Gå til innhald

Får me lov å spara?

juni 20, 2016

 

«Får me lov å spara?» spør ungane på skulen når dei ein sjeldan gong har fått lov til å leika med lego i timen. «Nei,» er som regel svaret. «Her på skulen har me ikkje så mange legoklossar, og det er veldig mange som har lyst til å leika med dei, så ingen kan få lov til å spara. Klossane må på plass igjen i kassane.»

Det hender at eit barn med oppfinnsomt sinn og ivrige fingrar lar seg frista til å stikka byggverket sitt vekk bak kassane eller innerst på ei hylle i staden for å plukka klossane frå kvarandre att. Alt i håp om å kunna henta fram att eit fiks ferdig byggverk neste gong det blir ein sjanse til å leika… Eg kan ikkje seia anna enn at eg forstår dei veldig godt.

Eg er sjølv mykje meir glad i å rota ut og byggja opp enn å plukka ned att. Eg hugsar framleis mi vantru forskrekking då mora til ei venninne hadde kasta det fantastiske dokkehuset me hadde bygd tidlegare i veka. Sjølv fekk eg lov til å spara på det meste, det skal dei vaksne rundt meg ha. Til tider var romet mitt i andre etasje hos bestemor fullt av pappøskjedokkehus og papirdokkefamiliar, lappar med tøybitar, ein symaskin, sakser, lim, maleskrin og papir.

Eg har framleis denne endringsvegringa, for det er vel på ein måte det det er over meg… Eg liker å laga installasjonar, bønevandringar og lesekroker, og eg synest det er frykteleg trist å plukka det ned att…

Det å starta eit skuleår er å byggja ein verden, innreia eit klasserom, henga opp fine ting på veggene, dela ut nye bøker og få den nye vesle verda til å bli ein god plass å vera. I juni skal det heile plukkast ned att, det gjer eg alltid med ein viss motvilje, og det er ikkje bare fordi eg ikkje er flink til å rydda og systematisera.

Eg sørgjer over å mista kolleger, eg synest det er trist å skifta klasse, eg synest det er frykteleg trist å senda barn eg har vore glad i og jobba med over til ungdomsskulen, og eg synest det er trist når nokon melder frå om at dei skal slutta på skapande skriving. Eg liker begynnelsar betre enn avslutningar, og eg liker betre å opna dører enn å lukka dei bak meg.

Men det skal bli fint å få sommarferie. Nå nærmar det seg veldig. I dag har eg vore på koseleg lunsj hos Aud saman med Else, dama med gummistøvler og paraply på biletet under, og med andre kjekke damer.

Eg fekk lokka Leif med meg til Wiig – gartneri for å ta eit nytt lodd på draumen om å få ein fin hage i sommar. Det har regna heftig det meste av dagen, men i juni er det lyst og fint likevel. I morgon lovar dei betre ver, og det passar oss godt for då tek me med oss ungane og satsar på ein fin utedag med dei i Sandtangen.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: