Gå til innhald

Med smak av vestlandsk sommar

juli 22, 2015

image

Dagen i dag har vore fin med sol og litt vind frå vest. Gradestokken har til og med bikka sytten, og kanskje atten grader, så me takkar og bukkar. Eg og Sunniva hadde ein kjempekoseleg føremiddag, me køyrde til Brusand og besøkte ein liten gut me liker veldig godt og bestemora hans. Me sat ute og drakk kaffi og åt deilige vafler med grilla bær og nøter med honning, is og kesam.image

Det smakte aldeles nydeleg og sola varma oss på armane.

image

Etterpå gjekk me tur på ein grusveg som førde ned til ei lita strand med svaberg rundt og «vasfloer» der det var varmare å bada enn i sjøen. Eg må innrømma at for meg var det meir enn kaldt nok å vassa til og med der…

imageDet er så fint med svaberg og det bugna av blomar langs vegen. Det var tiriltunger og raudkløver og masse av ein rosa blom som eg trur må vera storknebb. Viss du ser godt på det nederste biletet, så kan du skimta ei seglskute i horisonten. Me såg fleire store skuter som eg trur var ein del av «Tall ships race». Dessverre var dei for langt ute til at eg klarte å ta fine bilete med mobilen, men seglskuter med fulle segl er eit flott syn.

image

Seinare gjekk eg tur langs havet i lag med Gunn, så eg fekk verkeleg brukt finveret i dag. I tillegg er det sett i gang eit «rydda- kjellaren- prosjekt» i heimen, eigentleg litt mot min stemme. Det er meir behageleg å lukka døra til kjellaren og gløyma korleis det ser ut der inne… Men eg har nå sett i gang ei stor rydding av klede som låg lagra der, så nå sviv vaskemaskinen med full trommel. Ein del skal på plass i skapet, og ein del skal til Fretex… Det er sikkert greitt å få gjort det… I tillegg har eg vore flink og tømt ei øskje med kjøkkengardinar som eg tok med meg frå bestemor sitt hus då ho døydde for 21 år sidan. Det er stort sett nylongardin som eg har visst at eg aldri kjem til å bruka, men eg har ikkje hatt hjarte til å kasta dei heller. Nå får dei gå til Fretex dei og, det kunne jo tenkjast at nokon gjerne vil ha nylongardiner på kjøkkenet i sekstitalshuset… Om eg orkar å senda lyserosa tyll som var bordpynt/ duk i Ingrid eller Sunniva sin konfirmasjon same vegen? Tja, det vil visa seg. Som de forstår så er kjellarrydding ein styrkeprøve for slike som meg…

Heidi

2 kommentarar
  1. Ja, EG forstår! Veldig godt! Det er eigentleg betre at nokon andre berre ryddar vekk, men å gå med på det med viten og vilje er umogleg. Men om nokon berre lurer seg til å rydda utan å seia noko, kan det gå, for det kan fort gå 20 år før eg merkar det – når eg berre ikkje veit om det. Så, frå hjarta: Lukka til! 🙂

  2. Eg forstår akkurat kva du meiner 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: