Gå til innhald

Ein by eg ikkje visste eksisterte – del 1

juli 15, 2016

 

 

Eg trur adri nokon by har vekt så mange følelsar i meg på ein og same dag, og nå snakkar eg om ein by eg ikkje eingong har visst eksistere. Byen heiter Lviv, og ligg i Ukraina ca to og ein halv time frå Polen viss du reiser med tog. Bynamnet blir uttalt sån ca midt i mellom «Le-viv» og «Lø-vivv».

Me vart kasta inn i eit tidleg og litt ublidt møte med byen i første omgang. Me var her klokka seks, og hadde ikkje hotell før tre, så me måtte vakna i lag med byen…

Først bomma me litt på hovudgatene og gjekk i nokre gater me opplevde som veldig grå og nedslitte. Dei menneska me møtte virka og litt slitte og triste. Små gule bussar og blå trikker kjørte fulle av folk som skulle tidleg på jobb, og me var einige i at etter ansiktsuttrykka å dømma så kunne dei like godt vore på veg til konsentrasjonsleir. Gatefeiarane var dei første som opphaldet seg i gatene. Ein av dei var ei krumbøyd lita dame med skaut og oransje refleksvest. Ho såg ut som om ho var minst åtti år, likevel gjekk ho der og plukka søppel klokka seks om morgonen…

Eg lurte litt på korleis nokon kunne rosa denne byen opp i skyene. Her virka det jo gjennomført tristt… Trøytte og heimlause etter ei natt nesten utan søvn, leitte me etter ein plass me kanskje kunne sitja ganske lenge med ein kopp kaffi og noko frokostliknande, men det einaste me såg var gatefeiarar, folk som var på veg til jobb eller leitte etter flasker. Bare utanfor ein bar sat det folk og drakk. Dei hadde kanskje ikkje avslutta kvelden endå…

image

Så kom me inn i ei mykje meir triveleg gate. Til nå hadde me vore heilt som analfabetar fordi dei bruker det kyrilliske alfabetet, det vil seia Leif har lese litt russisk, så han kunne tolka bokstavane. Orda sa oss ikkje så mykje, og sjølv om me hadde kunna russisk, så hadde me ikkje forstått ukrainsk. Eg tenkte at det og er oppdragande, tenk så mange som kjem til landet vårt utan å kunna lesa det som står på skilt og i aviser…

Men i denne gata fann me ein veldig hyggeleg kafé med skilt på engelsk om at me kunne bruka internett, kjøpa frokost og velgja mellom mange typar kaffi. Det var til og med små visdomsord på engelsk på veggene, og lyst og triveleg inne. I parantes bemerka så irriterer eg meg ofte over engelske skilt i norske butikkar, kanskje eg må revurdera det og. Eg fekk meg kaffi og internett og tenkte at om ikkje denne byen skulle ha så mykje å by på, så kan me i alle fall ha det koseleg her…

image

Me sat på høge krakker ved vindauget. Plutseleg sa Leif » Sjå ut, det var spesielt». Eg såg ut av vindauget, men hadde ein litt annan synsvinkel enn han, så eg forstod ikkje kva han meinte før han viste det til meg.

Nabobygningen til der me sat var ei kyrkje. I det folk passerte kyrkja på veg til jobb, stansa dei eit sekund og korsa seg før dei gjekk vidare. Ein del av mennene tok av seg lua i det dei gjekk forbi og sette ho på seg etter å ha passert kyrkja. Nokre snudde seg mot kyrkja, andre korsa seg bare automatisk medan dei snakka med sidemannen. Det såg ur som om minst halvparten av dei forbipasserande utførte dette ritualet. Var folk i Ukraina så  relkvise?

» Skal me ikkje gå og sjå på kyrkja?» foreslo Leif. «Kanskje det er morgonmesse der akkurat nå.»

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: