Gå til innhald

Det vokser et tre i Brooklyn

juni 25, 2016

det-vokser-et-tre-i-brooklyn

Denne boka kom eg tilfeldigvis over då eg lånte bøker på det digitale biblioteket for eit par veker sidan. Etter få sider var eg trollbunden.

Boka er meir enn noko ein oppvekstroman frå Brooklyn på begynnelsen av 1900-talet. Hovudpersonen Francie veks opp i stor fattigdom, men med ein fantasi og ein innvendig glede som gjer at barndomens Brooklyn livevel stort sett blir opplevd som eit vakkert eventyr.

Det å vera menneske bli skildra med ei øm forståing og kjærleik som gjer at ein blir oppriktig glad i dei som samansette personar med dei slagsidene dei måtte ha. Faren til Francie er syngjande servitør og slit med store alkoholproblem, men ho elskar han over alt i verda. Mormora, mora og tantane ber alle på ulik måte med seg ein indre styrke og eit lyst sinn som gjer at dei møter dei utrulegaste livssituasjonar med optimisme og pågangsmot.

Det eg likte aller best med boka trur eg den skildra opplevinga av å vera barn. Forfattaren Betty Smith tek utgangspunkt i sin eigen barndom i Brooklyn på same tida. På ein eller annan meistarleg måte fekk ho meg til å gjenkjenna og nesten gjenoppleva barndomen sett gjennom augene på ei ganske kreativ lita jente med auga vidopne for livet og med stor tillit til tilveret som voggegave.

Dersom du skal lesa ei vakker bok i sommar, så er ikkje denne så dum… Eg skulle gjerne høyra kva andre tenkjer etter å ha lese ho. I ei anmelding såg eg at slagsida til boka kunne bli at ho kunne lesast som ein litt søtladen variant av den amerikanske draumen der det går godt til slutt for dei som ikkje gir opp. Med dei brillene på ser eg kva anmeldaren meinar, men for meg var det lyset og eventyret som gjorde boka veldig lesverdig,

Heidi

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: