Credo
Eg sat og drakk ein kopp svart, varm og litt beisk, morgonkaffi, og visste at eg måtte setja meg ned og skriva eit innlegg om det å tru, og om det å vera kyrkje. Som mange gonger før så stormar det i kyrkja akkurat nå. Som mange gonger før så kjenner mange av oss forventninga om å måtta forklara og forsvara. Det er mange sterke meining på alle kantar, både i kyrkjeromet og ikkje minst utanfor. Og det betyr vel kanskje at det framleis betyr ein del for ganske mange kva kyrkja står for.
Eg må innrømma at av og til når eg høyrer radioprogram, ser TV- program eller les avisinnlegg, og på ein kan låna meg litt meir «objektive briller» enn dei eg vanlegvis har på meg, tenkjer eg at eg til ei viss grad kan forstå at dette må fortona seg som «Det glade vannvit» for dei som er heilt ukjende med desse tankebanane. – Ofte har eg i undring og vantru lese i Dagbladet og VG om kva «kristenfolket meiner», som i setningen «Kristenfolket raser», og nesten ikkje kjend det minste fnugg av gjenkjenning til det denne lettare oppkonstruerte gruppa står for i fylgje tabloidpressa.
Av og til tenkjer eg at Bjørn Eidsvåg har truffe veldig godt med tekststrofa: «Eg lure på om det klovnar me e, til allmenn lått og løye.» Alt som er menneske, av menneske og mellom menneske er fullt av skår og brestar. Me får trøysta oss med at i fylgje Leonard Cohen er det der lyset kjem inn og i mine tankar er det og der humoren og sjølvironien kjem i. Om ein ikkje har varme, sjølvironi og humor, så er det lite anna å gjera enn å setja seg ned for å gråta sårt over alt som er som det er. Det bør ein kanskje gjera uansett ein gong innimellom.
For meg er kyrkja ei samling feilbarlege, snublande, lengtande, leitande menneske, som etter beste evne søkjer saman for å leva evangeliet om at Gud elskar verda, og som kan henta kraft og styrke til å leva liva våre i fellesskapet og ord og sakrament, som det så fint heiter. Det er ikkje rart at me ikkje er einige om alt, me kjem der med kvar våre erfaringar, som livet har gitt oss, som menneska me har møtt har gitt oss, og som eit liv i tru har gitt oss.Eg trur på kyrkja som nettopp dette, eit felleskap mellom menneske, mellom mennesket og Skaparen, mellom mennesket og Kristus og mellom erfaringane frå kvar våre levde liv.
Mitt Credo har nok aldri først og fremst vore henta frå dogmatikken, men frå ei djup barnetru med feste ein stad i mage- og hjarteregionen, og ein sterk lengt etter å møta håpet og godleiken. Ikkje minst ber eg på eit håp om å finna ei kjelde med noko som kan halda meg oppreist og varm, og eit håp eg kan bera med meg ut i resten av livet og til resten av verda. Alt dette finn eg, glimtvis, men varmt og levande, i kyrkja, som eg aldri kjem til å slutta å vera glad i, same kor haltande og feilbarleg ho måtte arta seg.
Ver hos meg himmelske kjærleik,
ver i min dag og mi tid.
Ver i min gråt og min latter,
fyll meg og gjer meg fri
Lev i meg himmelske kjærleik,
fyll meg med alt som er ditt.
Fyll mine auge med varme,
fyll heile livet mitt.
Og sjølvsagt kan eg ikkje koma bort i frå eller ryma frå at, kyrkja, det er meg, på same måte som kyrkja er alle dei som sterkt og heilhjarta, eller vaklande og tvilande, høyrer kyrkja til. Eg trur ikkje på kyrkja som ein maktinstitusjon, men som ei samling menneske som etter fattig evne søkjer Guds vilje med livet sitt, og kjem med lengten om å vera med i eit varmt fellesskap som kan forvalta godleik og nestekjærlik.
At me er ueinige om ganske mykje, forundrar meg som sagt ikkje i det heile tatt, men eg trur at både Gud og kyrkja er større enn det me måtte tru og tenkja og tvila oss fram til av spørsmål og svar. Eg skulle og ynskja at folk med veldig sterke meiningar om kva kyrkja til ei kvar tid heilt opplagt måtte meina om det eine eller det andre, har respekt for at det ikkje alltid er lett å vera menneske, ikkje for dei som er i dei innerste strukturane i kyrkja heller. Ingenting er lettare enn å dømma enten ein er på den eine eller andre sida av ei utfordring, eit synspunkt eller ein tankeprosess. Eg håpar me alle kan vera storsinna med kvarandre som dei samansette og feilbarlege skapningane eit menneske er.
Eg veit ikkje kven som sa det, men nokon har formulert det slik at dersom du har noko godt du trur på, så skal du heller bera det ut på ein måte som gjer at andre menneske kjem etter deg og ber deg om å visa kva du har funne, enn å tre ditt synspunkt over hovudet på andre og fortelja dei at dette er den einaste rette måten for dei å vera menneske på.
Omslutt meg himmelske kjærleik,
sjølv om eg ofte trør feil.
La meg få spegla ditt rike,
vern meg og gjer meg heil.
Kva ynskjet mitt er for kyrkja? At kyrkja ska vera ein open og god plass å koma til for alle. Heilt konkret ynskjer eg meg ulåste dører og eit godt rom å koma inn i. Eg ynskjer ein plass med menneskeleg varme og plass for gode samtalar om kva det er å vera menneske og korleis det er å stå midt i eit menneskeliv. Eg ynskjer meg kveldar der folk kan koma utan å måtta prestera noko anna enn å vera der og kjenna meg heime. Slike kveldar skulle eg gjerne vera med på å vera der og servera kaffi og låsa dørene opp og igjen. Samtidig ynskjer eg meg mange og fargerike fellesskap og gudstenester med fellesskap, brød og vin.
Her mellom speglar og gåter
Her på ei dansande jord
Kom til oss himmelske kjærleik
Vis oss at Gud er stor.
Det var viss omtrent dette eg ville seia i dag, for dette var ikkje tenkt å vera eit flammande partsinnlegg i ein allereie opppheita debatt. Dette var tenkt å vera ei kjærleikserklæring til kyrkja og til det å vera menneske.
Omgitt av Skapande kjærleik
der får eg leva og bu,
midt mellom speglar og gåter
vaklar eg trygt i tru.
Heidi
?Veldig fin salme! Amen.
________________________________ Fra: sporisand Sendt: 23. april 2016 12:28 Til: Jan Ove Ulstein Emne: [Nytt innlegg] Credo
heidiskriv posted: » Eg sat og drakk ein kopp svart, varm og litt beisk morgonkaffi og visste at eg måtte setja meg ned og skriva eit innlegg om det å tru og om det å vera kyrkje. Som mange gonger før så stormar det i kyrkja akkurat nå. Som mange gonge»
Tusen takk! 🙂