Gå til innhald

Sommarmorgonsykkeltur

juni 23, 2016

Det siste året har me unna oss vaskehjelp eit par timar annankvar veke. I dag var det siste gongen før sommaren, så eg måtte koma meg opp og ut for å gje dei arbeidsro. Eg pakka saman litt for å gå på biblioteket og skriva, men det var så nydeleg ute at eg fann ut at sommarferien heller fekk begynna med ein sykkeltur.

Det  blømer så fint i grøftene nå, og eg er så glad når dei ikkje har kantklipt eller sprøyta med gift. Markblomane er med på å gjera sommaren til sommar, og eg vil gjerne ha dei overalt. Nokre stadar har dei slått allereie, og det luktar gras og høy. Kornåkrane står grøne og svaiar i vinden.

 

Eg syklar nedover mot Skeie, forbi hestar og kyr som beiter. Havet opnar seg mot horisonten. Eg tenkjer at det er merkeleg at ikkje resten av verda har oppdaga kor fint det er her og kjem i store flokker som i pilgrimstog for å oppleva dette. Ein fugl flyg høgt opp i lufta og stupar loddrett ned over ein åker, sikkert for å forvirra meg slik at eg ikkje finn reiret hans. Ei stor kråke sit på eit vegskilt og skrik i det eg syklar forbi.

Nede ved sjøen veks det fuglevikke og strandnellik. Ein andefamilie med seks ungar ligg og duppar i havkanten. Den aller beste måten å kvila tankane på er å sitja slik og sjå utover sjøen. Det burde menneska gjera oftare.

Heidi

e

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Nydeleg sommarstemning!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: