Gå til innhald

18.mai

mai 18, 2016

27073953985_b5195eda41_o

I dag byr eg på eit fredfullt bilete. Det skjer så mykje akkurat nå, så eg må minna meg sjølv og andre om å pusta roleg og la tida koma. Denne sauen med lam går forhåpentlegvis ein lang og grøn og fri sommar i møte, og heldigvis så har ikkje dyr nokon som helst tankar om verken fårikål eller frikase…
I dag for 23 år sidan skulle eg eigentleg født ei dotter med planlagd keisarsnitt, men eg fekk utsett operasjonen ein dag fordi eg hadde tankar om at 18. mai alltid ville vera dagen etter dagen, og kanskje leggja ein dempar på feiringa. Kor vidt eg hadde rett, og kor vidt Sunniva er meg takknemleg veit eg i grunnen ikkje, men i morgon fyller den fine jenta mi altså år, og dette året brukte ho 18.mai til å ha munnleg eksamen i pedagogikk, så i år passa det sikkert godt. Dersom ho skulle finna på å lesa her, så sender eg varme gratulasjonar.

Sjølv har eg markert dagen etter dagen med å ha utviklingssamtalar etter skuletid. Det er i grunnen veldig fint å ha ein halvtime til å samtala med elevar og foreldre og kunna konsentrera seg heilt og fullt om det barnet. Det med å få til eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein veldig fin del av det å vera lærar.  Av og til stansar eg opp og ser på elevane og tenkjer, desse barna er det mest dyrebare foreldra har. Dette er barndomen deira, og det er oss vaksne i skulen betrudd å halda deler av deira barndom i hendene våre. Ein kunne fått prestasjonsangst av mindre , men mest av alt fyller det meg med ein slags ærefrykt for det me står midt oppi.

Kolbein Falkeid uttrykkjer dette så fint når han skriv dette diktet, til dotter si, Unn som skal begynna på skulen. Sjølv om dette er skrive frå foreldreperspektiv, så kjenner eg tankane veldig att frå lærarståstad og.

God tur, skolepike

God tur, skolepike.
Med den røde ranselen som en soloppgang på ryggen,
og flettene lik gardiner trukket til siden
for nakken din, denne hvite nonnen
jeg alltid har lyst til å si omforlatelse til,
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.
Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodete
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet;
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut til livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig.
Så god tur med deg, skolepike.
Kolbein Falkeid

26798740460_2d064a119d_o

Dersom me kan klara det, så trur eg at noko av det viktigaste me kan gje barna på skulen er ro, tid og humor. Med tusen ballar i lufta, så er eg kanskje ikkje den rette til å seia det, men dersom me hugsar å pusta roleg ut og inn, så er det nesten alltid tid til ro midt i eit liv som rullar og går. Nå bør mitt liv gå i retning senga…

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: