Røra ved dagane før dei forsvinn.
Dagane her i Spania går ubegripeleg fort. Eg prøver å halda dei fast. Det er godt å vera her. I morgon blir det den siste heile dagen her på Solgården før me reiser heim att på tysdag. I ettermiddag har eg bada i bassenget, solt meg og lese ei bok.
Nå er det tidleg kveld. Klokka er halv ni. Sunniva og Irene sit på bassengkanten med shorts og blusar og nakne brune bein, medan ein gjeng gutar plaskar rundt i vatnet og sprutar på dei. Frå Villajoyosa høyrest det dempa kanondrønn eller noko slikt. Dei feirar framleis sigeren over maurarane for åttehundre år sidan…
I dag var alle i leiargruppa inviterte til lunsj på ein liten familierestaurant oppe i fjella ein stad. Veggene var dekka med pyntehandkle frå forskjellige plassar i verda, og i taket hang det gardiner. Me sat rundt eit langbord og fekk mane rettar, kvitløksbrød, salat med tunfisk og oliven, heimelaga pølser og ein slags potetgrateng. Alt dette var ein slags forrettar.
Før kjøtet skulle serverast ålte eg meg mellom stolane i lokalet for å ta ein tur på toalettet. Eg kjende på den flisebelagde skapdøraktige toalettdøra og konstaterte at nokon var der inne. Så venta og venta og venta eg. Kanskje eg venta i femten minutt, kanskje i tjue. Eg tenkte at personen der inne måtte vera sjuk. Eg bestemte meg for å benytta herretoalettet, sjølv om det var tydeleg merka både med bokstavar og bilete av ein mann. Før eg gjekk dit kjende eg ein siste desperate gong på den rette dodøra. Ho gjekk opp … Eg hadde bare brukt feil opneteknikk…
Då eg kom inn att var kjøtfata så godt som tome. Bare fatet med kaninkjøt var det litt att på, og fire halve grilla paprikaer. Etterpå var det dessert. Torhild prøvde å spårja om me kunne få inn dessert og kaffi samtidig. Det bekrefta dei at me kunne, men dei hadde nok ikkje forstått problemstillinga heilt. Eg trur at her i landet er det einaste naturlege å drikka kaffi etter at alt etande er fortært. Derimot blir det servert bittesmå glas med noko portvinsliknande til desserten.
Det var ei fin gudsteneste i føremiddag med temaet: Vil også dere forlate meg. Eg skulle ha ei tekstdramatisering med ungane i Solklubben. Eg lurte på korleis det ville gå, for dei yngste er bare fire år, men det gjekk kjempefint. Eg må stoppa her for å springa heim og ta av badedrakta til fordel for noko litt meir anstendig før me prøver å nå kvart over nibussen til byen.
Heidi
Røra ved dagane før dei forsvinn
Takkar for ord og bilete i rette tid,
alt som kjem rekande på ei fjøl
langs hav og bukt og strand
Ville så gjerne gripa dagen før han forsvann
og borte er for alltid
Mala havet og stranda
og alle luktene og lydane
og alt som er og vera kan
Kjenna sol og regn og vind
før sol går ned i vest
Veta at ein er, at livet finst og havet flør
over tindrande sandbankar
og himmeldraget signar kinn
og pannelokk
ein tidleg septemberdag,
medan det framleis finst ljose morgonar
som famnar føter og hender
på ei naken, vérhard strand
Dette er ynskjet mitt
ein Olsokmorgon
der sola skin og blømer,
fuglane syng sine siste julitriller
og markene står i full flor:
Å vera i er, veta at ein er der,
midt iblant tre og busk og ranke, små
Perleblomar
I ein hage som ikkje er langt borte,
men nær
Gløtt av himmel blå
og famn så god og mjuk
som silkeseng på strå
Ta på meg, grip mi hand
Fjell og vidde, måne, sol og land
Vind som pip og sjø som brusar,
storm som fyk rundt hus og hytte,
piskar havet opp i kok,
finn den ytste, minste krok
Så vert dei sanneleg ståande desse tre:
Tru, von og kjærleik
Tru på livet
Von om nåde
Kjærleik som strøymer på
I alle dei dagane ein rører ved
Ljose og mørke
Låge og høge
Korte og lange
Og størst blant dei
er kjærleiken
Til folk og fe og hav og land
Frå vidde til vidde, frå hand til hand
Overrisla av heilage dropar
av levande vatn
Frå himmel høg
til eng så låg
som finnast kan
I ei verd
som er
for alle skapningar,
den største og den aller minste
kvist
Og alt som lever og rører seg og er til
I det evige samrøre
som alltid
er og blir
Sanning
med djupare botn
Ei kjensle av å vera i verda
Og leva i universet
som bind saman
alt som er
Å kjenna seg rørt av ei makt
som er sterkare enn ein sjølv
290708 Sommarhelsing Stein Jarfeld
Så fin sommarhelsing! Skreiv du på direkten?
Svar: Eg lagra undervegs og limte inn teksten, men skreiv samanhengande i otta, direkte inspirert av teksten din for dagen, medan daggryet kom sigande. Takk for at me fekk vera med på Spaniaturen din, gjennom vakre skildringar av natur og folkeliv! -:)
Jarfeld: 🙂