Budapest
I dag morges gjekk me til stasjonen i Oradea for å ta tog til Budapest. Det er rart korleis ting forandrar seg etter korleis auga ser. Den gata som virka skummel og forfallen i går, fortonte seg i dag som ei ganske koseleg morgongate. Dette området er nok likevel tilhaldsstad for mange fattige og heimlause. På gata stod det ein plakat der styresmaktene i byen direkte oppfordra folk til å ikkje gje noko til tiggarar…
Vel framme på stasjonen fann me greitt fram til rett platform og spor. Me skjøna at nå er me på veg vestover i Europa, då det vart opplyst både på rumensk og engelsk at toget var tjuefem minutt forsinka på grunn av tekniske problem.Ein mann som virka psykotisk og gjekk og snakka med seg sjølv, sette seg på kanten ned til skinnegangen og sat og dingla med beina over skinnene. Eg vart nervøs av å sjå på han, og lurde på kva me skulle gjera viss han ikkje flytta seg før toget kom, men heldigvis reiste han seg etterkvart. Ein mager liten gammal tannlaus mann kom gåande barbeint og med bar overkropp under trøya. Han snakka med fleire utan å få napp. Leif var raskare enn meg og trassa oppfordringa frå bystyret med å stikka til han dei få pengane me hadde att av rumensk valuta.
Toget til Budapest var nesten oppe på NSB-standard, og utsikta ut togvindauget vart og mykje meir «gjenkjenneleg». Det var store solsikkeåkrar og kornåkrar langs jernbanen. Då me kom til Budapest viste klokkene at me hadde skifta tidssone att og fått tilbake den timen me mista då me kom til Lviv.
Denne gongen skulle me ikkje bu på vanleg hotell. Leif hadde leigd ein leiligheit ei natt av ein mann som leigde ut små ferieleilegheiter. Denne låg midt i sentrum, og var ikkje dyrare enn rom på hotell. Eg må innrømma at eg i utgangspunktet var litt skeptisk. Hotell er liksom trygt og greitt. Det viste seg at han som skulle møta oss og gje oss nøklane var forhindra både på den eine og den andre måten, så det ende med at me måtte venta halvannan time på han. Då han skulle låsa oss inn, brakk han nøkkelen i låsen og låssylinderen måtte byttast ut… Men det ordna seg greitt med at me fekk låst bagasjen inne ein plass, og så møtte me han seinare. Og det skal seiast at leilegheita er veldig ok.
Byen Budapest er heilt fantastisk. Eg har aldri vore her før, og dette fristar verkeleg til å ha god tid her ein gong. Me har vore med sightseeingbuss og fått sett det meste i forbifarten i alle fall. Det gjorde det ikkje mindre innbydande at det er tretti deilige varmegrader og sol. Me har ete vegetarisk middag på uterestaurant ved den store basilikaen og vandra nede ved elva der det var masse gatemusikantar og fantastisk belysning.»
Her er det veldig mange fine gamle bygningar, flotte parkar, koselege fortausrestaurantar og store handlegater. Dette er verkeleg ein staseleg storby. Sjølvsagt er det ei bakside her og. Me gjekk under ein undergang etter å ha sett på reataurantar med strykeorkester, dyre butikkar, diskotek i parken og store elvebåtar med musikk og latter.
Denne undergangen viste seg å vera tilhaldsstad for heimlause som låg der på rekke og rad og hadde lagt seg for natta, med bereposen med eigedeler på den eine sida og flaskene på den andre. Ei av dei hadde hund på sida av, og hunden hadde fått kveldsmat i isboksen sin. Eg håpar eigerinna slapp å svelta og. Det vart ein ganske stor kontrast til den gjengen med fint kledde ungdomar som kom i mot oss i den same undergangen. Dei bar på eit berbart musikkanlegg som spelte glad musikk og snakka høgrøysta og lo høgt. Storbyar er ein mangfoldige verdenar.
Me skulle gjerne hatt helga i Budapest, men i morgon skal me gjera noko anna. Då skal me til syden… Eg har sett på feriebilete av strender og solsenger og kjent litt på at at akkurat den delen blir litt mangelvare i våre feriar. Eg ville gjerne leggja inn nokre sol- og strandagar i reiseruta vår. Først vurderte me å leggja turen innom Kroatia, men fann ut at det ville me ikkje klara å fletta inn i opplegget vårt i denne omgang.
Då kom me på den gamle barnesangen om Joska som dreg på badetur frå Budapest til Balaton. Me har rett og slett tenkt oss til badebyen Balaton i morgon, og har lagt oss inn på eit all-inclusive-badehotell i to netter. Intet skal vera uprøvd. Eg reknar med at det blir veldig annleis frå det andre me har gjort desse vekene, og eg håpar det skal bli avslappande og deilig. Først i veka såg det ut som om me ikkje skulle få det beste veret, men nå ser det rett og slett ganske bra ut, godt og varmt og til dels sol. Det blir spennande.
Heidi