Kunst på Kinokino
På sundag var eg, Torun og mor hennar på kunstutstilling på Sandnes, nærare bestemt på den gamle kinoen som nå sorterer som utstillingslokale under namnet Kinokino.
Det var denne utstillinga me var ute etter å få med opninga på.
Torun og Bente er bestevenninner frå barndomen av, og vaks opp saman på Frøyland. Det er slik eg har blitt kjend med Bente, og eg har fått veldig stor sans for skulpturane hennar.
Toril Brosten får ha meg tilgitt at det er Bente sine skulpturer som har fått plass på sida mi i dag. Eg hadde veldig lite batteri att på mobilen, og plutseleg var det heilt flatt slik at eg ikkje kunne fotografera meir.
Utstillinga heiter «Telling stories», og for meg gjorde ho akkurat det. Et har tidlegare spurt Bente kva ho tenkjer om at eg tolkar skulpturane hennar. Ho seier at det er det ho vil at skulpturane skal gjera, skapa historiar i andre menneske. Sjølv ville ho ikkje seia så mykje om kva ho sjølv hadde tenkt, fordi det var underordna.
Det kan vera at eg ikkje burde skriva her kva historiar som begynner å fortelja seg i meg når eg ser skulpturane, så eg skal bare antyda mine eigne historiar.
Eg ser mange menneske skua saman i båtar, ein sovande engel i ein av dei, forblinda herskarar på høge hestar og ein herskar som søv godt på gullputa si…
Men altså, hysj… Gå heller og opplev både skulpturar og maleri på eigen hand. Kanskje er det heilt andre historiar som dukkar opp i deg…
Heidi