Alle mine tider
Samarbeidet med Hilde Svela vart innleia med at ho lurte på om eg kunne hjelpa henne med tekstar til nokre bibelstadar ho var glad i. Mellom anna lurde ho på om eg kunne tenkja meg å skriva ein tekst over denne bibelteksten frå Forkynnaren.
1Alt har si tid,
det er ei tid for alt
som hender under himmelen:
2ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja,
ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja,
4ei tid for å gråta, ei tid for å le,
ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa,
5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar,
ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera,
6ei tid for å leita, ei tid for å mista,
ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta,
7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop,
ei tid for å teia, ei tid for å tala,
8ei tid for å elska, ei tid for å hata,
ei tid for krig og ei tid for fred.
(Forkynnaren 3)
Etter at eg arbeidde med denne teksten har eg tenkt ein del på han. Det er sant at eit menneskeliv romar mange tiden, og det er trøyst i at det er tider for alt. Det er slik det er å leva.
Slik vart teksten min, som altså snart blir å få kjøpt på plate («Ver hos meg» av Hilde Svela)
Slik vart teksten min, som altså snart blir å få kjøpt på plate («Ver hos meg» av Hilde Svela)
*
Det finnest ei tid for å gråta,
det finnest ei tid for å le,
ei tid for å fødast, ei tid for død,
og tider for krig og fred.
det finnest ei tid for å le,
ei tid for å fødast, ei tid for død,
og tider for krig og fred.
*
Det finnest ei tid til å byggja,
og ei for å riva ned,
ei tid for å elska, ei tid for hat,
for tale og teiing med.
og ei for å riva ned,
ei tid for å elska, ei tid for hat,
for tale og teiing med.
*
I di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv,
i di hand, Gud, er mi tid, heile mitt liv.
Det er godt alt eg har fått, det er godt.
*
Det finnest ei tid for å dansa,
men sorga har og si tid,
ei tid for å samla, ei tid for tap,
å finna og setja fri.
men sorga har og si tid,
ei tid for å samla, ei tid for tap,
å finna og setja fri.
*
Det finnest ei tid for å planta,
og ei for å luka vekk,
men i dine hender er tida mi,
der ligg ho så langt ho rekk.
og ei for å luka vekk,
men i dine hender er tida mi,
der ligg ho så langt ho rekk.
*
Så legg eg til ro mine tider,
i handa di, trygt hos deg.
Og medan dei vekslar og stig og synk,
i handa di, trygt hos deg.
Og medan dei vekslar og stig og synk,
så veit eg du vaktar meg.
*
Heidi
Det blei ein veldig fin tekst! Ein veldig fin tekst!
Hei. Eg har «funne» di side på Facebook, og eg vil berre seia takk for at du dele tankar og ord med andre. Fint å lesa det du skriv, rører ved mange strenger i mitt liv. Gud velsigne ditt liv.
Tusen takk, begge to. Gud velsigne dokkar liv og. Det er alltid sterkt og fint å få tilbakemeldingar her.
Dette er ein av dei finaste sangane eg veit om – den innhaldsrike teksten, den nydelelege melodien og den vakre framføringa til Hilde Svela
Takk 🙂
Beste helsing Torbjørn
Takk for gild melding, Torbjørn.