Ein veldig fin dag i Suceava, Romania
Dette biletet er teke i hovudgata i Suceava, like ved hotellet vårt. Her leiker det masse barn, og dei syklar forbi og går på rulleskøyter. Det er alltid eit godt teikn å sjå leikande barn som ser trygge ut og som får rom til å utfolda seg.
I dag på føremiddagen sat eg ganske lenge på ein benk ute i sola og skreiv og las Knausgaard. Det var herleg og avslappande og gav ei god kjensle av sommar.
Tidleg på føremiddagen vart me plukka opp av Maria, som Leif, og delvis eg og kjenner frå eit Erasmusprosjekt som Bryne vidaregåande skule er med på Eg møtte Maria to gonger då dei var på Bryne ved påsketider, og den eine kvelden snakka eg veldig mykje med henne, så eg syntest nesten me var kjende eg og ho og. Ho bur og jobbar her i Suceava, så det var derfor me valde akkurat denne byen. Ho ville gjerne invitera oss med på ein restaurant som serverer typisk rumensk mat, og på ein sightseeing i området.
Først åt me deilig grønnsakssuppe med chili og brød. Leif og Maria åt det som Maria fortalde var ein veldig typisk rumensk rett, steikt svinekjøt med pølser, polenta, speilegg, saueost og sylteagurk. Eg syntest det kanskje høyrdest ut til å vera i kraftigste laget for meg, så eg fekk steikt oksekjøt servert med ein kraftig soppsaus pynta med blomar og krydderurter. Etterpå fekk me dessert, pannekaker med varm cottagecheese og sjokoladekake med is.
Maten smakte nydeleg, og eg var glad for at eg hadde vald ei litt lettare variant. Uvant nok så vart kjøtet servert bare med saus og utan tilbehøyr som grønsakar og poteter eller ris. Det er sjeldan eg et kjøt i det heile tatt, men det var spennande å smaka på den tradisjonelle maten.
Maria er psykolog og rådgjevar på skulen der ho jobbar. Ho er oppteken av forteljing, skriving og drama, og er ei veldig triveleg dame å vera i lag med. Ho tilhøyrer den ortodokse kyrkja, så eg fekk spurt om ein del eg har lurt på etter å ha besøkt dei veldig stemningsfulle ortodokse kyrkjene i Ukraina. Ortodokse prestar får lov å gifta seg, og ho har ein svigerson som er ortodoks prest.
Me var og kikka på ei gammal borg og me fekk sjå tradisjonelle ukrainske trehus med tak som minna om dei gamle norske stavkyrkjene. Nå er nesten alle hus her laga av mur, desse gamle trehusene er museumsgjenstandar.
Me fekk vera med og sjå på skulen og kontoret hennar. Så tok ho oss med til ein høgde utanfor byen for å sjå på ei armensk kyrkje frå femtenhundretalet. Det var veldig vakkert der oppe, og kyrkja likna i grunnen ikkje på nokon kyrkje eg har vore inne i før.
Heilt til slutt fekk me møta mannen hennar, som jobba ute på ei tomt dei hadde. Me fekk smaka nyavla tomatar, stikkelsbær, bringebær, solbær og laupstikke. På sidan av tomta deira var det ein gigantisk solsikkeåker som me måtte fotografera. Eg er veldig takknemleg for denne dagen. Ein får sjå så mykje meir i lag med ein innfødt venn, og saman med dei rette folka kan det som kjennest framandarta bli nesten heimsleg.