Gå til innhald

Blåtoneskalaen 5 – Å sjå nyansane

oktober 31, 2014

image

Eg tek meg av og til i å tenkja at det er visse ting det hadde vore like godt å ikkje kunna forandra på. Sjølv er eg «ein sekstiein» høg. Det plagar meg ikkje i det heile tatt, sjølv om normen for å bli modell, og vel dermed den såkalla perfekte høgda for å visa seg fram, legg lista veldig mange cm lenger oppe. Den einaste gongen høgda mi irriterer meg litt, er når eg står på personalromet på jobb, og første ledd i å få meg kaffi før det ringer inn att, er å få koppen min ned frå ei plassering innerst inne på den høgaste hylla i skapet over vasken…

Eg har leika litt med tanken på kva det ville innebera dersom ein med overkomelege inngrep og ressursar kunne leggja alen til livshøgda si… Det er ein i utgangspunktet tåpeleg, men likevel interessant tanke. Dersom det å bli strekt ein ti- tjue cm var lettare å få til, kunne det lett føra til at alle som «brydde seg om korleis dei såg ut,» ville kosta på seg dette inngrepet. Det ville kosta smerte og pengar, men kanskje likevel vera «Vel verd det». Det kunne koma til å bli noko alle burde gjera, for sin eigen del og av estetiske grunnar, og det kunne koma til å bli slik at dersom ein ville hevda seg i jobbintervju eller på ekteskapsmarknaden, så burde ein investera såpass i eigen kropp…

Mange forstår nok kor eg vil hen. Dersom me hadde vore fødde med ein kropp som ikkje let seg manipulera, så ville det kanskje vore betre for oss. Dersom me måtte godta at me var utstyrte med heilt individuelle magar,
rumper, lår, rygger, aksler, bryst og armar, så hadde me sluppe den evige kampen om å manipulera kroppen vår inn i ein standard nokon har sett opp som ideal. Eg vågar påstanden at mange ungdomar som kastar seg optimistisk og entusiastisk inn i sin første slankekur, vil oppdaga at dei aldri blir ferdige med han. Eg skulle ynskja at det ikkje var slik.

Me som ber på for mange kilo har samanlagd ein utruleg kompetanse på å leva med kurar og diettar bygd på alle nyansar i kreativitetsskalaen. Det er nemleg slikt me syslar med når folk trur me ligg på sofaen og et potetgull. Me lukkast med jamne mellomrom i å gå ned ein ti-tjue kilo, men me skal trekkja det store loddet i slankelotteriet om me ikkje opplever at me er dømde til å begynna på ny frisk om ikkje så frykteleg lenge.

Og visst veit eg at det ikkje bare er oss overvektige som tenkjer diett. Det blir nesten sett på som slapt og slakt å ikkje gjera det. Speilet er vår næraste venn, heiter det seg, ein venn som ofte fortel oss at me ikkje er bra nok. Eg har høyrd frå sikre kjelder at treåringar speglar seg i barnehagen og seier at «Eg såg jammen feit ut i dette skjørtet.» Det å servera mat er blitt eit sjansespel. Det er ikkje lett å gjetta seg fram til kven som kjører lavkarbo, 5-2, Grete Roede, Herbalife, vegetarianer, glutenfritt og så bortetter. Sjølv er eg blant dei verste og skal ikkje snakka høgt. Ei venninne av meg fortalde at ho hadde brukt ein ettermiddag på å laga god mat til venninner og hadde gleda seg til å servera, og så var alle saman på ulike diettar som gjorde at maten vart ståande nesten urørd. Ho var både provosert og irritert, og det forstår eg godt. Eg ser og den andre sida av det, skal ein ringa til verter og vertinner for å fortelja at ein for tida ikkje et…? Det kjennest ofte enklare å gøyma seg bak dei andre og håpa at dei kan eta varm eplekake med is i staden for deg sjølv.

Ein gong sa ei venninne til meg at ho forstod det viss det var meg som ikkje kunne eta eit eller anna på grunn av ein slankekur, men ho vart provosert dersom det var ei som hadde gått opp tre kilo og ville ha det av att… Eg har etterkvart innsett at det å passa vekta ikkje er lett for nokon, og at dei som klarer å gå innbitte laus på det første ekstra kiloet, kanskje er dei luraste… Likevel er det ikkje nokon god kjensle å vera den reelt overvektige som har bevilga seg eit kakestykke som stod på bordet, og oppdaga at nesten alle dei andre fortel at dei dessverre er på diett og ikkje kan eta kake.

Og diettar veit me overvektige som sagt det meste om. Eg har fulgt dei i alle variantar sidan eg var ni år, og eg er ikkje dummare enn at eg forstår at då må eg ha juksa her og der i kabalen. Eg er blitt veldig flink til å smugfylgja diettar fordi eg vil ha minst mogleg merksemd på det. Sidan diettane dessutan har gitt så sparsommelege resultat på sikt, så er det sikkert like greitt å liggja lågt i terrenget. Og som sagt, eg vil helst ikkje ha gode råd, er det noko eg vassar i så er det gode råd. Eg prøver dei ut eit etter eit i mitt eige tempo, og ein dag vil eg nok finna den optimale løysinga for meg, det har bare teke litt tid… Eg er faktisk heilag overbevist om at det er mange sider ved meg som menneske som er utruleg mykje meir interessante enn diettane mine.

Når eg les i vekeblad om menneske som har gått ned x-antall kilo, eller ser dei bli hylla som heltar på underhaldningsprogram på TV, kjenner eg alltid ein sterk bismak. Eg veit at all erfaring tilseier at mange av dei vil leggja på seg att. Korleis er det då å vera helt i eigenskap av å ha blitt så slank? I eit program kom dei kjørande inn med ein haug med smør på ein truck for å visa kor mykje feitt mannen i stolen hadde blitt kvitt. Publikum lo og jubla om einnanan. Det skulle ikkje forundra meg om han gråt litt inne i seg, for det blir eit bilete som seier to ting: «Sjå så flink denne mannen er som har blitt kvitt alt det avskyelege feittet», og: «sjå så mykje avskyeleg feitt denne mannen har bore rundt på, det må ha sett forferdeleg ut…» Eg har aldri blitt så innvendig såra i heile mitt liv som då folk lo av bilete av korleis eg såg ut då eg var ein overvektig niåring i forhold til det eg var då, ein slank tiåring. Eg prøvde å le eg og.

Eg har aldri stemd på Erna Solberg, men ho hadde min 100% solidariske støtte då det nærmast vart ein offentleg debatt om korvidt ein hadde dei eigenskapane som skulle til for å leia eit land dersom ein slepte over sin eigen kropp og vart overvektig. Var overvekt eit karaktertrekk som var forenleg med å vera leiar? Det er til å skrika av. Eg høyrde ein gong tidlegare politikar Hanna Kvannmo seia at ho trua folk som hadde kommentarar til kroppen hennar med at ho skulle koma og setja seg på dei. Dessutan pleidde ho å replisera med at ho for sin del syntest det var betre å vera tjukk på kroppen enn tjukk i hovudet.

All ære til dei som lukkast i å ha ein sunn, slank og sterk kropp. Eg prøver på mitt vis på det same, og det fortener respekt at du har klart det betre enn meg. Det er bare det at me som ber på ekstra kilo godt kan få litt respekt tilbake. Det at me er overvektige seier faktisk ikkje meir om oss enn at me er overvektige.

Ei av yndlingsbønene mine er slik

Gud gje meg styrke til å forandra på det eg kan forandra på,
gje meg tålmod til å leva med det eg ikkje kan forandra på,
og gjer meg klok nok til å skjøna forskjellen.

I hovudet mitt legg eg til, visdom til å leva med nyansane, for livet er ikkje i svart- kvitt, sjølv om det av og til virkar som om nokon trur det.

Og heilt til slutt vil eg våga å påstå at lyset og sjarmen frå eit menneske har lite å gjera med om dei ser etter s, m, l, xl eller xxl når dei kjøper seg nye klede.

La oss sjå på oss sjølve og andre med kjærlege blikk. Me fortener det alle saman!

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: