Sundag i Berlin
I går kveld ankom me Berlin Hauptbahnhof om kvelden. Me var innom ein thailandsk restaurant og kjøpte med oss vårrullar som me tok med på hotellet. Me hadde nemleg sett i ei nettavis at Henrik og Filip Ingebriktsen skulle springa finaleheat i EM, og det hadde me lyst til å få med oss. Me nådde det akkurat, og det var kjekt å få med seg den tyske kommentatoren. Det var stas å sjå dei springa inn til første og tredje plass, og sakna intervjua, som eg reknar med kom på norsk TV.
I dag er det finalen i fotball- EM som blir send på den fancy TV-veggen vår. Eg kikkar på med eit halvt auge medan eg skriv blogg og redigerer foto. Dersom det blir straffesparkkonkurranse skal eg heller ta pause i skrivinga.
Berlin er ein by det alltid er kjekt å besøkja. Eg nynnar «Ich hab`noch einen Koffer in Berlin» og mimrar ei tysklekse i leseboka frå Sandnes vidaregåande: «Berlin ist eine Reise wert.»
Eg hugsar og tydeleg instruksjonane frå min kjære tysklærar på ungdomsskulen, Jakop Bergeland som innprenta oss at på tysk heitte det Beeerliiin med trong e som i ser, ikkje som på norsk der det nesten blir Bærlin. Eg høyrer for meg at me måtte seia Beeerliiin både i kor og ein og ein for å overlæra poenget, men det kan vera eg hugsar feil… Den samme tysklæraren gav meg følelsen at tysk var eit ganske lett språk å læra, og då me kom til Sandnes vidaregåande, syntest me frå Ålgård at me kunne mykje tysk. Litt av gleda med å vera her er å snakka tysk. Det er jo eit språk ein for brukt mykje mindre enn engelsk, så det er kjempekjekt å praktisera det av og til.
Første gongen eg høyrde om Berlin var i samband med farmor og farfar sin sommarfosterson, berlinarguten Christian, som kom til dei kvar sommar då eg var lita. Det var eit prosjekt for å hjelpa vanskelegstilde barn frå Berlin. Bestemor frå Bryne fortalde om Berlinarmuren og kor trist det var at det var blitt slik, og at muren kanskje aldri skulle rivast.
I 1984 var eg og Leif på togtur til Berlin for første gong og fekk dagspass til å passera Checkpoint Charlie og oppleva DDR i Aust- Berlin. Det var veldig merkeleg å kunna gå gjennom grenseovergangen og vita at om austberlinarar prøvde seg på det same, så kunne dei bli skotne. Eg hugsar kjensla av å gå minst femten år tilbake i tid, og at me åt pølser på ein litt sliten imbiss i ei litt grå gate.
Eg hugsar og jubelen og vantrua då me såg muren falla via TV- skjermen vår på Klepp folkehøgskule, og at Per Inge som hadde eit eller anna ærend i Berlin kom til oss med ein murbit med raudmaling på den eine sida, ferskt hogga ut av den nyrivne Berlinmuren. Eg hadde murbiten ståande framme i mange år som eit symbol på at murar kan rivast og fridom kan la seg finna.
I dag har me bevega oss mykje i det området der Berlinmuren stod, og delvis framleis står som eit minne. Det gir meg ein porsjon framtidsoptimisme at den istykkerbomba byen frå 1945 der folk delvis levde i ruinhaugar på gatene og overlevde i eit nesten apokalyptisk miljø er blitt oppbygd til ein moderne og velfungerande by, og at byen der menneska måtte bu i skilde verdenar med ein mur i midten, nå er blitt ein by igjen. I dag var eg og inne i det som var den største synagogen i Berlin i førkrigstida, som vart stengd og seinare nedbomba, og som nå er gjenoppbygd. Dessverre høyrer det med til historia at synagogen av sikkerheitshensyn blir konstant overvaka av bevæpna politi og at eg måtte gjennom ei flyplassliknande innsjekking før eg slapp inn.
Etter at muren fall vart deler av han ståande att som eit minne om det som hadde vore. Forskjellige kunstnarar vart inviterte til å dekorera austsida av muren, det er blitt eit langt galleri med ulike bilete som kjem i lange rekkjer. Det berømte kyssebiletet med ansikta til Leonid Bresjnev og Eric Honecker, på biletet over, er eit av dei.
Me var på ein slik City-Rundfart, med turistbuss der ein i teorien kan hoppa av og på når ein vil, og hoppa av då me kom til dette området. Det som var synd var at det aldri kom ein ny buss me kunne hoppa på etterpå, men det er ein annan historie…
På baksida av murgalleriet var det ein annan historie som vart fortalt. Der vart det vist bilete frå Syria og fekk høyra historiane til menneske som hadde fått liva sine snydd opp ned etter krigshandlingane der. Det var eit sterkt innlegg i flyktningedebatten.
Denne mannen hadde mista begge beina i eit bombeangrep, og kvinna til høgre hadde mista den eine armen og fått store skadar i ansiktet.
Ei kvinne med hijab gjekk langsomt langs muren og filma fotografia. Eg kom til å tenkja på at ho kanskje sjølv var syrisk. Eg ser ikkje vekk frå at mykje i samtida vil få oss til å grøssa ein gong i framtida slik me nå gjer over Hitler- Tyskland, Holocaust og DDR- tida.
I dag hadde me den varmaste dagen me har opplevd i sommar. Etterkvart vart det sikkert tretti varmegrader. Midt i byen ved elva Spree var det fleire plassar oasar av sol og sommar midt i byen med fluktstolar og folk som solte seg på graset. På eit inngjerda område låg folk og solte seg i bikini og badebukser, åt is og spelte badminton. Visstnok skal det finnast kunstige sandstrender og til solingsbruk, men dei har me ikkje sett endå. Sjølv dreiv me det ikkje lenger enn til å drikka sundagskaffi på ein uterestaurant tett ved Spree. Nå er me trøytte i beina etter å ha trava rundt i Berlin i timesvis. Planen er å leia syklar i morgon…
Heidi