Gå til innhald

Den gongen eg nesten reiste med toget

april 20, 2016

plakat

 

Dersom alt hadde gått som eg håpa i mine ville idear på måndag, så hadde eg akkurat nå vore på teater. Eg hadde frykteleg lyst til å sjå stykket som Sunniva har skrive for Irene. Irene har regieksamen i dag på Høgskulen i Oslo.  Irene og Sunniva har vore bestevenninner sidan dei var tre år og gjekk i barnehagen saman. Dei har gått på skule i lag i alle år, og nå bur dei saman i Oslo i lag med to andre venninner. Det er Irene si eksamensoppgåve å setja opp stykket, og det er kjempekoseleg at ho set opp noko Sunniva har skrive spesielt til henne.

Dessverre er det langt til Oslo, og det er midt i veka, så det er ikkje bare, bare å dukka opp der, sjølv om ein gjerne ville… Spesielt ikkje for dei av oss som ikkje er glade i å fly. På måndag fann eg ut at det faktisk kunne la seg gjera dersom eg fekk byta vekk siste undervisningsøkta, sprang ned på toget, gjekk rett frå toget til teateret og sette meg på nattoget etterpå slik at eg kunne gå rett på jobb i morgontidleg… Eg var heilt gira på ideen, og hadde planar om å gjennomføra han så sant det let seg gjera, men mine planar vart møtte med lite entusiasme… Eg kan jo alltids håpa at dei kjem til å setja det opp på Bryne og…

image

 

Her er siste innspurt på manusskriving på Hå gamle prestegård i romjula.

IreneOg her er fine Irene som akkurat nå debuterer som regissør.
Eg innsåg i går kveld at sjølv om eg spontant hadde kjøpt meg billigbillettar til toget, så hadde eg ikkje kome meg i veg, så det var nok best på alle måtar at eg aldri kom så langt.

Om mannen min har kome i femtifemårskrisa, eller om han bare har eit sunt behov for å tøya eigne grenser veit eg ikkje, men dei siste månadane har han begynt å trena til å sykla Nordsjørittet. Dei første gongene han var på langtur hadde han vondt i ryggen i fleire dagar etterpå på grunn av den uvante stillingen, men nå gjekk det etterkvart betre. I går la han i veg med friskt mot, hipt sykkelutstyr og klikkpedalar, men etter ikkje så alt for lang tid kom han tilbake nokså mørbanka. Han hadde måtta bråbremsa for nokre gutar, bremsene virka så godt at han stupte over styret med hovudet først og føtene godt fastlåste i pedalane.

Heldigvis hadde han klart å ta for seg med begge hender, og heldigvis så hadde han hjelm på hovudet. Etter ei stund var smertene i venstrearmen så sterke at han fekk Odd Christian til å køyra seg til legevakten, der han vart send vidare til sjukehuset og røntken der han fekk påvist eit brot i albogen. På veg heim vart han klar over kor vondt han hadde i høgrearmen og, og innsåg at han nok burde ha bedd dei sjekka den og.

Då han kom heim ,oppdaga han at han ikkje fekk til å eta eller drikka sjølv, for han klarte ikkje å løfta eller bøya verken venstre- eller høgrearmen. Etter ei natt med mykje verk var det like vondt i dag morges, men heldigvis var galgenhumoren der framleis. Den nye dyre treningsgenseren hans måtte me nesten klippa av, men til slutt fekk eg vrengt han av han under høglydte ulydar. Før eg måtte på jobb, sette eg ein tallerken med oppskorne brødbitar på ein stabel bøker på kjøkkenbordet, slik at han kunne eta dei utan å bruka armane. Me var begge to stygt redde for at mannen ikkje bare hadde ein, men to brekte armar, og lurte på korleis dette skulle gå.

Far måtte tilkallast for å kjøra han til sjukehuset igjen… Heldigvis viste det seg at høgrearmen bare hadde skadar på muskel, sener og bløtvev, noko eg trur på godt gammalt vanleg norsk må bety omtrent forstua og forstrekt… Eg fekk lov til å gå heim etter at undervisninga var slutt, og fekk streng beskjed om å kjøpa med meg sugerøyr.

image

Dette er eit glas solo med sugerøyr tilpassa ein person som ikkje kan bruka armane…

Heldigvis går det allereie nå framover. Det skada mannen får til å bøya og løfta høgrearmen igjen, i alle fall i smertelindra tilstand, så dette skal nok gå bra. Det kan imidlertid sjå ut som om det ser stygt ut for Nordsjørittet… Og på ein dag som denne skal eg vera fintfølande nok til ikkje å fortelja om den gongen han ville begynna å stå på snowboard. På den andre sida, nokre av oss får av rein pyseskap og overdriven forsiktigheit aldri prøvd ut vårt fysiske postensiale. Kanskje eg skal våga meg frampå med eit nyskapande ordspråk? «Den som intet vågar brekker ingenting.» (Bank i bordet med tanke på alle lårhalsar og liknande…)

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: