Første veka i august
Naturen fortel om seinsommar. Det er så frodig og fint ute, sjølv om det ikkje er sommarvarme. Eg håpar varmen innhentar oss før hausten gjer det. Oss er det ikkje synd på, me har hatt mange varme sommardagar på reisa, men eg unnar dei som har halde seg heime på vestlandet å bli skikkeleg varme på ryggen før hauststormane og mørket kjem.
Det er noko tilbakelent med den første veka av august for dei av oss som jobbar i skulen. Kvilepulsen er på plass, me har gløymt alt me veit om skuleklokker og fulle timeplanar enn så lenge.
Om eit par netter begynner stressmareritta å dukka opp om livet er i rute. Ikkje stressmareritt om å vera i lag med elevar, for det er bare kjekt, men mareritt om å springa bak seg sjølv. Det marerittet eg pleier å få kvart år handlar om å springa rundt i endelause trapper eller gangar med ei stor bunke bøker. Eg veit at eg er for seint ute, men anar ikkje kva for ein klasse eg skal ha, kor eg kan finna dei, eller kva slags fag eg skal undervisa dei i… Det komiske er at mange lærarar har fortald meg at dei har augustmareritt som liknar til forveksling på mitt… Me får gå ut i frå at det er viljen til å gjera ein god jobb og til å vera alle stadar på same tida som ligg bak.
Men enn så lenge så er livet roleg og harmonisk. Me går for lange frokostar, og akkurat nå har me ein gjest i huset som aldri har vore her før, eg håpar han trivest. I går fekk eg forresten besøk av eldsteguten som hadde med seg ein chiliplante til intern matauk i heimen. Eg spurde han fleire gonger om han var sikker på at chiliane var etande og ikkje bare berekna til pynt… Det sa han at dei var, så i dag har eg pynta osten på knekkebrødet med chili frå potteplanten. Ute har eg planta persille, grasløk og oregano, mellom anna for å bevisa for meg sjølv at kryddersesongen skal vara lenge endå.
I dag vart eg invitert til å vera med på noko kjekt. Ingrid hadde lova å vera barnevakt for ein liten nevø på tre månadar og lurte på om eg hadde lyst til å vera med. Det er klart eg hadde. Eg lengta heilt frå eg fekk vita om det. Eg har aldri slutta å oppleva at det å ha eit nyfødd lite menneske i armane sine er nesten overjordisk. Eg fekk lov til å leika bestemor i ein gyngestol og jammen sovna han ikkje til tonane av Byssan lull. Så små menneske ser stort på det med kvaliteten på songstemmen, og det set eg pris på.
I august ber dagane med seg ei tung mogning som eg set pris på. Ein gong skreiv eg eit dikt til ei venninne som fylde femti. Der skreiv eg at damer på femti liknar dagane i august. Dei er modige, sterke og trygge. Framleis er ingenting for seint. Det er bare roleg på tide.
Nå skal me nyta at sommaren er på sitt mognaste. At det snik seg inn eit og anna gult bod om at ei kaldare årstid er på veg, skal me ikkje leggja nokon vekt på…
Heidi
From → August, barn, Barna mine, Skule, sommar, Uncategorized