Gå til innhald

Ho som reiser aleine

juli 20, 2016

imageEi av reisegledene mine er vanskeleg å praktisera her i Aust- Europa. Eg må, med eit lite streif av skam, innrømma at eg elskar å la meg fanga av folk sine samtalar, bare sitja der og lytta, som om eg var på teater eller høyrde på diktopplesning. Det er ikkje ofte ein får vita så mykje om korleis det er å vera andre…

Eg veit at lytting er uoppdragent, men forsvarer meg med at ingen av oss har øyrer som kan lukkast, og sit ein så nær andre menneske, så vil ein høyra ganske mykje heilt utan å kunna noko for det. Eg finn til og med god underhaldning i å lytta til andre sine mobilsamtalar, noko eg veit at dei fleste andre irriterer seg over å måtta høyra på.

Til mitt forsvar kan eg og seia med handa på hjartet at dersom eg høyrer nokon fortelja ting eg ikkje burde vita, så ville eg aldri finna på å fortelja det vidare til eit einaste menneske…

Nok sjølvforsvar nå… I går då me sat på ein buss full av ukrainarar og rumenarar, så lytta eg og til samtalane utan å forstå eit ord. Tonen orda vart sagde i, fortel meg mykje om kva stemning dei gjenspeglar. Det å høyra to venninner sitja å snakka til kvarandre med mjuke, varme fortrulege stemmar var vakkert og på ein merkeleg måte beroligande. Av og til gjorde dei til stemmen og herma tydeleg etter ein eller annan, for så å fortelja kva dei sjølve hadde svart.

På bussen var det ei dame som i tillegg til oss, skilde seg litt ut. Ho hadde asiatisk ansikt, var litt bustete på håret og hadde på seg ein vid blomstrete buksedress i tynn bomull. Ho var vel den einaste på bussen som hadde eit dobbelsete for seg sjølv, og der sat ho med masse bagasje på ein litt kaotisk måte.

Dei to rumenske venninnene som sat bak henne var nok og litt nyssgjerrige på denne dama, og då ho spurte dei på engelsk om dei trudde ho kom til å rekkja bussen frå Suciava til Buccuresti, begynte dei å føra ein samtale med henne om kor ho kom frå og kor ho skulle hen.

Ho fortalde at ho kom frå ein liten by ute på landsbygda i Japan som var verdsberømte for den grøne teen sin. Ho fortalde utmalande på litt stotrande engelsk om korleis dei små grøne tebuskane stod på lange, lange rekkjer langs åsane ved byen hennar. Ho fortalde vidare at ho hadde kome med tog til Kiev via Mongolia og Russland og at ho hadde vore i Kiev i tre veker. Damene spurte om ho hadde besøkt nokon, men det hadde ho ikkje. Ho hadde vore på opera, konsertar og ballettforestillinger kvar einaste dag. Ho hadde fått med seg alt som var å sjå.

Damene fekk tydeleg lyst til å vita meir, og spurde kor lenge ho hadde vore i Cherviniki. Der hadde ho vore i  ni dagar, og budd på hostel, men ho hadde kome for å gå på konsertar. Det viste seg at alle konsertsalane var stengde i juli, så i staden hadde ho brukt veka til å gå rundt i kyrkjene og i musea i byen. Nå skulle ho til Buccuresti for å oppleva meir kultur, og så skulle ho vidare. Damene lurte på kva som venta. Roma? Paris? Berlin? Ho rista bestemt på hovudet. Dei landa var alt for dyre for henne, ho måtte halda seg til dei billigste landa i Europa.

Damene vart nok endå meir forvitne på kven ho var, dei spurde først litt forsiktig kva ho haldt på med i Japan, men ho forstod ikkje spørsmålet. Då spurde dei litt meir direkte. Åtte ho ein av tefarmane. Då lo ho godt og rista på hovudet. » Your work?» spurde den eine dama. » Oh, you want to know what is my job?» spurde den japanske dama og smilte nesten litt unnskuldande.»I  wash at one of the hospitals.»

Eg tek av meg alle hattar eg ikkje har. At nokon reiser aleine rundt i månadsvis med austeuropeiske tog og bussar og bur på enkle herberge i Kiev aleine i tre veket for å bruka dagane til å gå rundt på museum og alle kveldane til opera og ballett imponerar meg. For eit pågangsmot og for ein kjærleik til kunsten. Truleg har ho spart i årevis for å leggja ut på denne turen.

Då me vart stilde på rekkje i tollen og måtte visa fram vesker, baggar og koffertar kunne ikkje Leif la vera å observera at ho såg ut som om ho hadde eit nett fullt av nudelpakkar. Eg ser for meg at ho står ved vannkokaren på hostellet og lagar seg nudlar til middag og kvelds fordi det er dyrt å eta ute.

For ei dame. Eg håpar turen hennar blir fantastisk.

Heidi

image

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: