Gå til innhald

At Spaniaturen er over

juli 30, 2008

kjennest ikkje heilt verkeleg endå. Eg må først få skrive ned dei siste dagane slik at eg kan oppbevara dei i store glas på hyllene der eg oppbevarer vitaminrike opplevingar til bruk midvinters og på andre kalde dagar…

Det er nest siste kvelden vår. Me har bada og solt oss, og me har hatt lunsj på den vesle rare kafeen oppe i fjella. Men eg får ikkje heilt ro på meg, eg er svolten på meir spansk natteliv. Til slutt får eg overtalt kjærasten min til å vera med på ein tur ned til byen att. Me småspring for å nå bussen, men når me kjem til busshaldeplassen foreslår mannen i mitt liv at me heller skal gå ned. Det passar meg fint, føtene mine er fulle av gnagsår og vassblemmer frå alle dei ulike skorne eg har med meg, men det skal gå fint likevel.

Dei spanske kveldane er som mørk fløyel. Me går hand i hand ned mot byen medan det blir mørkare og mørkare. Langs vegen me går er det mest ingen bilar. Hundane gøyr mot månen, liljene luktar ekstra intenst i mørkret, sirissane sirrar, grashoppene spelar, og flaggermysene flyg tett i tett mellom trea som var dei småfuglar i flokkar. Eg har aldri sett så mange flaggermyser, me ser sikkert hundrevis av dei på veg til byen. Folk sit i hagane sine for det er så varmt. Ein av dei me går forbi har teke fjernsynsapparatet sitt heilt ut på trappa. Dei helsar Buenos noches i det me går forbi. Sniglane sit tett i tett på blomestilkar og gjerder, og kattane balanserar på steinmurane med halane sjølvsikkert løfta.

Me går gjennom den gamle bydelen, og i det me nærmar oss strandpromenaden høyrer me etterkvart velkjend parademusikk. Held dei verkeleg på endå? Det må vera fjerde kvelden med opptog… Jo visst, opptog er det til gagns. Det er ikkje så lett å bli klok på om det er maurarar eller spanjolar opptoget handlar om i dag. Nokre ser rett nok ut som katolske prestar og kardinalar, og nokre ser ut som korsfararar, men eg meiner å skilna både sjeikar og haremsjenter denne kvelden og. Gata kokar av menneske. Det er reine kunsten å smyga seg i sikksakk mellom tilskodarane for å koma seg fram. Til slutt er me til og med så skamlause at me kryssar gata midt i opptoget. Me smyg oss inn mellom ei gruppe kvinner i haremsbukser og ei gruppe menn med nokre stavliknande våpen.

Bak eit kulisseslott står ein sanitetsmann og bandasjerer foten til ein som er skada. Mannen har ein enorm snabelsko på den andre foten, sikkert fire nummer for stor. Kanskje det var derfor han tråkka over? Den opprinnelege eigaren av kostymet må ha hatt skonummer førtisju…

Me klarer å pressa oss inn på ein liten pizzarestaurant. Me er svoltne og målet med turen er mellom anna å få oss litt mat. Det er heilt stappfullt, både ute på verandaen og inne, men dei finn eit lite bord til oss tett, tett inntil andre små bord. Når kelnaren kjem seier han at serveringa er forsinka på grunn av alle folka. Viss me vil ha mat må me rekna med å venta i tre kvarter. Me blir einige om at det må vera greitt.

Det er så varmt at lufta dirrar. Folk har med seg små barn endå det er sundagskveld og ganske seint. Ein liten gut i fireårsalderen har truleg skrike seg til å få ein gassballong forma som ein bil. Nå er han sutrete og utålmodig. Han held på å riva ned faren sitt raudvinsglas med ballongsnora. Faren klyper han i armen og guten skrik endå høgare. Guten må stå i eit hjørne av restauranten fordi faren er irritert på både han og ballongen. Der står han og sutrar. Ein av kelnarane stoppar og bind snora frå gassballongen fast kring handleddet hans slik at ballongen ikkje skal fly i frå han. Då gret han endå høgare.

Ein annan gut opplever at ballongen sprekk og får høglytt kjeft frå dei vaksne fordi han begynnar å gråta. Oppdragingsmetodane er litt annleis enn heime. Hos oss ville det vore påfallande bare det å ta med seg ein fireåring på restaurant klokka elleve ein sundagskveld.

Spanjolane lagar mykje lyd. Dersom det er fire personar på bussen, snakkar dei til einannan med eit lydnivå som skulle tilseia “Ropa til naboen som bur hundre meter unna ein dag det er storm ute…” Inne på kafear står det gjerne eit TV-apparat på med full guffe på lyden. Ute i gatene er det tuting og boring og rusing med motorar i tillegg til høgrøysta konversasjon og høg latter.

Eg unngår vanlegvis karbohydratbomber som pizza, men nå har eg høyrt så mykje fint om den spanske pizzaen at det er på tide å prøva. Eg får ein stor pizza med sprø tynn botn dekka med tomat, kvitlauk, lauk, oliven, persille, parmaskinke og ost. Det smakar utruleg godt.

Me tek ei drosje tilbake. Klokka eitt om natta kjem Halvard innom, oppglødd etter ei ungdomssamling i kyrkja. Han er svolten, og eg diskar opp så godt eg kan.
Han sit framleis i stova vår og et når eg somnar.

Siste dagen vart alt for kort. Om kvelden er det festmiddag med tapas, paella og is. Etterpå er det fest i festsale for store og små med song, musikk, powerpointframvisning av bilete, og ungar som opptrer med song og drama. Eg fortel ei av yndlingshistoriene mine, den om å hogga i stein og skriva i sand. Etterpå går alle ut på terassen i polonese. Ute er det blitt mørkt og det er pynta på småborda med blomar og telys.

Det er dans ute i mørkret før det blir servert kaffi og ei stor fruktanretning. Folk blir sitjande ved borda og halda fast på den siste kvelden medan ungdomane kastar kvarandre fult påkledde uti bassenget. Ei dame tek spontant mikrofonen og les irske velsigningar.

Neste morgon er det pakking og avskil. Halvard er omtrent i koma etter å ha lagt seg klokka halv åtte for å bli vekka halv ni. Dei andre nettene har han sove tre eller fire timar fordi det aller kjekkaste tydelegvis foregår etter midnatt. Alle ungdomane her har hatt eigne rom, delvis langt borte frå foreldra. Slikt smakar det fridom av.

Nå nærmast kollapsar han av utmatting. Eg må lirka og lokka i han litt væske og mat, for han er for trøytt til å eta og drikka… Lite søvn og høgt tempo og høg varme er ein utmattande kombinasjon i lengda, og akkurat som mor si er han redd for å gå glipp av noko.

Eg blir litt engsteleg for heimturen, men det går fint. Rett nok stod me i verdas truleg aller treigaste innsjekkingskø på flyplassen i Alicante. Det var meininga at me skulle ha god tid, men me rakk flyet bare akkurat. Då me etterkvart flaug inn over Norge i klart, fint sommarver slo det meg som alltid etter eit utanlandsopphald kor utruleg grønt, frodig og vakkert det er her. Og kor lyst det framleis er om kveldane, sjølv om eg merkar på lyset at me snart skal inn i august.

Under Spaniaopphaldet fann eg att kvilepulsen. Det kjennest så godt. Nå aktar eg å halda fast på han. So help me God…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. maybrit permalink

    amen

  2. Inger permalink

    Hei Heidi !!

    Så kjekt ¨lese set su har skrevetom oppholdet på solgården. Du er god til å skrive. Takk for 14 herlige dager ilag. kjekt å bli bedre kjent med deg og resten av familien. Jeg leser nok videre på siden din.

    sommerhilsen fra Inger

  3. Heidi: permalink

    Takk det same Inger. 🙂
    Velkomen til å lesa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: