikkert og godt av å kjenna den litt såre utanforskapen når ein kjem til nattverden, fordi eg veit at den katolske kyrkja ikkje godkjenner mi kyrkje i nattverdsspørsmålet. Ofte kjenner eg på at eg lengtar litt heim til mi eiga kyrkje, og det er og ein følelse eg trur er mest positiv.

Når dette er sagt, så var gudstenesten i dag veldig fin i ei julepynta kyrkje med fin song og musikk og gode ord. Masse tende lys og røykelse har eg i grunnen sansen for. Fire personar, ingen eg kjende, konverte i dag til den katolske læra. Dei måtte ein og ein seia at dei trudde på alt den katolske kyrkja trudde på, og at dei ville bli der resten av livet så sant dei kunne. Etterpå fekk dei velsigningar, forbøn og sin første katolske nattverd, og dei hadde kvar sin katolske fadder.

Konklusjonen på dagens tekst frå meg? Nei, eg veit ikkje om eg har nokon. Eg håpar at me alle kan sjå på kvarandre med interesse og med kjærlege auge og ynskja kvarandre god tur på vegane våre som kan kjennast meir eller mindre definerte og målretta.

Heidi

Luke 14-2024

Det finst visse ritual som foreldre og besteforeldre gjentek kvart år før det kan bli jul. Me knyter forkle på barna, gir dei kjevle og peparkakeformer, og så blir dei fotograferte for å visa idyllen i heimen…

Dette skjedde allereie i min barndom for meir enn femti år sidan. Eg hugsar at det var veldig kjekt, at deigen var veldig stor, og at me var ganske leie før me var ferdige. Eg har og minne både frå bardomen og barna mine sin barndom om at me nesten måtte skrapa golv og bord med kniv for å få alt reint etterpå, fordi kreativiteten auka etterkvart som ein blir litt lei av å trykkja ut med former.

På biletet kan me sjå ein relativt uregulert og lite militant variant av temaet kakemannbaking. I barndomen var det alltid kvite kakemenn og koner me laga, og det har eg fortsatt med parallelt med at peparkakene har innteke heimen, helst i form av ferdig deig frå ikea med eller utan palmeolje.

Seint i gårkveld laga eg ein kakemanndeig, eg dobla grunnoppskrifta, men det vart likevel ein relativt liten porsjon. Eg gledde meg til å få besøk av jentene i dag for å setja i gang. Begge to hadde pynta seg før dei kom, og gledde seg dei og. Tradisjonelt har dei blitt relativt fort leie, slik at det meste har eg måtta gjera sjølv, men i dag viste eldstejenta stor uthaldenheit og jobba i over to timar med baking og maling før ho hadde fått nok.

Då me skulle prøva ut deigen, sa eg at det var nok best eg kjevla, så kunne dei stikka ut. Sjuåringen såg på kjevlinga mi og gav beskjed om at «Du må kjevla tynnare, mommor, elle så blir kagene for tjokke!» Eg svara litt unnvikande at deigen var nok blitt litt hard. «Men du må gjera sånn, mommor, sa jentungen og kjevla ut ein deig som var både tynnare og større enn min. «Å så må du strekkja litt i deien ittepå, sånn så dette, så blir han ennå større!» Barnet må vera fødd med handverkargener som ikkje kjem via meg… Ho tilbydde seg å kjevla for minstejenta og, og det gav systera henne lov til…

Ambisjonsnivået sokk litt etterkvart, for til å begynna med hadde eldstejenta ein idé om at me kunne laga Hakkebakkeskogen sidan me hadde former til både bjørn og rev og pinnsvin og ulike storleikar av grantreformer. «Du høyre jo atte me trenge mange tre, mommor, dæ hette jo HakkebakkeSKOGEN.»
Sidan me hadde mummitrollformer og, kunne Mummidalen vera i enden av Hakkebakkeskogen. Etterkvart vart skogsprosjektet stille lagt til sides til fordel for vanlege kaker i boks. Veslesyster trekte fort inn til morfar for å sjå om dei kunne finna på noko litt mindre stilleståande enn baking.

Etter ei stund dukka onkel Odd Christian opp. Han hadde vore på julegavehandel og ville sjekka korleis det gjekk med kakebaksten. Han fekk vera med på å mala med fyrstikker og konditorfarge rundt bordet inne mens mormor fekk unna peparkakedelen aleine på kjøkkenet. Då det vart «Show» i stova med solosong og spotlight, gløymde me eit brett peparkaker i omnen som vart så brende at dei bare måtte kastast. Mormor var barnsleg nok til å synast det var litt trist at den einaste fine store hesten me hadde skulle bli brend, så den ligg i kakeboksen med litt mørkare farge enn andre lam, bjørnar og piggsvin. Det kan jo vera nokon liker ekstra godt steikte kaker…

Det fine med å gjera ting i lag er at me får god tid til å snakka og filosofera og synga. Luciasongane gjekk på repeat, det same gjorde julesongane frå koret, frå skulen og frå Jul i svingen. Etterpå fekk me tid til å teikna litt før mamma og pappa kom for å henta og smaka på baksten. Dagen vart koseleg og litt kaotisk. Når eg set i gang med prosjekt blir dei ofte større enn dei strengt tatt hadde tenkt å bli, og det blir alltid ein del å rydda etterpå. Det siste skjer når eg er heilt aleine om eit arbeid og, så eg skal ikkje leggja skulda på andre…

Mest av alt synest eg me er superheldige som har to av barnebarna våre «rett rundt svingen», og kan få så mykje tid som me gjer i lag med dei som me gjer. Eg veit kor fort ein barndom går, for eg har hatt ein sjølv, og barna mine har til saman hatt fire. At ungane mine er vaksne og ikkje ein gong ungdomar lenger, har langsamt gått opp for meg. At eg er i ferd med å nå pensjonsalder er endå vanskelegare å begripa. Det kjennest som om eg nokså nettopp var ung og nyutdanna og etterkvart småbarnsmor.

Det er godt livet fylgjer det me i pedagogikken kallar spiralprinsippet. Dette at me lærer meir og meir, men kjem tilbake til den same plassen der me er kjende frå før for å læra noko nytt før me går vidare, kjennest ganske trygt. Akkurat nå er me på det punktet som heiter advent og snart julefeiring, og der har me vore før, så det kjennest ganske fint og gjennkjenneleg midt i alt det andre som og er livet.

Heidi

Luke 13- 2024

Fredag den 13

For ein månads tid sidan måtte eg til tannlegen fordi skalet på utsida av ei stor, gammal amalganfylling hadde brukke. Sidan eg prøver å få alle slike ting på fredagar, fordi eg då slepp å ordna meg fri frå jobb, viste det seg at eg hadde fått ny tannlege. Knut Mauland, som eg har gått til i «alle år», hadde nemleg begynt å trappa ned og var ikkje på kontoret på fredagar.

Den nye, hyggelege tannlegen min sa at eg skulle kallast inn nokså fort til den årlege kontrollen. Me vart einige om å finna ein fredag i desember. «Du har ikke noe i mot en tannlegetime fredag den 13.?», spurde ho med glimt i auget. Eg forsikra om at fredag den 13. sikkert var ein utmerka dag for eit tannlege besøk. Sanninga var imidlertid at eg i mitt hovud passar i grunnen ingen dagar til tannlegetimar, fordi eg ikkje liker å gå til tannlegen, men ein er då eit vakse ansvarleg menneske som går til tannlegen når ein blir innkalt… Ein er til og med så vaksen at ein bestiller ein ekstra time når det brekk ei tann eller ramlar ut ei fylling, i alle fall gjer ein det når ein har teke sats nokre veker eller månadar.

I dag vart eg sitjande litt ekstra lenge på venteromet før eg vart ropt opp. Eg sit aldri på tannlegen sitt venterom utan å dagdrøyma litt om at tannlegen kjem inn og seier at det har oppstått noko som gjer at dei ikkje har tid likevel i dag, og at eg heltemodig smiler eit stort smil og seier at eg sjølvsagt kan koma ein annan dag, gjerne om eit par veker eller meir. Eg har aldri vore så nære denne situasjonen som eg var i dag. Dei sa at eg skulle få setja meg inn i ein tannlegestol og at dei skulle ta røntgenbilete, men at eg måtte venta på tannlegen som måtte utføra ei uventa og vanskeleg oppgåve før ho kom til meg. Eg sa at for meg var det heilt greitt at eg kom igjen ein annan dag dersom det kunne hjelpa på dagsrytmen deira. Dei sa at nei, når eg først var her så skulle tannlegen i alle fall få tid til å undersøkja meg.

Eg sat i ein halv time og slappa av i ein nokså behageleg tannlegestol medan det gjekk nesten ein halvtime. Då tannlegen stressa og orsakande kom inn til meg nesten når timen skulle vera over, gjentok eg tilbodet om å koma tilbake ein annan dag. Ho svarte blidt at ho var så lei seg for at eg måtte venta så lenge, men ho hadde fått flytta på nokre andre pasientar, så viss eg hadde tid så hadde ho tid. Tid kunne eg ikkje lyga på meg å ikkje ha, så det var bare å fortsetja opphaldet i stolen. Heldigvis viste det seg at eg ikkje hadde hol, så då eg omsider kom meg ut var eg fyllt av den der særeigne gleda av å gå ut frå tannlegekontoret og vita at dit skal ein ikkje tilbake før etter eit år dersom tenner og plomber held seg på plass der inne.

Då eg kom heim vart det fleire timar med baking av julekaker, noko som er veldig koseleg, men som alltid tek lenger tid og lagar meir rot enn det eg ser for meg på førehand.

I kveld har eg og eldstesonen oppretthalde ein veldig koseleg juletradisjon. Kvart år reiser me til Kvadrat, det store kjøpesenteret utanfor Stavanger saman. Dit kjører eg aldri bilen sjølv, og Leif er nesten allergisk mot kjøpesenter, spesielt i førjulstida. Det er koseleg at me to får litt tid saman, det høyrer med til tradisjonen å drikka kaffi ein eller annan plass og eta middag saman sånn eit stykke inne i handlinga. I kjøpedelen av turen går me litt saman, for eksempel i bokhandelen, og litt kvar for oss.

I anledning dagen hadde dei eit jentekor i kvite klede og lys i hår og hender som gjekk rundt på senteret og song Luciasongar. Det er fint for sånne som meg som nesten synest det er litt trist å ha fri den dagen førsteklassingane går i Luciatog og syng seg gjennom alle klasseroma på skulen.

I ein av bokhandlane i dag slutta den eine kassen å fungera då eg skulle betala, så igjen fekk eg sjansen til å praktisera noko eg trur eg er ganske flink til, nemleg å venta tålmodig utan å bli alt for stressa eller sur. Den søte unge jenta som ekspederte meg vart kjempestressa etterkvart som mange av dei andre kom for å hjelpa henne og ingen fekk det til. Dei bak meg i køen ombestemte seg og gjekk utan å kjøpa noko. Ekspiditrisa spurde om eg hadde hatt ei fin førjulstid fram til nå, for noko følte ho nok at me måtte kunna snakka om der me stod og venta på teknikkens moglege under. Det kunne eg bekrefta at eg hadde…

Nå ligg det masse uinnpakka gavar her, for butikkane har stort sett slutta å pakka inn presangar, og eg tok meg ikkje tid til å bli ståande ved innpakningsdisken. Eg får bera alle posane inn på arbeidsromet og bestemma meg for at eg nok får tid til rydding og pakking i morgon. I kjøleskapet har eg ein ferdigkjøpt peparkakedeig og ein heimelaga deig til kvite kakemenn. I morgon føremiddag kjem småjentene for å baka her hos oss. Eg gler meg til å vera i lag med dei.

Heidi

Luke 12- 2024

I dag trur eg me fortset der me slapp i går og inviterer til ein kyrkjedag med julegudstenesta. Når eg kjem til kyrkja eit kvarter før avtalt tid med elevane, er den første eleven der allereie. Like etter ramlar fleire av dei andre inn. Eg veit frå før av at elevar som opptrer liker å ha god tid. Ein del spontanreplikkar visste eg og ville koma: «Nokon har flytta på kostymet mitt, det ligg ikkje der eg la det i går,» er ein av dei. Erfaring viser og at det meste dukkar opp heilt av seg sjølv.

To av vismennene har misforstått avtalen litt, men me begynner øvinga utan dei. Ein av pilgrimane har ikkje kome, ein rask telefon bekreftar at ho er blitt sjuk og er veldig lei seg for ikkje å kunna vera med. Replikkane hennar blir overtatt av nokon som trur dei skal klara å hugsa det i tillegg til det dei sjølve skal seia. Me kjem oss gjennom det me hadde bruk for å øva på. Kamelen føretek eit internt byte. Den som var bakparten skal få prøva seg som frampart og motsett.

Dei minste kjem til kyrkja for å øva litt på førehand på songen sin. Dei har kvite skjorter på og elektriske lys i hendene, og dei syng så dei tenner stjernene i auga på både seg sjølv og andre: «Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle lyder pakkes inn i vatt…» Syngande barn med lys i hendene rett før jul er raskaste vegen til indre rørelse…» Før hadde me alltid levande lys når dei små kom i prosesjon inn i kyrkja…, det gjekk bra. Eg har til og med ein gong hatt Lucia-opptrinn i klasserommet i toppetasjen i gamlebygget med levande lys i Luciakrona. Rein galskap når eg tenkjer på det nå, men det gjekk bra det og…

Det ringest i klokkene, og gudstenesten er i gang. Elevane syng i kor og saman, har skodespel, trommar på skarptromme, tenner adventslys, tenner lys for verda i lysgloben og les juleevangeliet. Songane har me øvd på, så dei sit bra. På veggene er det pynta med barneteikningar slike som dei over.

Sjuandeklassingane som har skodespelaroppdrag er med på begge gudstjenestene. I pausen et dei matpakkene sine, får prøva seg på kyrkjeorgelet og pratar med prest, rektor, organist og inspektørar, som og skal vera med på neste runde.

Etter gudsteneste nr 2 er det rydding. «Kan me ikkje få gå heim nå, nå har me jo jobba heile dagen?» «Nei, me må opp til skulen og avslutta skuledagen,» er svaret. Men at det kunne smakt med ein pause forstår eg…

Sjølv har eg rydda unna juleverkstaden og er fornøgd med å vera såpass langt.

Heidi

Luke 11 – 2024

Eg vaknar til ein dag eg veit kjem til å bli travel, har vekkjarklokka på litt tidlegare enn vanleg, for i går kveld var det glatte vegar og eg visste at sykkelføret hang i ein tynn tråd. Eg tenner to lilla adventslys på bordet og tenkjer at den adventsstaken burde eg pensjonera, for det er ikkje mogleg å få lysa til å stå beint i han. Levande lys er nå fint uansett.

Me lyttar til Anne Kristin og Sven sin morgonandakt, det er.den måten me likar best å gå inn i ein ny dag på. Eg skjer surdeigsbrød til niste og unnar meg julebrunost på toppen. Leif tilbyr seg å kjøra meg sidan det er glatt, velsigna vere han. Sms etterpå: Ligg det ein purpurfarga pelskanta kongekappe igjen i bilen? Svaret er nei, dessverre, kappen dukkar opp i mitt eige rot.

Adventssamling i nesten mørkt klasserom. Ein time seinare i veg til kyrkja med 20 elevar for å øva i lag med organisten. Kamelen manglar ein fot så han må ha joggebuksebein i staden. Kamelen, og kongane trener på å knela framfor stallen. Little drummer boy smiler sjarmerande medan han spelar og har heile kontrollen. Etter to timar er det opp til skulen att for kor og arbeidsplan.

Så er det neste skuleslag. Me tenner stearinlys og skriv julehistoriar. Vel heime må eg få avtalt dei siste utviklingssamtalane. Innimellom rekk eg å tenkja at desse skuledagane rett før jul, dei er i grunnen dei aller beste… Og me kjenner at me skal trenga juleferien når han kjem…

Heidi

Luke 10 -2024

Av og til blir ein salme til veldig fort. Andre gonger kan ein flikka og fila i vekesvis for å bli fornøgd, kanskje utan heilt å bli det. Det rare er at av og til er det dei tekstane som bare er der utan at du har brukt krefter på å leita fram orda som står seg best. Kreativitet er rare mekanismar. Ein veit ikkje heilt kva for nokre tekstar dette er før dei har fått litt tid til å mognast, så det eg presenterer i dag er ei slags umogna ferskvare.

I sist veke fekk eg ei melding frå Arne Martin Aandstad som eg møtte på salmeverkstad på Lia gård i april og har hatt fleire samarbeidsprosjekt med seinare. Han hadde ein tanke om at det kunne ha vore fint å laga ein salme saman inspirert av Sakarjas lovsong i Lukas 1, ein profeti om at lyset frå det høge skal gjesta oss som ein soloppgang og lysa for dei som bur i mørke og dødens skugge, og at lyset skal leda føtene våre inn på fredens veg.

Då eg sat på toget fekk eg lyst til å prøva på dette, og så skreiv eg denne teksten nesten utan å tenkja meg om, sånn ca mellom Kongsberg og Drammen.

Eg sende teksten til Arne Martin som sende meg denne melodien dagen etter. Det er veldig kjekt å vera kreativ saman med nokon. Arne Martin understrekjer at lydfila under er det ho er, ei rask gjennomsynging for at slike som meg, som ikkje les noter så godt, skal få høyra. Eg likte melodien veldig godt, og allereie på sundag vart dette urframførd på gudstenesten til Arne Martin.

Nå fekk eg lyst til å dela dette som skikkeleg ferskvare med dykk og. Eg seier om teksten som han sa om lydfila, ta det for det det er…

Arne Martin sende meg eit fint soloppgangsbilete som eg ikkje har spurd om å få bruka, så det får bli eit soloppgangsbilete frå klasseromet mitt i dag morges. Sidan eg er eit typisk B-menneske er kanskje ein av grunnane til at eg liker denne årstida, det at til og med eg får med meg soloppgangane?

Kom finn oss her i mørket

Når vintermørket pakkar seg rundt oss med faste hender.
når natta festar grepet så me ikkje klarer sjå,
kom du med trøyst og nærleik,
gi kraft til redde føter,
kom du med lys og håp og tru
og vis kor me skal gå.

Ref
Kom finn oss her i mørket,
gi lys i dødens skuggar.
Kom gjest oss som ein soloppgang
der lyset stråler ned.
La vintersola kjærleg,
få møta redde tankar,
og lys til våre føter kjenner vegen fram til fred.

La tankane få kvila trygt hos deg og vis oss lyset.
Når motet vårt vil svikta gi oss håp nok til å tru.
Me veit at lyset finnest,
at jorda vår er elska,
Kom fyll oss med din tillit,
midt i mørket der står du.

Ref

Heidi

Luke 9 -2024

Bak luka i dag ligg ein julepynta Oslo S. På oppslagstavla.står det at ein må rekna med forseinkingar på grunn av feil i kommunikasjonssystemet, så dette kan jo bli interessant. Under taket heng eit amerikansk inspirert lokomotiv forma av raude, grøne og brune lyspærer, og eit veldig kunstig, smalt og spisst juletre går heilt til taket. Eg har vagla.meg på Starbucks der eg i mitt lettsinn har kjøpt ein kopp kakao, eg trøystar med at peparkake-mac-toffee med krem sikkert er mykje meir usunt.

Under julelokomotivet stod ei jente med knalloransje jakke og song julesongar. Først trudde eg at det kanskje kunne vera eit julestunt frå personalet her, men eg landa nokså fort på at det nok heller var på ei som håpa at ho kanskje kunne tena nokre kroner på å opptre.

Det å tena nokre kroner har blitt stadig meir utfordrande sidan ingen går omkring med kroner lenger. (Ikkje me og ikkje dei kongelege). Tiggarane som sit på den kalde asfalten på fillete ulltepper har vippsnummet på eit pappskilt, og det same hadde han som hadde bygd snøslott utanfor julebodene. På torsdag kjøpte eg er-lik-Oslo sitt julemagasin av ein selgjar på trikken, og det var ein lang prosess med sms og vipps, og eg veit ikkje kva, men me fekk det til til slutt. Som alltid når eg ikkje har vore i hovudstaden på ei stund, så gjer det vondt å sjå alle dei som treng hjelp, og som ein ikkje heilt veit korleis ein best skal kunna hjelpa.

Ein organisasjon eg har utruleg stor respekt for et Kirkens Bymisjon. Eg kjenner opptil fleire som har jobba der som gateprest, og er veldig glad for at gateprestar finnest. Dersom eg hadde budd i Oslo, er eg ganske sikker på at eg ville ha engasjert meg som frivillig det. Sunniva er nå blitt nesten næraste nabo til Tøyenkirken der eg har vore eit par gonger i lag med Carl Petter Opsahl, dit stikk eg nok innom igjen når høvet byr seg. Eg synest det er veldig fint at det er dit Kari Veiteberg tenkjer seg tilbake etter end bispeteneste.

Her på Oslo S er det ganske roleg ein førjulsmåndag på dagtid. Rundt meg her på Starbucks sit menneske med kaffikoppar, laptoper og mobilar. Ei forklekledd servitørdame kom akkurat og henta koppen min og spurde om eg var ferdig, kanskje eit diskret hint om at andre kunne trenga plassen…

På veg ned Karl Johan var det påfallande mykje politi med refleksvestar. Det var ridande politi, politi på motorsykler og politi i bil. Utanfor Stortinget var det mange politibilar og bevæpna politi. Om det er slik det pleier å vera veit eg ikkje. Kanskje det har med hendingar i verda situasjonen å gjera, eller kanskje med den nær føreståande Nobelprisutdelinga å gjera?

Eg er glad for at fredsprisen går til overlevende frå Hiroshima og Nagasaki som har brukt livet sitt til å arbeida mot atomvåpen. Eg kan ikkje tenkja meg noko meir avskyeleg, grusomt og primitivt enn våpenkappløp, rasling med skremmesablar eller krig. Eg innser at det er vanskelege tider for å koma ut av skapet som overbevist pasifist, men eg gjer det likevel. Det må då finnast betre måtar å få til fred i verda enn å pøsa på med våpen, senda unge menneske ut i krigen for å døy og bomba uskyldige barn… Det er sikkert fortent å bli stempla som blåøygd og naiv, men det får eg heller leva med.

Nå er toget mitt kome opp på lystavla. Det ser ut som om det skal vera rutemessig avgang,som det heiter på jernbane språket, og det er jo ein god start. Eg har rusta meg til turen med strikketøy, bok, skrivesakar og ein ekstra strikkejakke. Dette kan fort bli gode greier.

Heidi

Luke 8 – 2024

I dag var veret klart og kaldt. Eg var tidleg ute for å eta frokost på Tøyen. Eg hadde gleda meg til å møta to av dei aller yngste og nyaste i storfamilie, men det hadde oppstått ei misforståing rundt kva helg ein eigentleg meiner når ein snakkar om «neste helg», men det kan framleis vera at eg får møtt Elmer og Malte i jula.

Ein veldig koseleg og veldig lang frokost vart det likevel med familien Sunniva, Halvard og Vilde. Etterpå la eg inn ein liten tur opp Karl Johan for å kikka litt på julemarknaden øverst oppe ved Nasjonalteateret. Der lukta det peparkaker, gløgg, sukkerspinn, kakao og glaserte eple og parisarhjulet spann.

I dag var det akkurat som i går veldig forskjell på føret i Oslo og i Bærum. I Oslo var det snøfritt, bart og heilt ukomplisert å ta seg fram, medan vegar og fortau på Haslum var delvis heilt glaserte. I den siste bakken var det bare å klamra seg fast i ein høg mur og håpa på å koma uskadd i mål. Det gjorde eg.

Eg vart møtt med ein stor kopp varm eplegløgg med anis, kanel og rosiner kokt på eplemost pressa av eple frå hagen. Middagen var hjortekjøt frå Andreas på Sunnmøre og saus med.masse traktkantarell plukka av svoger Joffe. Me hadde eigentleg tenkt oss på julekonsert i Haslum kirke, men på grunn av tid og føre bestemte me oss for heller «å vera heime».

I løpet av fridagane her har eg rukke å strikka eit langt lilla skjerf og ein halv turkisblå barnejakke. I tillegg har eg fått oppdatert meg litt i Vårt Land, lese boka «Evil grandmother», sett to filmar og fått teke att litt avislesing. Det har gjort godt og eg har fått kjærkomne kvilefagar. I morgon skal eg pakka bagasjen saman igjen, få pressa mest mogleg oppi den vesle grøne trillekofferten og etterkvart gi meg på heimveg.

Eg har fått ny melding frå Go-ahead om at me vil bli frakta med lokaltog mellom Kristiansand og Bryne. Då eg reiste bort fekk eg same beskjeden som viste seg å vera falsk alarm, så får me sjå koss det blir i morgon. Som ivrig togturist har eg lært å ikkje ta noko som helst for gitt når ein reiser med toget. Då er det beste tipset eg har å gi andre å bruka «Askeladd metoden» og tenkja at «Nå skjedde det noko uventa, det blir heilt sikkert interessant…» Dei gongene toget både går og kjem fram på venta tidspunkt og det ikkje dukkar opp uventa alternative framkomstmiddel, får ein ta i mot som rein bonus…

Heidi

Bilde

Luke 7 -Advent i våte gråtonar

I natt hadde det regna, og snøen frå i går låg som våt issørpe på bakken. Eva Mari og eg hadde hatt planar om å dra på julemarknad på Bygdøy, men vermeldingane tekne i betraktning, så ombestemde me oss.

Min nye plan var å dra til byen og møta «Tøyengjengen» etter Tage sin kvil. Sidan det var litt glatt ute, vart eg utstyrd med brodder under vinterskoa. Broddar har eg ingen trening med, så eg følte meg som ein salig blanding av ein nittiårinh og Bambi på isen. Dei viste seg likevel å gjera si nytte, for eg kom meg trygt ned til banen.

Nede i byen var det heldigvis isfritt, så eg kunne lirka broddane av og leggja dei i nettet. På Karl Johan var det grått og vått og det vrimla av menneske. Mange av dei var prega av å vera fotballsupportarar som lada opp til cupfinalen, mange av dei med blå moldeskjerf rundt halsen.

Eg tok banen vidare til Tøyen og møtte Tage og foreldra hans. Heldigvis var han utstyrd med både gule regnklede og vogn med «regntelt», så han hadde det bra sjølv om det regna litt. Me gjekk ein tur på Grünerløkka og var innom og åt lunsj på ein mexikansk restaurant. Etterpå hadde me kaffi heime hos Sunniva og Trygve før eg tok banen tilbake til Haslum.

Då eg kom tilbake vanka det nybakte aniskringler og havreflarn. Me har sett handballkamp og ein nydeleg italiensk film på fjernsynet. Nå må eg stilla morgonalarm på mobilen slik at eg kan rekka frokost avtalen hos Sunniva i morgon.

Heidi