Nest siste skuledagen
I dag høyrde eg på Dagsnytt 18, der debatten gjekk om korleis norsk skule brukte skuledagane i juni, og at mange hevda at læringstrykket var lovleg lågt desse siste vekene i skuleåret.
Mykje kan nok seiast om det, og dette er i grunnen ikkje tenkt som eit tungt innlegg i debatten. Eg vågar likevel å innrømma at me var på tur til Sandtangen med tredje og fjerde klasse i dag. Same korleis ein måtte sjå på det, så vil eg bestemt avvisa at elevar bare lærer viktige ting når dei er i eit klasserom. I dag kunne me observera ein flokk andungar og observera at dei symde saman med ein flokk vaksne ender der alle var hoer.
Barna lurte på korfor det var slik, og kunne ikkje svara. Eg var heller ikkje sikker på om alle andungane hadde same mora, sjølv om dei symde saman. Me såg at fleire av dei vaksne endene nappa i ungane med nebbet og lurte på om det var barneoppdragelse eller maktmisbruk.
Eit svanepar var og der. Elevane lurte på korfor dei ikkje hadde med seg ungar. Eg sa at eg trudde det betydde at dei ikkje hadde levande ungar i sommar, og at viss dei hadde egg eller ungar trudde eg at ein av foreldra hadde passa på dei. Ungane spurte om det var for seint for dei å leggja egg nå, det måtte eg ærleg svara at eg var usikker på…
Eg er nokså sikker på at min eigen, usedvanleg kunnskapsrike naturfaglærar, Bjørn Øfstaas, kunne ha svart langt betre enn meg på dette spørsmålet, men eg tenkjer at det og har sin verdi å undra seg saman. Optimalt sett kunne eg drive intens etterforsking for å kunna svara dei på spørsmåla, men akkurat i kveld orkar eg ikkje, fordi eg er så trøytt, og eg trur ikkje det gjer så mykje om nokon problemstillingar blir hengande litt i lufta… Eg trur ikkje dei nødvendigvis hadde lært meir om eg skreiv tre læringsmål på tavla og sa at nå skulle me læra fakta om svaner og stokkender…
For eit par veker sidan var me på ekskursjon til Tjødnå og fanga vassinsekt, småfisk og blodigler. Det var kjempespennande for både små og store, og i sist veke hadde me ei forestilling som mellom anna innebar at elevane hadde lært store mengder tekst utanåt, og at dei fekk erfaring i å laga forestilling, stå på scenen, dansa og spela teater. I går arrangerte dei store «mattetivoli» for dei små, og for eit par veker sidan arrangerte sjuande klasse fotballcup for dei fire første trinns der dei store var sommarmat, lagleiarar og førstehjelpspersonale i tillegg til å servera drikke, steikja lappar og servera spelarane oppskorne grønsakar og frukt. Det var veldig imponerande å sjå kor flinke dei var og kor mykje ansvar dei var i stand til å ta.
Dette var ikkje meint å vera eit skulepolitisk innlegg, men vart det kanskje likevel… Eg vil bare veldig forsiktig dela erfaringa at det ikkje bare er «vanleg skule» som tilfører elevane noko viktig.
Heidi