Gå til innhald

Me som går forbi

juli 11, 2016

Likninga om den barmhjertige samaritanen har fått ei ny vinkling. Før har eg sett det som ei eksempelforteljing som skal hjelpa oss å gjera det rette. Nå skimtar eg mitt eige ansikt halvvegs skjult i kappen til presten og levitten som skundar seg forbi og håpar ingen såg at dei har sett.

I storbyar blir ein utfordra på andre måtar enn heime. I går gjekk eg forbi to gonger, eg kjende skam ved å gjera det, og eg gjekk forbi fordi eg var hjelpelaus og fordi motet svikta.

Første gongen gjekk eg ned Invalidenstrasse, der me bur på hotell eit par dagar. På ein benk ved eit busstopp låg ei ung jente og sov i ein merkeleg stilling. Ho hadde ein plastpose med livet sitt i ved sida av seg. Ho såg herja ut. Ho var nok i ein form for rus, men eg lurte på om ho trong hjelp. Hadde ho teke ein overdose. Leif var som så ofte tjue skritt foran meg, eg prøvde å ropa på han, men fekk ingen reaksjon. Tett i tettmed menneske gjekk forbi, ingen reagerte i det heile tatt. Kanskje det var eg som overreagerte. Eg tenkte at eg burde gå bort.

Plutseleg vart eg redd for at ho skulle bli aggressiv, redd for at ho skulle riva til seg veska mi, redd at ho skulle ha allierte som hadde gøymt seg, mange rare tankar eg ikkje trudde på sjølv. Eg måtte bestemma meg. Eg var i ferd med å bli gått i frå. Det var jo mange andre enn meg som kunne og burde reagera… Eg gjekk vidare, men snudde meg fleire gonger i håp om at nokon skulle gå bort. Eg såg ingen. Eg skamma meg, og tenkte at viss dette hadde vore skjult kamera, så ville eg vore ein av dei som gjekk forbi… Dei eg mange gonger har reagert med indignasjon over når eg ser det på film. Eg sa til meg sjølv at det var sikkert ikkje så farleg sidan ingen andre reagerte. Så gjekk eg vidare.

Bare timar seinare stod eg utanfor Berlin Hauptbahnhof i lag med mange andre ukjende menneske. Leif var gått for å ta ut fleire pengar, og eg hadde sagt at eg ville venta på han der. Eg såg ein mann liggja samankrølla på fortauet. Han hadde ei brennevinsflaske i handa. Eg vurderte om eg burde gå bort og sjå om han trengde hjelp. Etter ei stund kom han seg opp og sette seg på ein benk. Han var svært overstadig berusa. Han kunne ha vore på min alder eller ti år eldre. Han kunne og ha vore ti år yngre… Han hadde ingen tenner att i munnen, kleda var skitne og uflidde og auga hans var slørete og symjande.

Mannen begynte å brøla. Han snakka ikkje og ropte ikkje. Han brølte som eit dyr eller som ein fotballsupportar. Lyden kunne minna om ein stut eller ei utolmodig ku. Eit brøl, eit opphald på nokre sekund, eit nytt brøl. Slik haldt det på. Folk gjekk omvegar forbi han og såg på han med avsky, frykt eller nyssgjerrig interesse, men ingen gjekk bort. Skulle eg gå bort? Kva kunne eg gjera?

Ville han i så fall la frustrasjonen gå ut over meg? Ville han slå med den halvfulle flaska han hadde i handa? Ville han spytta eller kanskje til og med bita og kanskje smitta meg med hepatitt eller hiv?

Men korfor brølte han som eit såra dyr? Hadde han vondt nokon plass? Hadde han eit forferdeleg angstanfall? Var han i delirium eller var han psykotisk? Haldt han på å døy av eit eller anna og ingen brydde seg? Kan ein døy på ein benk medan hundre menneske ser på utan å løfta ein finger dersom ein er rusa nok. Eg fann ikkje på ei meir fornuftig løysing enn å be til Gud inni meg, halda eit auga med han og håpa at nokon snart gjorde noko.

Folk kom ut frå stasjonen med trillekoffertane sine og gjekk rett forbi. Endeleg gjekk ein ung mann bort til han og prøvde å snakka roleg med han utan å få skikkeleg respons. Då tok han opp ein telefon, slo eit nummer og sa noko eg ikkje høyrde. Kort tid etter kom dei. Fem politikonstablar med uniform. Dei hadde tatt på seg hanskar. Tre av dei var så unge at dei mykje mogleg var aspirantar under opplæring, for det var vel i overkant å koma fem mann for å ta seg av ein overstadig berusa bråkmakar. Dei prøvde lenge å snakka roleg med han utan å få svar. Dei diskuterte seg i mellom og var rolege og vennlege. Til slutt henta dei ein slags rullestol dei fekk plassert han i og rulla han med seg bort i politibilen medan han framleis brølte på same måten. For alt eg veit så kan dei ha henta han på same måten fleire gonger i veka.

Eg sa til Leif etterpå at eg burde ha reagert… På dei eine eller andre måten når ein mann sat og brølte og alle bare gjekk forbi. Han sa at eg kunne ikkje ha gjort så mykje fornuftig. Ikkje visste eg kva nummer eg skulle ringa, og ikkje har eg kompetanse i korleis menneske skal behandlast i ein slik situasjon. På ein måte har han rett, på ein annan måte kan eg ikkje heilt befri meg frå tanken at eg burde ha vore meir handlekraftig. Eg forstår presten og levitten som gjekk forbi mannen som vart overfalt av røvarar på ein øde veg. Det var ofte landevegsrøvarar i området, og mannen kunne rett og slett liggja der for å lokka til seg godtruande menneske slik at røverbanden hans som låg på lur kunne storma fram og overfalla dei…

Eg tenkjer ofte på songen til Sivart Dagsland «Ka kan eg gjørr eg e så liden?» Ofte følest det slik.

I dag var me innom eit museum med bilete frå Hitlertida. Det slo meg at personana på bileta kunne ha vore kven som helst av oss om me hadde hatt moralsk uflaks og var fødde på den tida i det miljøet. Me er flokkdyr og vil helst tru og meina det same som resten av flokken vår. Det er tryggast slik. Eg veit ikkje om det er lov til å fotografera bileta på museet og bruka dei sjølv på internett, men det er det eg har tenkt å gjera for å understrekja tankane mine.

image

Dette er menneske som helsar på føraren sin på den måten som det vart forventa at dei skulle gjera. Eg reknar med at svært få av dei var grusomme eller vondskapsfulle menneske. Dei gjorde bare det som vart forventa av dei. Dei gjorde som alle andre.

image

Dette er glade menneske som fekk lov til å ta på føraren som beæra dei med å vera til stades på eit idrettsstevne…

image

Dette er unge soldatar som vart utplukka til å vera med i eit spesialkompani. Sjå kor unge dei er, dei ser nesten ut som barn. Hadde dei føresetnadar til å forstå kva dei var med på?

image

Desse glade menneska som hyggar seg med trekkspel og allsong er dei ansette i ein konsentrasjonsleir. På biletet er dei på utflykt og synest sikkert det er deilig å tenkja på noko anna enn jobben. Dei var sikkert kjærlege familiefedre og omtenksomme kjærastar fleire av dei…

image

Om dette biletet kjem frå den same utflukten veit eg ikkje, men desse søte unge damene, nokre av dei på alder med døtrene mine jobbar og i konsentrasjonsleir. Er det andre enn meg som sit med ein grøssande fornemmelse om at menneska på bileta kunne ha vore oss?

image

Dette er jenter som vert snauklipte framfor ei jublande forsamling fordi dei har forelska seg i krigsfangar. Etterpå måtte dei gå spissrotgang gjennom gatene med skilt rundt halsen der det stod at dei var utstøtte frå samfunnet på grunn av skjendig omgang med krigsfangar…

image

Og her er nokre av dei som let seg unhalda av å sjå på klippinga. Det er alltid ei god trøyst å vita at ein sjølv er eit godt og dydig menneske som ikkje driv med denslags som andre kan tenkjast å henfalla til…

Heer det berømte biletet  av den eine personen, midt i sirkelen som ikkje strekkjer armen til Hitler-helsing slik alle dei andre gjer. Kunne det ha vore meg eller deg? Det er fint å tenkja at det kunne det, men det krev mot å handla og meina på tvers av flokken…

image

Dette vart eit langt og alvorleg innlegg, men eg kjende at eg måtte skriva det, om ikkje anna så for min eigen del…

Gud hjelpe oss som går forbi. Ofte klarar me ikkje noko betre. Og Gud hjelpe oss som skal ta gode val. Det er ikkje bare bare å vera fødde som flokkdyr, sjølv om det å ha ein flokk, i alle fall for meg, er noko av det som gjer livet godt å leva.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Lett å kjenne seg att i, dessverre .

  2. Hei, flott blogg; kan jeg få bruke fotoet på min blogg av tvangsklippingen av de to tyske jentene? Vet du om fotoet er fra tidl. vestberlin?

    Mvh Sven-Inge

    http://www.sveningejohansen.no

  3. Hei, fin blogg du har. Kan jeg få bruke fotoet du har funnet av tvangsklippingen av de to tyske jenter i en artikkel i min blogg? Er fotoet tatt i Vestberlin?

    Mvh Sven-Inge Johansen

    http://www.sveningejohansen.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: