Buss til Romania
Dei utruleg søte jentene i resepsjonen på hotellet hadde smurt niste til oss sidan me ikkje hadde tid til å eta frokost. Me fekk med oss små plastboksar med sandwich, yoghurt, frukt, jus og kjeks. » Those buses are very comfortable,» hadde den eine av dei fortald oss i går. «They even have aircondition…»
Dei bestilde taxi for oss til busstasjonen. Etter ei veke i Aust- Europa, så har eg slutta å rekna med at drosjane har bilbelte, men denne sjåføren kjørde i alle fall fint. Han korsa seg i det han køyrde forbi kyrkja, det er litt rørande at til og med veldig unge menn gjer akkurat det.
Bussjåføren vinka på oss då han såg oss. Det var litt radert at han visste me skulle på hans buss, kanskje han hadde sett på passasjerlister at han skulle ha med skandinavar, og at me såg ut til å vera noko så pass eksotisk?
Etterkvart fyldest bussen opp, og ca ti minutt etter oppsett rutetid rulla me i veg. Eg klarte ikkje ka vera å smila av setningen «Very comfortabke buses,» for aldri har eg vore på ein buss som har humpa så mykje, dette må ha gått mjølkevegen frå Skumperud på Heia ein høg gang. Eg prøvde å fotografera litt ut av vindauget, men gav fort opp, det humpa slik at eg var sikker på at bileta ville bli uskarpe.
Det var mykje kjekt å sjå på. Me kjørde forbi mange små gardar, åkrar og enger, fleire storkereir og fleire flokkar med villhundar. Me såg og mange som køyrde høylass med hest og kjerre, og som jobba med hest. Leif sa i går at å gå omkring i Cherniviki var som å vera tilbake på trettitallet. På mange måter er det å veta i aust- Europa som å vera på tidsreise.
Bussen sleit tungt i motbakkane, og eg lurte nesten på om han kom til å klara å ta oss heilt fram, men det humpa og det gjekk.
Det som ikkje kjem fram på dette fotografiet, er at deler av frontruta var dekt med helgenbilete. Ei smilande og litt geskjeftig dame gjekk rundt på bussen og snakka lågmælt og fortruleg med ein heil del av dei andre passasjerane.
Først tenkte eg at det var då veldig så mange ho kjende her på bussen. Leif gjorde meg merksam på at ho bar på ein pose med flasket. Ho hadde tydelegvis lyst til å ha med seg litt meir alkohol enn det som var lov over grensa, og nå prøvde ho å få nokre av dei andre til å ta ei flaske i veska si. Mange sa nei, men nokon sa ja, mellom anna ei lita oldemor med blomstrete skaut. Til slutt klarte ho å ordna seg, og såg veldig fornøyd ut.
Ved grensa tok det ca halvannan time å koma over. Folk vart telde, og passa vart samla inn og delte ut i to omgangar. Ein gutt hadde ei stor veske med mange brød, og eit av brøda vart teke med, sikkert for å sjekka at det ikkje var noko inni.
Til slutt måtte alle ut av bussen, ta bagasjen ut av bagasjeromet og stå på rekkje ute. Tollarane sjekka raskt all bagasjen, og alle vart klarerte og så fekk me koma inn i Romania. Plutseleg kunne me lesa skilt att, og til og med tyda ein del av dei, for rumensk liknar nokså mykje på spansk. Ein augneblink kjendest det nesten som å koma heim… Nå er me på nytt hotell og skal ut og oppleva Sucheava.
Heidi