Gå til innhald

Så fint som sommar heime…

juni 27, 2016

27135358866_bdf7c6dc68_o

Kanskje er det lett for meg å seia sidan me beviseleg har billettar ut i verda om mindre enn ei veke, likevel vågar eg meg på denne påstanden: Sommarferie heime kan vera noko av det finaste ein kan driva med… I alle fall kjennest det slik for meg akkurat nå, men eg veit at nokon eg deler hus med ville protestert heftig om eg hadde foreslått at det skulle bli årets ferievariant. Eg veit jo at eg og og er glad i å reisa når eg først kjem i gang… I dag låner eg nokre av min fotograferande mann sine sommarbilete, rett og slett fordi han er ein mykje flinkare fotograf enn meg med mykje betre fotoutstyr, så det kjennest nesten som å pynta orda sine med små smykke. Eg er så glad for dei to bøkene me har laga i lag, og nå ligg det eit endå større fellesprosjekt og koser seg i tankane mine. Sidan det ikkje er noko å seia på fantasien min, så er ofte prosjekta mine aller finast på det planet…

Kva er det eg liker med å ha ferie heime? Nokre av svara gjer seg sjølv. Til vanleg trivst eg godt med eit fullpakka liv der timeplanen for dei fleste timane i døgnet er lagde. Derfor er det så velsigna godt å vakna til dagar heilt utan avtalar, som ein kan møblera sånn etterkvart etter innfallsmetoden. Dei som kjenner meg godt, blir nok heller ikkje overraska over å høyra at ei av dei verkeleg store gledene når ferien er eit faktum er å slå av vekkjarklokka på mobilen. Eit liv utan vekkjarklokke er for meg ingenting mindre enn ei stor velsigning. Det inneber fort at kveldane kan bli seine og lyse sommarnetter heime i norden er noko av det aller vakraste eg veit. Det er i grunnen litt trist å tenkja på at me beveger oss sørover om ikkje så mange dagane, og når me kjem heim er det blitt ein heil del mørkare om kveldane.

27232366320_bcddccfbbd_o

I eit av dei finaste dikta eg veit, står det at «Mens Gud enda trodde på menneskene, skapte han juninettene. Kanskje litt av det vakre ligg i det forgjengelege. Me veit at dette kjem ikkje til å vara, og lever med vemodet i at det snart skal takast i frå oss. Eg liker alle årstider, men dette er den beste. Ein luksus som nesten kjennest syndig er å ta seine morgonar og lesa bøker før dagen begynner. Eg les mest om kveldane og om morgonane. Det er då eg klarer å rydda tid til det. Eg trur eg eg gladare i å lesa enn nesten nokon andre eg veit om. Eg er ikkje udelt stolt av det. Kanskje fordi lesing er så lystbetont for meg, så kjennest det litt som ulovleg unnasluntring frå mitt eige liv å bruka tida mellom permane på ei bok. I dei mest travle periodane i livet mitt har eg skaplese nesten som ein del andre menneske skapdrikk… Eg har hatt bøker liggjande i skuffer på kjøkkenet og på badet og har smuglese når sjansen til ti minutt med ei bok måtte by seg… Då farmor var her for å hjelpa meg i nokre veker då eg hadde eit nyfødd barn, ein eittårin, ein femåring og ein åtteåring, og ikkje skulle løfta dei seks første vekene etter keisarsnittet, sa ho til syster mi at «Heidi trong så lang tid til å rydda på loftet at eg lurer på om ho hadde ei bok der oppe…» Om eg hadde det, hugsar eg ikkje, men i etterkant er eg så snill med meg sjølv at at tenkjar at det i såfall var vel unt…

I går, i natt og i føremiddag har eg smuglese Knausgard. Eg har lese «høst» og «vår», der han skriv tekstar til si ufødde og etterkvart nyfødde dotter. «Høst» er ei undrande og reflekterande bok der mykje av plassen går med til å undra seg over ord og begrep. «Vår» er ei bok som minner mykje meir om «Min kamp». I vår finn du kvardagsskildringar frå ein far som for tida er eineansvarleg for ein barneflokk fordi kona hans er tungt deprimert og delvis innlagd på sjukehus i både svangerskapet og i halvåret etter fødselen. Eg høyrer med til dei som liker å lesa Knausgaard. Eg har respekt for hans kompromisslause vilje til ærlegdom… Likevel ser eg at det reiser store etiske spørsmål ved å vera så ærleg fordi andre sine liv nesten alltid vil vera tett fletta inn i eins eige liv. Dersom ein skal vera heilt open og ærleg vil ein automatisk koma i skade for å utlevera andre på ein måte som for meg ofte vil gå over grensa til det uetiske. Det er og slik at verda sett frå mine tankar ikkje er identisk med verda sett frå andre sine tankar. Eg veit at om eg skulle utlevera mi oppleving av andre sine liv og handlingar, så ville dei slett ikkje kjenna seg att i alt. Eg grøssar og djupt og inderleg for tanken at nokon skulle utlevera det som er meg sett ut frå deira oppleving av ting eg er, seier og gjer. Eg tenkjer at me har ei etisk og nestekjærleg teieplikt, og at for å leva godt med kvarandre må me alltid ha med oss tilgjeving og kjærlege briller. Likevel tenkjer eg at det å lesa Knausgaard nesten er det næraste ein kjem å tenkja eit anna menneske sine tankar, fordi han dokumenterer det så detaljert og usensurert.

 

26994884394_68255487ca_o

For på mange plan så er me aleine om å oppleva våre eigne liv omtrent som denne sauen… – Nå kunne eg ikkje dy meg for å laga ein relativt banal overgang til eit fint bilete eg rett og slett hadde lyst til å bruka… Men for å dra avsnittet over litt vidare, det er i grunnen litt rart at det nesten er forbunde med litt dårleg samvit det å lesa bøker på lyse dagen, det er kanskje ein av grunnane til at eg får for lige nattesøvn? Det ligg alltid ein liten tanke bak i hovudet når ein les,»Eg burde nok heller vore ute og jogga,» » Eg burde heller ha vaska kjøkkenet eller luka beda mine…» Eg er usikker på om dette er fordi eg er så glad i å lesa. Vil ein treningsnarkoman tenkja: «Eg burde heller vore heime i stova og lese ei bok..:» Truleg ikkje, men eg har ikkje erfaringar som tilseier at eg kan vita det… Det eg veit er at eg vart litt skremd då eg ein gong såg ein gjeng samfunnstoppar bli intervjua i ei avis om kva slags skjønnlitterær bok dei las akkurat nå eller hadde lese i det siste. Ein skremmande høg prosent av dei sa at dei ikkje hadde tid til å lesa skjønnlitterære bøker. Min første tanke var «Då får dei skremmande lite trening i å tenkja andre sine tankar».

Alle fire barna våre er glade i å lesa og les bøker. Det er eg glad for å ha inspirert dei til. Likevel kan eg tenkja,»Du burde lært dei å bli glade i å gå på ski…» Det har dei dessverre, og nå er eg ikkje ironisk, aldri lært av meg, og til mitt forsvar heller ikkje av sin austnorske far, med god norsk oppdraging i så måte.

26783378100_82713e8b07_o

Men heldigvis så inneber sommarliv heime og turar på sykkelen og på beina, sånn stort sett kvar dag. Eg må jo ut og oppleva kor fint alt er ute nå. Vidare betyr det lange økter med skriving, enten med penn eller på tastatur, og det utan å kikka på klokka heile tida, noko som denne heller utflytande teksten er eit eksempel på. For meg er det som regel rein skaparglede i det å setja seg ned for å leika med ord. Det er sikkert like uforståeleg for mange som det er uforståeleg for meg at nokon har stor glede i å springa mil etter mil eller å vera i timesvis i treningsstudio. Det er lett for meg å tenkja at dei gjer slikt fordi dei er så flinke menneske, men sannsynlegvis er det ein del som rett og slett likar det… Me er i grunnen fascinerande forskjellige. I sommar har eg lyst til å skriva mykje, det grenser nesten opp til ordet jobbing, men eg trur innsatsen stort sett kjem til å fylgja lystprinsippet…

27073953985_b5195eda41_o(1)

Ein annan sommarfyd er å vera spontant sosial. Det å invitera okon til eit felles måltid, bli invitert til nokon, ta ein kopp kaffi i lag med folk du har for lite tid til, eller rett og slett snakka litt med naboen.  Sommaren er kanskje meir enn noko å sleppa å sjå på klokka heile tida. Akkurat dette les eg og ei bok om for tida, men den skal eg koma nærare tilbake til seinare. Det er godt å ha tid til å tenkja tankane sine heilt ut, sjølv om nokre av dei kan vera litt skremmande.

26798740460_2d064a119d_o(1)

Medan eg har skrive dette, har eg høyrd tre episodar av Språkteigen på nettradio. Det er ei fantastisk oppfinning at ein kan spara opp radioprogram og høyra på dei når ein har tid. Eg har drukke eit stort krus med svart kaffi, og fått besøk av katten som har skubba viktige ting ned av skrivebordet mitt. Nå ligg ho her og mel, og eg får litt dårleg samvit for at me snart skal reisa i frå ho. Sjølv om nokon skal passa på både henne og huset blir det slutt på døgnservice som innebær å bli sluppen inn eller ut midt på natta og bli klappa og mata etter spontane behov…

26995618543_b6c876f939_o

Eg vart nettopp avbroten på ein annan veldig hyggeleg måte og. Eg fekk ein telefon frå ein hyggeleg mann som fortalde at dei hadde lyst til å bruka bidraget mitt frå «Bibeldikt» som ein del av den store festgudstenesta under Olavsdagane i Trondheim laurdag 6. august. Det vart eg oppriktig glad for at dei hadde lyst til. Eg blir barnsleg glad kvar gong nokon har lyst til å bruka noko eg har laga. Eg vart invitert til Trondheim, men måtte seia at datoen nok dessverre ikkje passar. Eg spurde om det gjekk an å høyra gudstenesta på radioen. Det sa han at eg kunne. Det skulle gjerast opptak som skulle sendast seinare. Det gler eg meg til å høyra…

27268349953_e12723d1e4_o

 

Nå er teksten blitt så lang at det sikkert bare er nokre få som kjem heilt ned hit, så nå er det nok på tide å avrunda… Ha ein velsigna sommardag heime eller borte… Til avslutning passar det å sitera ei linje frå eit dikt eg skreiv for nesten tretti år sidan:

Men framleis juniregn,
ha tol…

Heidi

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: