Jonsok
Me har ikkje så mangejonsok-tradisjonar her i huset, noko som på ein måte er litt trist, men det opnar for ulike innfall. Sidan eg var lita har jonsokafta vore ein spesiell dag, og slik er det framleis i hovudet mitt. Eg hadde høyrt at det alltid pleier å vera gudsteneste i Gamle Orre kyrkje, på jonsok, og Olsok, og i går bestemte me oss for at den hadde me lyst til å få med oss. Det er så vakkert der nede, og sidan Ingrid og Oddvar gifta seg der for eit år sidan, så har den gamle kyrkja blitt endå meir spesiell for meg.
Det er så fint å koma ut av kyrkja og ha utsikt ut over havet. Utanfor er det mange gamle graver med små jernstakitt rundt. På den eine grava vaks det ville fiolar rundt gjerdet. Desse lysaste dagane i året handlar for meg om livet og lyset, og då blir døden på ein måte komplementærtilstanden som og høyrer med.
Då me kom ut av kyrkja etter gudsteneste med dåp og mange bunadkledde barn, «Den blomstertid nu kommer» og «Deg å få skoda,» lukta det bål. Det var røyk i lufta, og det brann bål fleire stadar både langs strendene og lenger inne i landet. Det var eit spesielt lys ute med himmelen delvis blåsvart av mørke skyet og delvis lys himmel med lett skydekke og kveldssol. Det var akkurat som om sola sette spotlys på nokre område.
Me bestemte oss for å fylgja etter lyset og kveldssola og kjøra sørover langs havet. Då me kom til den gamle kyrkjegarden på Varhaug var det så fint lys at me måtte stoppa litt. Dessutan var me jo så godt i gang med kyrkjegardsvandringar…
Ekskursjonen vår gjekk vidare sørover. Eg hadde kome til å tenkja på at eg visste om ein stad sør for Ogna der dei sel verdens beste softis. Sidan me ikkje var ute på pølsegrilling, så måtte vel det vera ein god form for feiring. Me tok med oss isen og gjekk ein tur i det som viste seg å vera eit veldig fint, og for oss heilt uoppdaga område.
På vegen heim stoppa me fleire gonger for å fotografera. Desse alle lysaste kveldane har eg stort behov for å ta vare på. Eg hadde eigentleg planlagd å skriva inn to-tre heimesnekra lyriske jonsoktekstar her, men eg ser at det får bli eit eige innlegg…
Begrensningens kunst er stor, men han virkar ikkje å vera min….
Heidi
Kor fine bilete!
Tusen takk 🙂 Etterkvart kom teksten og…