Siste sundagen i juni
I dag var det min tur til å vera loddselgjar på Hå gamle prestegard, som dugnad for vennelaget på prestegarden. Det er ein hyggeleg sundagsaktivitet, dersom ein klarer å nyta å ta livet med ro. Det er så fint der nede at det ikkje gjer noko om veret er på den eine eller andre måten, vakkert er det uansett. I tillegg er det ein veldig triveleg atmosfære inne i lokala. Loddselgjarane sit slik til at ein har utsikt gjennom utgangsdøra i glas, og kan fylgja med på livet nede i havkanten og på skip og seglbåtar ute på havet. Meir imøtekomande folk enn dei som sat ved skranken i dag trur eg ein skal leita lenge etter…
Medan eg sat der og kikka på folk og på havet, snakka med hyggelege folk som var innom, og skreiv dikt mens eg hadde tid, kom dei gong på gong for å fylla kaffikoppen min. Så kom ein av dei og lurte på om han kunne få lov å henta ein lappe til meg borte i kafeteriaen. Han kunne anbefala sin eigen favoritt, lappe med rømme og rabarbrasyltetøy, kunne eg ha lyst til å smaka det? «Det høyrdest godt ut,» svarte eg, og snart var han tilbake med godsakene, og hadde til og med med seg kniv og gaffel i tilfelle det skulle vera vanskeleg å eta på grunn av all rømmen…
Då det nærma seg stengetid og det minka på folka, sa dei at eg godt kunne avrunda loddsalet, så fekk eg tid til å kikka på utstillingane. Det hadde eg lyst til. Det var tre utstillingar der, ei russisk utstilling med tema religion i russisk samtidskunst, ein installasjon av ein kinesiske installasjonskunstnar, Beili Liu, som hadde forelska seg i jærnaturen og hadde laga installasjonen «Der vindane får fart.»
Den tredje utstillinga er den eg har vald å visa glimt frå på bileta over. Den danske kunstnaren Julie Word har hatt eit prosjekt der ho har teke utgangspunkt i fotografi av for henne ukjende menneske, gjerne foto ho har funne på internett. Desse lagar ho portrett av der ho leikar seg med uttrykka i ansikta deira. Ho forsterkar gjerne trekk ho vil ha fram, og kan gjerne gje dei masker eller la ansikta deira vera delvis svarte. Ein del av utstillinga var ein dokumentarfilm der ho fortalde om prosessen og om arbeida sine. Me fekk sjå henne jobba med bileta medan ho fortalde kva ho tenkte. Ho brukte blyant, tusj og akvarell. Eg likte både filmen og bileta hennar veldig godt.
Då eg gjekk inn om føremiddagen, regna det ganske tett. Etter at eg var ferdig med dei fem timane mine, hadde skodda kome sigande med tett skodderegn. Det skapte eit spesielt og veldig fint lys som eg hadde trengt eit mykje betre kamera for å få skikkeleg fram. Eg har likevel gjort eit forsøk på å fanga eit av husa i havkanten hylla inn i grå skodde, og nokre av sauene og ungdyra som beitar i havkanten der eg er sikker på at graset må smaka salt.
Då eg kom heim venta det eg hadde gleda meg mest til denne dagen. Halvard er heime ein snartur, og Leif hadde lova å laga pizza til barn og svigerbarn i nærleiken. I dag var det bare Sunniva som mangla. Det er noko av det finaste eg veit å samla alle saman. Det er ikkje så ofte det skjer lenger. Me kunne og feira at Halvard har kome inn på førstevalet sitt til nesteår, filmregilinja på Westerdals. Eg gleder meg med han. Det er veldig kjekt når dei får driva på med det dei har mest lyst til.
Heidi
From → Barna mine, Jæren, Jærstrendene, kunst, sommar, Uncategorized, Utstillingar