Jonsok- lyrikk
Så heldige me er som framleis har så mykje fin natur rundt oss og i tillegg ei jord som kan gje oss mat og blomar. Akkurat i desse dagane ser eg så tydeleg kva me har og kva me risikerer å mista. Denne visa skreiv eg på jonsokdagen for to år sidan. Kalle Fjogstad har laga ein fin melodi til.
Midtsommarvise
I glødande midtsommarkveldar
når båla brenn sakte ned,
og sola heng tung over havet,
når lufta er metta med fred,
skal du plukka deg ville blomar
og binda dei fint i krans,
og takka for lyset og sola,
for kveldar med sommarglans.
Du ser det går skip langt der ute,
og lasta er von og tru,
du veit det er sommar på Jæren,
du er her, og her skal du bu,
Sjå sola heng låg ut i havet,
ei kule av gull og eld.
Du takkar for lyset og livet,
for angen av gras og kveld.
I hutrande midtsommarkveldar,
med bål som brenn inn i natt.
Når sola sig stille i havet,
så einaste gløden er att,
du kviskrar ei bøn i mot natta,
for frysande, vesle jord,
som framleis kan bera på blomar,
vår trufaste, mørke mor
Dette diktet skreiv eg for fem år sidan.
Jonsok
skal eg vaka
for alle gode tings skuld,
for marehalm og anger
for fuglevenger
mot lys natthimmel
for tårer,
for bølgeskum
og barnehender
skal eg venta
frå sola
sig stor og raud i havet
til ho står opp att
for alle håp,
skal eg plukka sju slag blomar
og gje dei i vatn
skal eg be til Gud
og til alle englane
for all god vilje
og for mor vår, jorda.

Og i går skreiv eg dette… Ta det som ei uferdig skisse…
Gjennom mitt eige misdtsommarlandskap
med smørblomar og strandnellikar
stig det ein mann i kamelhårskappe
med villhonning i skjegget.
Ei peikande rørsle
mot dei kvite lamma på markene,
framleis spring dei der
med uskuld og vår i føtene.
Medan me tennar båla
i songen om lys og sommar
tenner dei for von og eld,
for lengt og lyse netter.
Mot den glødande horisonten
går store tause skip
frå båla kjem det røykskrift
mot veggen av sommar.
Mannen i kamelhårskappe
snur seg og løftar blikket.
Heidi