Gå til innhald

Dikt om sterke kvinner – mellom anna til å bera som ein blom i hatten…

oktober 31, 2014

image

Denne veka skreiv eg eit bestillingsdikt til ei flott dame som skulle heidrast. Ho som bestilde det foreslo at eg skulle leggja det på bloggen min og, for det kunne vera mange flotte, litt trøytte oktoberdamer som trong å høyra slikt som dette… Så då gjer eg det rett og slett…

Han sa han kjende nokon
som var villig til å gå
heile vegen heim
med den som trong det.

Eg kjenner ei
som kor tid som helst
ville springa dobbel maraton
i lag med dei
som måtte ha glede av det,
ei som hentar krefter
enten ho har dei,
eller ikkje har dei
til alle som krefter treng,
medan gjærbaksten hevar på omnen
kakene blir bakte til kyrkja
og barnebarna blir trøysta
og kyste og klemde på.

Eg kjenner ei som går
så lenge det finst vegar,
eg kjenner ei som
aldri gir opp
og som alltid fangar lyset.

Korfor blir det så sjeldan
skrive dikt om slike ?
Dette er eit av dei få,
du kan bera det
som ein liten blom i hatten.

Og så må du hugsa
du som høyrer orda,
å hjelpa meg med
å be henne
om å reia seg ei seng
i det grøne graset
i den lyseblå bobla
av bekymringsløyse
for der har ho fortent
å liggja

medan humlene susar
og englane syng
ein time eller to.
– Så pass lenge
har vegane godt av å venta
og sekunda glede av å kvila.

Måtte Livets og Håpets Herre
signa henne
og oss alle
med sin fred
og sin heilage uro-

Heidi

From → Poesi

3 kommentarar
  1. Tusen takk for at eg fekk lesa det, veldig fint og presist – for nokon eg kjenner og.

  2. Vakkert!
    Finst ein del av dei.
    Men dei likar ofte ikkje stå i fokus.
    Held seg i skyggen og løftar andre fram i lyset..

    Blogga salmen din i dag!

    klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: