Eit innlegg i sauablommane si tid…
…eller hestablommane som eg sa heilt til eg som nesten- seksåring flytta til Ålgård og fekk vita at det med hestablommar var heilt feil. Dei heitte nemleg sauablomma.
Nå seier ungane løvetann, så den gamle språkstriden er ikkje relevant lenger. Uansett namn, så er dette ein av dei blomane eg verkeleg er glad i . Det er noko med den frekke gule solfargen og denne ubskjedne evna til å pressa seg fram overalt sjølv om ein svært ofte ikkje ein gong er velkomen. Sjølvsagt er det heller ikkje feil at di er sånn omtrent dei første ville blomane om våren.
Å plukka dei har eg gitt opp, for dei lever ikkje lenge i ein pynteleg vase. Dei gir derimot meg lyst til å leika. Få blomar eignar seg betre til å laga kransar rundt barnehovud. Dei kan bli så lange og fine lenker, og blomsterkronene kan ein knipsa frå seg som små gule planetar i bane rundt livet. Til og med som vaksen kan eg få frykteleg lyst til å blåsa på dei når frøa står brune på ein naken blomsterbotn med kvar sin vesle kvite fallskjerm… Etterkvart har eg fått ei viss forståing for at slikt gjer ein bare ikkje. I alle fall ikkje i nærleiken av naboen sin fine nyklipte grøne plen.
På vegne av kunstklubben var eg ute i sist veke og handla bilete. Eg synest Marianne Auli sine små klovnar eller optimistar, som eg trur ho kallar dei, har noko av den same sjarmen som løvetann…
Og på skulen har me nå fått rumpetrolla til å trivast. Kollega Hildegunn forsynte meg med delvis utklekte froskeegg frå Lye og min entusiastiske kollega Kim var jammen på internett og skaffa oss eit akvarium å ha dei i. Rumpetroll er sjarmerande på den same fullstendig ujålete måten som saueblomar, og barna elskar begge deler.
«Kan eg få ta eit bilete av deg?» spurde ein av elevane mine i dag, og låntok mobilen. Det var litt interessant å sjå seg sjølv gjennom eleven sine auge. Bedugga brilleglas og sminke som har blitt borte, og ikkje heilt skarpt. Men jammen hadde eg eit par smilehol eg i grunnen ikkje visste om, og ein viss optimisme i uttrykket som i grunnen kan koma vel med… Det er kjekt å vera lærar… Og sauablommane si tid er ikkje å forakta….
Heidi
From → barn, blomar, Skule, Uncategorized, våren