Gå til innhald

Det som gjer livet verd å leva

juni 19, 2016

 

I dag morges las eg noko Knut Grønvik hadde skrive som eg fekk lyst til å dela. Han skriv om livsglede og eg kjende at orda hans fann ein klangbotn i meg. Eg trur at orda hans er til ettertanke for fleire enn meg så nå skal eg sitera. Først må eg bare fortelja at alle desse grindene som prydar innlegget fotograferte eg for ei vekes tid sidan i Sikvalandsområdet. Eg vart så fascinert av alle dei fine fargane. Korfor eg har dei med akkurat her får vera dagens sommargåte…

Det er ikke slik at gleden og lykken vokser med inntekt og formue. Er det ikke snarer overfloden av penger, oppølevelser og eiendeler som truer med å fortrenge livsgleden, mens nøysomheten gjør oss takknemlige og tilfredse?

Overflod gir livslede. Kjedsomhet. Og dermed kaster vi oss på forbrukskarusellen igjen, uten at vi blir det minste gladere av det.

Biskop Martin Lönnebo skriver:

Vestens hunger er først og fremst psykisk og åndelig, og den kan ikke rettes opp gjennom ytterligere materielt forbruk. Det gjør bare skaden verre fordi den skjuler den.

Knut Grønvik

Eg trur at herrane Grønvik og Lönnebo har eit par gode poeng her. Sjølv er eg overbevist om at gleda finst ein annan stad enn i det landskapet der me bare er opptekne av å kjøpa og konsumera.

Men du all verda så lett det er å bli dregen med på ein karusell ein eigentleg ikkje hadde tenkt å klatra opp på ein gong.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: