Gå til innhald

Heil dag på toget

juli 21, 2016

image

Leif sitt fine stasjonsfoto skal få vera overskrifta i dag. Me har kjørt tog gjennom Romania i meir enn ti timar, og hatt flott utsikt.

Me var så heldige at Maria kom og henta oss på hotellet, kjørde oss til toget og fekk oss til rett platform. I tillegg hjalp ho oss med å kjøpa billettar vidare til Budapest. Det er alltid greitt å ha med seg nokon som snakkar språket og trygt å vita at me kjem på rett tog.

Det viste seg at me hadde fått plass i ein seksmannskupe denne dagen og, og at setene stod mot kjøreretningen. Sidan me skulle vera på toget så lenge, og sidan det lukta både røyk og sveitte i kupeen, så fann eg ut at det kunne vera lurt å svelgja ein av reisesjuketablettane Leif hadde i veska si. Eg var litt redd at eg skulle bli så trøytt av dei at det var vanskeleg å halda seg vaken, men det gjekk bra.

Ute på gangen var det eit ope vindauge som ein kunne stå og sjå ut av og få frisk luft i ansiktet og håret. Det var ein fin plass å stå. Det var og spennande å fotografera ut av det opne vindauget. Problemet er bare at motiva fyk forbi før ein får fokusert dei, men litt klarte eg å få fanga.

Me hadde forresten hyggeleg reisefylgje i den vesle kupeen. Dei som var der skulle endå lenger, dei var på toget då me kom på, og skulle vera med eit godt stykke vidare. Me reiste i lag med ei far med to barn på ca åtte og elleve år, og ei eldre mann som stort sett sat og løyste sudoku og som gjekk ut for å røyka på stasjonane.

Dei to barna var veldig søte og blide, det var god stemning heile tida, og dei hadde det så fint på tur med faren sin som lo og spøkte med dei. Guten var litt nyssgjerrig på oss, og når faren og systera var ute, begynte han å snakka med oss. Han kunne nesten ingeting engelsk, så det var ikkje lett å kommunisera. Då faren kom tilbake kunne han hjelpa oss litt å oversetja, men han påstod at han nesten ikkje snakka engelsk han heller.  Guten lurte på om me hadde barn, og eg sa at me hadde fire, men alle var vaksne nå.

Eg fortalde at eg var lærar, og at eg kjende ei rumensk jente som hadde lært meg alt eg kunne på rumensk og at det var veldig lite. Eg kunne bare seia «hei» og «god morgon» i tillegg til nokre fine ting eg kunne seia til henne om morgonen. «God morgon, blomen min», «stjerna mi», engelen min» og «prinsessa mi.»

Det lo dei av, men det var nok ikkje så lett å forstå at det var absolutt alt eg kunne i tillegg til «pa-pa», som eg lærte då eg høyrde Maria snakka i telefonen. Det betyr det same som » ha det», eller for oss som er jærske: «pa-pa» betyr det same som «na-na», og «da» betyr det same som «ja». Det var nok vanskeleg for guten å forstå at me absolutt ikkje kunne snakka og forstå rumensk, for han prøvde fleire gonger å seia ting som han trudde me forstod dersom me bare snakka seint nok. Det gjorde me ikkje, men eg viste han litt bilete på I-paden min. Han kikka interessert på og lurte nok på om eg hadde nokre spennande spel der. Det hadde eg ikkje…

Etter ein halvtimes tid kom det inn ein mann og la nokre gjenstandar i fanget på guten. Eg trudde først det var ein slags aktivitetspakke som dei gav til barna om bord, men det viste seg at det var varer mannen prøvde å selgja. Etter ei stund kom han tilbake for å sjekka om nokon ville kjøpa dei. Fleire gonger fekk me besøk av tiggarar som opna kupedøra og la eit lite handskrive brev i fanget på den som sat nærast døra. Der stod det korfor dei hadde det vanskeleg og burde få pengar. Ein av dei hadde og med ei bunke med slike kort barna ofte får på sundagsskulen som me kunne kjøpa av han. Ei lita krokrygga kone med skaut kom og innom i løpet av turen med ei korg med ostepop, saltkringler og flasker med vatn som ho gjerne ville selgja til passasjerane. Det var ikkje sal av mat eller kaffi elles på toget, så det var godt me hadde med niste.

Mesteparten av landskapet me reiste gjennom var landbruksområde, men me reiste og gjennom skogar og over høge åsar. Toget gjekk seint så me hadde god tid til å sjå oss om. Overalt var det høge høysåter lødd opp rundt pålar, og i tillegg vart ein heil del høy hesja.

Me såg folk som jobba på markene, nokre med hest og andre med traktor. Det var stor forskjell på husa. Me såg bittesmå og veldig fattige grender, me små hus som var gamle og nedslitte, me såg slike gamle trehus som me såg på museet dagen før som såg ut til å vera bygde på same måten som stavkyrkjer, og me såg nydelege gamle hus som var tatt godt vare på og nye fine hus.

Då me kom oss av på rett stasjon, noko som alltid er eit spennande prosjekt, hadde me bestilt hotell ikkje langt frå jernbanen i ein by som heiter Oradea, og som i turistbrosjyren blir omtala som Romanias Paris. Det var nok ikkje byens beste strok me var komne til. På fortauet i gata ved stasjonen haldt det til fattige familiar, sannsynlegvis romfolk. Det krabba bleiebarn rundt på fortauet i bare body, utan bleier, og var så skitne at eg hadde lyst til å ta dei med meg heim og bada dei. Eg kan ikkje hugsa eg har sett så skitne ungar før.

Då eg såg hotellet var det første eg tenkte at det skulle vel gå for ei natt, me har budd så fint dei andre plassane, men då me kom inn var det i grunnen heilt ok. Me betalar ca hundre kroner her inkludert frokost, så det er det ikkje noko å seia på. Me var ganske trøytte og svoltne og både i-padar og mobilar var utan batteri. Me fant ut at me fekk gå ned til sentrum og få oss litt mat. Sentrum var ganske nær, og du ser på husfasadane her og at dei ein gong må ha vore ganske rike.

Hovudgata var full av uterestaurantar, og alle hadde bord midt ute i gata, så det var nesten som eit einaste stort langbord. Dessverre hadde eg ikkje straum til å fotografera, men Leif hadde med seg vanleg digitalt kamera så nokre bilete har me nok likevel.

Då me sat og drakk kaffi, la eg merke til ein bitteliten gut med Minnie Mus T-skjorte som gjekk heilt aleine mellom borda. Han såg ut til å vera to-tre år, men må nok kanskje ha vore fire. Han kom heilt bort til stolen min, og vart ståande der og snakka rumensk med tynn stemme. Eg forstod såpass at han ikkje prøvde å forklara at han ikkje fann mor og far, men at han rett og slett var send ut for å tigga.

Eg kom til å tenkja at eg visste eg hadde eit par ballongar i veska som har ligge der sidan eg var på bedriftsbesøk hos ein optikar på Bryne med ein klasse. Eg rota litt  rundt, og jovisst, der var det ein ballong… Guten hadde nok venta at eg leita etter pengar, men han lyste opp då eg fann ballongen. Han var ikkje større enn at han syntest dette var mykje kjekkare. Då eg såg han på gata i lag med foreldra litt seinare då me skulle gå tilbake, vinka han ivrig til meg…

Tiggande barn er hjarteskjerande. Både at dei skal måtta lærast opp til tigging, men og den responsen dei møter på gata. Eg har sett fleire gonger både her og i andre land at dei blir kjeppjaga frå restaurantar av irriterte restauranteigarar. Eg forstår jo dei og. Dei vil gjerne ha kundar, og det er ubehageleg for kundane å bli utsette for tigging. Likevel lurer eg på kva det gjer med barna å bli jaga på den måten. Dei må jo oppleva at dei er uønska, irriterande og til bry.

Vel tilbake på hotellet fann me ut at nå måtte me planleggja resten av turen. Me har jo hatt ein plan med litt grove trekk, men nå var det på tide å spikra kor og når. Det viste seg å vera vanskelegare enn me trudde å koma oss heilt heim på den mest behagelege måten. På grunn av Dana-cup er det umogleg å få lugar eller liggestolar med nattbåten til Stavanger neste helg, og det er umogleg å få overnattingar i Hirtshalsområdet slik at me kan ta morgonbåten til Kristiansand. Men det er eit lite problem. Plass på båten får me, og sova kan me gjera heime.

Nå skal me fokusera på resten av turen, og ikkje hengja oss opp i heimreisa. I dag skal me med morgontoget til Budapest. Ha ein fin dag, alle saman.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: