August
Kalendaren seier august, og veret seier regn. Eg seier at nå har den siste av tre sommarmånadar akkurat teke til, og nå begynner siste del av heimesommaren.
Eg øver meg på å vera heime og prøver å få rydda litt kvar dag. I dag har eg rydda badeskap og stått ute i regnet og prøvd å få skikk på verandaen med potter med halvvisne blomar. Eg er litt i tvil om eg bare skal nyta at det er sommarferie ei drøy veke til, eller om eg så smått skal begynna å sirkla meg inn mot eit nytt arberdna litt kvidsår. Fram til nå har eg gjort det første… Eg har rydda, lese masse Knausgård, eg har skrive litt og høyrt på sommar i P2 på podcast, og eg har kost meg med katten og med dei vaksne barna mine.
Eg og Ingrid har gått tur langs stranda med Oscar, i går var eg og Ingrid og Sunniva på kino og såg «Et helt halvt år», og i dag har eg og døtrene mine vore i Stavanger, me har kikka i butikkar, ete lunsj på Sting og ete softis i regnet. Det er fint alt saman. I morgon får me meir besøk, og framleis er kveldane overraskande lyse. Eg vart oppriktig glad for å oppdaga at det framleis er ganske lyst heilt til klokka ti om kvelden. Nå har me vent oss til mørkare kveldar ute i den store verda, og då er det utruleg fint å oppdaga at heime i Norge er det framleis lyse sommarkveldar, og katten malar og stryk seg inntil oss, og ser ikkje ut til å bera nag for det lange fråveret…
Ha ein fin august alle saman. Som Einar Skjæråsen så fint seier om denne månaden: «Denne skjelvende streng mellom sommer og høst».
Heidi