Når du har problem med å hugsa kor du er…
Eg har øvd meg heile dagen på å hugsa namnet på plassen me er på. Nå har eg klart det. Me er i Cheviniki i Ukraina, ikkje langt frå grensa til Romania. I morgon tidleg set me oss på bussen som skal ta oss til Suceava, ein by i Romania der me skal møta i alle fall ein av lærarane som var på besøk med elevar på Leif sin skule rett etter påske.
Dagen i dag var meint som eit slags kvileskjer i ein relativt liten by me ikkje visste nesten noko om. Ein av tinga me gjerne ville få gjort var å vaska klede. Me har skylt opp nokre få plagg i hotellvaskar, men skikkeleg klesvask hadde me ikkje hatt sidan to dagar før me reiste til Danmark, så nå var kofferten full av skitne klær. I dag vart antrekket gul sommarkjole, sjølv om det er den kaldaste dagen me har hatt, for alle buksene var til vask…
Det kjennest nesten litt flautt å levera frå seg to posar med skitne klær for at andre skal vaska dei for deg, men det var ubeskriveleg luksuriøst å få dei reine og fint bretta tilbake, og det er fint å vita at min mobile heim i form av ein koffert nå er full av reine klesplagg.
Etter frokost måtte me ut og sjå oss om. Målet var å finna busstasjonen for å få kjøpt billettane til i morgon. Det viste seg å vera ganske langt å gå, så me fekk oss ein skikkeleg føremiddagstur.
Husa her et store og staselege med mykje dekor. Dette må og ha vore ein rik og staseleg by i si tid akkurat som i Lviv. Eg tenkjer på kor utruleg enkelt jærbuen hadde det for hundre og femti år sidan, og tenkte igjen denne salmesteningen: Mens jordens riker stiger og de synker…
På vår veg kom me forbi noko så spesielt som ei sjokkrosa kyrkje. Me måtte jo sjå korleis ho var inni, så me gjekk inn. Turen vår er blitt reine pilgrimsvandringa med daglege opplevelsesrike stopp i ulike kyrkjer.
Eg veit ikkje heilt kva eg hadde venta meg å finna i ei sjokkrosa kyrkje, men inne var det ein veldig høgstemt ortodoks katedral. Alle kvinnene som var der inne hadde tildekka hovud, så eg drog opp den grøne anorakkhetta i håp om å ikkje vera til anstøyt… Eg kjøpte to vokslys som lukta av honning då dei vart tende. Eg tende dei i ein av lysglobane og bad ei stille bøn for nokon eg tenkjer spesielt på akkurat nå.
Eg la merke til at alle ikona var dekte til med ei glasplate, og på kvart av dei låg eit brodert famelommetørkle av den typen svigermor alltid hadde i veska. Eg lurte litt på korfor, og så fekk eg sjå det. Dei som kjem inn for å be gnir eit parti av ikonet reint med lommetørkleet, før dei bøyer seg ned og kryssar ikonet.
Då me ville gå ut, høljeregna det, så me sette oss litt til i kyrkja. I kyrkja var det mange kvinner og fire menn, ein munk, ein prest, ein soldat og ein som eg lett fordomsfullt kunne ha trudd selde tjuvegods på gata fordi han såg så tøff og hard ut. Det var ganske sterkt å sjå sistnemnde tenna lys, stå i stille bøn framfor ikona og bøya seg ned og kyssa dei.
Denne mannen har vore hos frisøren i dag og fått seg ein skikkeleg hårklipp til den nette sum av fjorten kroner rundt rekna…
Elles så fekk eg lese ut ei av bøkene eg las i på toget i går, «Den japanske elskeren av Isabel Allende». Eg likte ho. Eg har og omsett nokre av dikta mine til engelsk for å gi dei til nokon som ikkje forstår norsk. Det er spennande. Før har eg omsett andre sine ting til norsk, men aldri mitt eige til engelsk. For å gjera det skikkeleg måtte eg sjølvsagt gjort det i samarbeid med ein som hadde engelsk som sitt førstespråk, men det er kjekt å prøva.
Heidi