Gå til innhald

Morgon i Lviv

juli 15, 2016

Det er morgon i den byen som på ukrainsk heiter Lviv og på russisk heiter Lvov. Me ankom hit klokka seks lokal tid, det me ikkje visste var at me er ei tidssone lenger aust, så klokka mi var bare fem når me plutseleg var framme…

Tureen med ukrainsk nattog var innhaldsrik. Eg skriv meir om det seinare. Me var innom hotellet, men det var for tidleg å sjekka inn. Me fekk setja att bagasjen og fekk med oss den forferdelege hendinga i Nice. Me tenkjer sjølvsagt på folk me kjenner som me veit er der, og håpar snart me får vita at dei er trygge. Me er på kafé med Internett, men her er mange som vil inn, så me får nok gi plassen vår til andre.

Nå er det blitt ettermiddag og me har logga inn på hotellet. Heldigvis har me fått bekrefta at dei me visste er i Nice akkurat nå,  ikkje er direkte berørt av terroren. Det må utan tvil gjera noko med ferieturen deira, men det viktigste. Er at dei er heile og uskadde.

Sjølv har me reist med ukrainsk nattog i natt…  Først var me litt forvirra på om det var rett tog fordi nummeret på infotavla ikkje stemde heilt med nummeret på billetten, så var me forvirra fordi me ikkje såg vogna vår, og gjekk inn i ei anna for ikkje å bli fråkjørde. Der vart me ståande til ein nokså brysk konduktør sende oss ut av toget og forklarte at me måtte springa heilt fram til vogna bak lokomotivet. Der fekk me ein knøttliten kupe, som skulle kunna byggjast om til soveplass for to når natta kom. Alle opplysningane som kom var på ukrainsk, polsk eller russisk, og det som stod som oppslag på gangen og på do kunne me heller ikkje lesa.

Då toget vart ståande ein time i Krakow, visste me ikkje om det var noko gale eller om det skulle vera slik. Det siste viste seg å vera rett.

Det låg framme dyne og to store puter til kvar av oss på ein hems me måtte klatra opp ein bratt stige for å nå opp til, laken dynetrekk og putetrekk låg pakka i andre posar. Det er forresten dei rareste dynene eg har sett, ca femti meter breie for å passa til dei smale køyene.

Gjennom den papirtynne veggen til nabokupeen høyrde me den engelsktalende reisande jovialt presentera seg for den for han tydeleg ukjende polske eller ukrainske medpassasjeren: » Hello, friend, my name is John, which bed do you want? » Då eg passerte kupeen litt seinare sat dei saman i underkøya med open dør og prata og delte ei lita flaske vin, så dei fann tydelegvis tonen.

Fire gonger i løpet av natta vart det banka på døra vår for ulike passkontrollar og spørsmål om kor vidt me hadde varer å fortolla. Klokka halv fem banka den uniformerte togdama, som hadde eit lite krypinn ved doen med eit klappsete, ei kokeplate og ein kaffikjele på døra vår og ønska oss god morgen. Eg stussa litt på det sidan me ikkje skulle vera framme før seks, men me oppdaga at me hadde passert ei tidssone.

Det er ganske oppdragande med situasjonar der me går glipp av informasJon, ikkje forstår språket og ikkje skjønar rutinane. Sjølv som turist med eit bånnsolid norsk pass i handa, syntest eg det var litt ubehageleg med desse uniformerte ukrainske tollkontrollørane. Av ein eller grunn var det ein slags bilalarmliknande lyd som durte og gjekk i bakgrunnen, og eg lurte fælt på kva det betydde. Eg kan bare ana korleis møte med ukjende rutinar og språk må opplevast dersom ein kjem som ein flyktning til eit land der ein bare kanskje er velkomen…

Me kom oss vel av toget, etter å ha begynt å gå mot sentrum, snakka me med nokon og forstod at det var for langt å gå. Me gjekk tilbake til stasjonen der me kort tid tidlegare hadde takka nei til ca femten ulike drosjesjåfør, som tilbaud oss skyss… Me plukka ut ein me syntest såg ut til å vera ein seriøs taxi. Sikkerheitsselane gjekk det ikkje an å bruka, og det vat så vidt me fekk til å kommunisera med han. Han køyrde som ein villmann, men heldigvis sette han oss av med hotellet. Eg hadde begynt å sjå for meg at han skulle kjøra oss til ei fjern bakgate og finna fram kniven. Heldigvis blir veldig mykje av det som dukkar  opp i hovudet mitt som film i fantasien aldri meir enn akkurat det…

Me fekk setja inn bagasjen og vaska oss litt på hotelltoalettet, men framleis var det seks timar att til innsjekk. Først av alt måtte me ut i gatene og sjå byen vakna… Det får de høyra meir om i neste kapittel…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: