Til Amsterdam, til Amsterdam…
Eg har mest ikkje hatt tid til å reflektera over det, men i morgon tidleg reiser eg til Amsterdam med kollegene mine i kulturskulen. Det blir sikkert fint.
Klokka halv fem i morgon tidleg blir eg plukka opp, og flyet går klokka halv sju. Det har vore travelt med alt som ordnast skal. Masse skal gjerast klar før eit fråver frå skulen. I
dag har eg vore på skitur, eller kanskje rettare sagt snøtur, sidan eg ikkje hadde med meg ski…
Sånn er det å jobba med slike sprekingar som Eilen. Før eg fekk sukk for meg sat eg på bussen iført den femten år gamle raude fjellanorakken min med skibukse til. Og veret var nydeleg. Skikkeleg vinterver med blå himmel og låg temperatur. Det er fint å vera i lag med elevane mine av og til utan å bli innramma av klasseromet. Og eg kom då i det minste såpass langt at eg gjekk opp bakken eit par gonger og rant ned att på eit rundt gult sklibrett.
Og nå gjenstår det å pakka kofferten. Så er det ut i den store verda…
Heidi
Så flott at dagen ikkje vart heilt pyton for deg;-)
Eg syns du var søt i skidress og fletter!
God tur i morgon tidleg. Kos deg og nyt – me skal halda fortet her heime.
Nei då, eg hadde ein kjempefin dag. Eg er ikkje så negativ som eg gjer meg ut for å vera av og til 😉 Eg er beroliga med hensyn til fortet og kan trygt leggja i veg.
Som du skjøner så blir eg sitjande og sløva framfor pc-en medan eg samlar krefter til å koma i gang med pakkinga…
Ha det «så levandes gött» (som en kär vän till mig brukade uttrycka sig) i Amsterdam. Undrar hur långt våren kommit därnere? jag har bara varit där på sommaren, men då var det fint.
Kos deg i Amsterdam og pass godt på kjærasten min! Vær forsiktig med dei «ekstra gode» kakene!!! klem
No er du vel framkomen.Kos deg masse!
Ja, eg er her og skriv litt i dette nu