Tog i Ukraina
Reiseleiaren min hadde bestilt ei sekstimars togreise for to personar og betalt ca 36 norske kroner til saman. Me hadde ein liten mistanke om at togstandarden nok ikkje var heilt som heime.
Me hadde heldigvis berekna god tid, for først var det ein kø for å finna ut kva slags kø me skulle stå i, og så ein kø for å få billettane våre. Etterpå hadde me framleis så god tid at me gjekk og sette oss i eit venterom. Ei litt bisk ukrainsk dame kom og fekk fortalt oss utan eit felles verbalt språk at der fekk me ikkje vera. Først forstod me ikkje, så viste det seg at ein måtte betala for å få lov til å sitja der. Det var ikkje mykje, men sikkert nok til at mange ikkje unnar seg venterom.
Me fekk litt hjelp av mannen på biletet til å tolka dei kyrilliske billettane våre slik at me kunne vera trygge på at me ville finna rett spor, rett tog og rett vogn. Han snakka brukbart engelsk, han var utdanna ingeniør, men i helgene var han disc-jockey og reiste fram og tilbake til Lviv med utstyret sitt.
Toget vart sett opp i god tid. Det var eit langt lyseblått tog som såg ut som om det var hundre år gammalt. Framfor kvar vogn stod det ein konduktør og sjekka billettar. Det var høgt frå plattformen og opp til inngangsdøra, og me var heldigvis to som kunne hjelpa kvarandre å få den tyngste kofferten opp den bratte trappa.
Då me fekk buksert bagasjen vår gjennom den tronge gangen, kom me inn i ei togvogn som ikkje likna noko me hadde sett før. Det fine biletet Leif har tatt får det til å sjå idyllisk ut, og det var det på ein måte, men samtidig var det veldig, veldig slitt.
Til venstre på dette biletet er det enkeltsete utan rygg, to og to mot kvarandre med vegg bak som ein kan støtta seg mot. Det er mitt hår de ser i venstre hjørnet, og Leif sit rett ovanfor meg, mellom oss har me eit vindauge å sjå ut av.
Til høgre for den smale midtgangen sit folk fire og fire på benkjer mot kvarandre. Det er ein slags slagbenkjer, ein kan løfta opp setet og ha bagasje oppi. I midten er det eit langt bord. Det spesielle er at over benkene er det to etasjer med køysenger, den øverste er vel mer til bagasje. Sjå for dokke at gamlefar ligg på ein slik benk og slapper av under heile turen, og at barna etterkvart blir lagde i desse køyene. Det får heile togvogna til å likna ein stor sovesal.
Det var i grunnen ganske koseleg. Folk prata og åt nisten sin. Barn vart lagde, trøysta og hysja på. Nokon spelte kort. Det gjekk an å kjøpa kaffi og te i eit shabby lite rom ved toalettet. I beste korsveiånd hadde folk med eigen kopp. Sjølv åt me tørre bollar kjøpt på stasjonen, og syntest i grunnen at me tilpassa oss godt.
Ein gong under turen avslørte me oss som utlendingar. Ein mann reiste seg opp og såg ut som han ville vippa ned bagasjehallene over hovuda våre. Leif reagerte med å prøva spontant å avverge det, for me hadde ein tung koffert der som verken me eller andre burde få i hovudet. Det viste seg at det var unødig engsting. Det viste seg nemleg at det var ei overkøye som kunne stenkast over hovuda våre og, og mannen ville bare leggja det femte barnet sitt. Det var framleis mogleg å sitja oppreiste under hylla, og det var i grunnen bare koseleg å sjå ein liten barnefot eller ei barnehand i sprekken mellom vindauge og overkøye.
Me rulla i eit bedageleg tempo gjennom det ukrainske landskapet, og såg små landsbyar med klynger av små gardar med åkrer og jorder rundt. Me såg gjess og kalkunar, geiter og sauer og me såg folk arbeida på markene. Me såg blomsterenger med valmuer og prestekragar og me såg fleire storkar.
Det mest problematiske med heile togturen var togdoet som var bittelite, skite og utan vatn i den skitne vasken. Sjølve doskåla var veldig låg, kanskje førti cm. Me priste oss lukkelege for å ha med antibac og for ikkje å ha noko særleg behov for å bruka det romet. Det slår meg kor bortskjemte me nordmenn er på toalettfronten, eg synest til og med at det er ganske ufysne at ein brukar dunkar til brukt dopapir fordi røyra ikkje er berekna på at slikt kan skylast ned.
Omtrent halvvegs på turen kom det på eit stort fylgje som eg trur var i familie med kvarandre. Ein høg tynn mann i kvite klede med brodert folkloremønster på skjorta starta med å skjenne så høgrøysta på kona at eg nesten hadde lyst tilmå gripa inn, men snart snudde humøret og han var i feststemning. Han lo og gaulte, klaska seg på låra og klappa i hendene medan han spelte kort på den mest høglytte måten eg nokon gong har høyrt med små klaps og eit rop kvar gong han la eit kort på bordet.
På ein av stasjonane sprang han av toget for å kjøpa øl til folk i vogna og etter ti sekund bestemte han seg for å springa av og kjøpa meir. Sjølv om det rett som det er finst nokon som føler seg kalla til å underhalda på norske tog og, så er nok ein tur med sørlandsbanen ganske tamme greier samanlikna med dette…
Eg var litt engsteleg for om me fekk oss og koffertane ned den bratte stigen på rett stasjon, men det viste seg å vera endestasjonen så alle kom seg av. Me kom levande frå drosjeturen til hotellet denne gongen og. Det føltest som utruleg luksus å ha eit hotellrom til disposisjon.
Heidi