Gå til innhald

Opptog, fiesta og tango.

juli 26, 2008

Me er inne i den store fiestaen her i Villajoyosa. Kvart år på denne tida feirar dei at dei jaga ut maurarane for åttehundre år sidan. Då hadde den iberiske halvøya vore under maurarane i ein veldig lang tidsperiode.

Tradisjonen her er å feira mange dagar til endes. I gårkveld var det opptog til minne om maurerane. Det varte i tre og ein halv time, korps og trommeensembler spelte arabiskinspirert musikk i moll, og tusenvis av spanjolar, trur eg det må ha vore, hadde kledd seg ut som maurarar.

Eg har blitt fortalt at kvar familie har sine kostyme liggjande til bruk i dette opptoget, nokre av dei er veldig gamle, og til denne festen ifører familiane seg sine tradisjonelle kostyme og inntek sin tradisjonelle rolle i opptoget. Frå balkongane sine har folk hengd ut flagg og vimplar med bilete av St. Martha som hjalp dei kristne å overvinna maurerane. I kveld skal det vera eit tilsvarande
opptog der folk er utkledde som den kristne befolkninga på same tida. Fiestaen ender med eit stort sjøslag nede på stranda, og eit gigantisk fyrverkeri. Alt dette gjentek seg årleg.

Dei kom i store grupper i opptoget, kvar gruppe i mest identiske drakter, mange av dei gjekk arm i arm og gynga frå side til side av vegen medan dei gekk. Det var sjeikar og haremsdamer og ryttarar til hest og til kamel. Alle var utkledde i alle tenkjelege former for arabiske drakter. Langs ruta var det sett opp tribunar og stolar slik at dei ivrigaste kunne sitja, og det var nok ikkje dumt viss dei skulle ha med seg alt. Dei fleste kvinnene hadde med seg vifter som dei sat og vifta seg med, eg trur det er første gangen eg verkeleg har sett handvifter i praktisk bruk. Lufta var så varm at ho vibrerte, og stemninga var som henta ut av Tusen og en natt..

Sjølv var me litt til og frå opptoget. Ein halvtime her og et kvarter der og der haldt for oss. Innimellom var me på den same kinesiske restauranten som sist og sat ute og åt på ein balkong med utsikt til strandpromenaden.

Kommunen spanderer mat og drikke til kvar av dei ulike gruppene, og det blir laga til penia-ar inne i garasjar og tome lagarbygningar der det blir ete, drukke og festa halve og heile nettene. Barna får vera med, og eg såg til og med ganske små spebarn bli borne gjennom opptoget av mødre i arabiske drakter, Ein kunne sjå at ein del av deltakarane i opptoget hadde vore innom ein penia på vegen dit. Langs ruta stod det folk med gule refleksvestar som mellom anna hadde til oppgåve å gje maurarane vatn å drikka viss dei trong det.

Me er blitt førebudde på at det meste av normalt byliv stansar opp under fiestaen. Ein kan ikkje rekna med at folk held butikkane sine opne, at postmannen kjem, eller at dei som leiger ut bilar er på jobb. Og me er tipsa om at lydnivået kan vera såpass høgt at det kan vera lurt å utstyra barneøyrer med oyreproppar. I tillegg til musikken small det overalt av kinaputtar og lauskrutt…

Det er ein gammal bydel her, der murhusa ligg tett i tett og oppå einannan. Husa er malte i alle regnbogens fargar, og gatene er så smale at det er heilt utelukka å kjøra bil der, kanskje det akkurat er plass til å kjora der med hest og ei smal vogn… I desse tronge gatene er det skugge mesteparten av dagane fordi sola ikkje slepp til Der gjekk me i gårkveld. Folk sat ute framfor husa på stolar dei hadde teke med seg ut. Dei snakka og koste seg, og ganske små barn var ute og leika seint på kvelden.

I dette strøket spaserte me nære midnatt under snorer av klesvask og mellom folk som sat ute og såg på TV med fjernsynsapparatet plassert inne i stova. I nokre hus ser du rett inn der dei bur, men dei fleste har eit forheng av perlesnorer til å verna om privatlivet. Nokre av dei me passerte ynskja oss Buenos noches, og me helse tilbake så fint me kunne.

Ein del eldre damer går framleis kledde i helt svarte kjolar for å visa at dei er enker. Håret ber dei oppsett i dultar. Det ser varmt ut å vera enke i Spania…

Plutseleg høyrte me trekkspelmusikk. Kjærasten min greip tak i armen min og orienterte seg fram etter lyden. Me kom fram til eit torg nede mot stranda der ein mann atod og spelte. Eg trur han kan ha vore sigøynar. Han hadde med seg ein gut som tok i mot myntar frå tilhøyrarane. Kjærasten min, i reine Fritjof Andersen-kostymet med hatten sin litt på snei, baud meg opp til tango. Men då me begynte å få litt vel mykje merksemd våga eg ikkje meir… Er det noko eg ikkje eingong er sånn passe flink til så er det å dansa tango. Men det var då morosamt så lenge det varte. Folk smilte oppmuntrande til oss og nokon klappa…

Ved midnatt var det framleis tjuefem varmegrader ute. I fylgje ryktene blir det endå varmare i dag enn i går. Dagen
er endå ung. Det vil visa seg kva han har å tilby…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Leif permalink

    Ikke for å pirke – regner med du vil jobbe mye med spansken i høst, men det er da en penia og ikke en tenia du ikke ville at vi skulle forsøke å komme inn i

  2. Heidi: permalink

    Du har så rett så rett, Torhild påpeikte det same, skal retta det nå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: