Max, Mischa og meg
Til jul i fjor ønska Sunniva seg ei bok med tittelen Max, Mischa og Tetoffensiven, av Johan Harstad. For meg høyrdest det nesten ut som tittelen på ei barnebok, men då eg fann denne kolossen av ei bok på den næraste bokhandelen, forstod eg at det var det ikkje. Heldigvis hadde ho framleis lyst på boka, for då ho opna pakken kunne boka ha vore lite flyttbar. Ho var nemleg blitt lettare vannskada i samband med eit ikkje heilt vellukka forsøk på å fylla vatn i juletrefoten.
Sidan boka tydeleg fall i smak, og Eva Mari med leseglede var i ferd med å arbeida seg gjennom eit anna eksemplar av boka, bestemde eg meg fort for at den ville eg og lesa. Då det aldri har falt seg slik at nokon har følt for å frakta ei bok på nesten 1400 sider mellom Oslo-Bærum og Bryne, sette eg meg på venteliste på det lokale biblioteket.
Då det endeleg var min tur å kunna lasta boka ned på i-paden, innsåg eg at eg hadde ei utfordring. Kom eg til å få tid til å lesa boka ut på dei tre vekene eg hadde ho før ho automatisk vart levert tilbake? Det var til fordel for meg at eg fekk ha boka i haustferien, det var bare å setja i gang.
Nå har eg levd med Max og Mischa og onkel Owen frå Stavanger i desse vekene, og på fredag oppdaga eg at eg hadde trehundre sider att og to dagar igjen på lånetida. I går kveld kom eg så langt at eg hadde bare hundre sider att, i dag tidleg oppdaga eg at lånetida var over, eitt døgn tidlegare enn eg hadde trudd, men heldigvis låg ho der endå. Eg kopla i-paden frå internett og følte meg litt som ein boktjuv, det var sikkert mange som venta. Så var det bare å koma seg gjennom resten, for det kunne elles bli lenge til neste gong eg hadde sjansen. Eg oppdaga at eg måtte skumlesa dei første 100 sidene om igjen for å gjenoppfriska det eg ikkje hadde heilt oversikt over, men så datt universet på plass, og det var hardt å forlata dei alle saman.
Boka handlar om fortid og nåtid, om å bera med seg alt ein har opplevd, om å lengta heim, om kjærleiken som er både stor og vanskeleg, om å leva med det i livet ein skulle ynskja var annleis, og om å leva eit skapande liv. I alle fall vart det slik for meg. Eg har ein mistanke om at andre kan lesa heilt andre ting inn i hendingane.
Ytre sett handlar boka om Max, og om barndomen på Forus med foreldre med bakgrunn i AKP/ML. Etter at Max er ferdig med barneskulen, bestemmer foreldra, sterkt mot hans vilje at dei skal flytta til USA der faren har fått jobb som flygar i eit amerikansk flyselskap.
Etter ein tøff overgang med mykje heimlengt får han ein ven i Mordekai, ein jødisk gut som i likskap med han sjølv ikkje heilt passar inn. Før han er seksten, møter han Mischa, ei sju år eldre jente som allereie er etablert som biletkunstnar. Dei blir raskt eit par, på trass av Han får og eit spesielt vennskap med onkelen som han ikkje møter før han er nesten vaksen. Faren har brote all kontakt med bror sin, sidan denne reiste som soldat til Vietnam for å få amerikansk statsborgarskap.
Mordekai blir etterkvart ein berømt skodespelar, medan Max blir teaterregissør. Me følgjer personane i denne persongalleriet gjennom tjue år med vennskap, einsemd, motgang, tvil og nærleik. Eg anbefalar boka.
Det er lett å kjenna seg att i dette behovet for å vera levande og skapande, og behovet for å finna seg sjølv igjen i andre menneske. Kanskje skal eg rett og slett leggja ut nokre bilete frå kreativ gruppe hos Tone denne veka. Det er så fint å sitja saman med andre og laga ting.
På fredag kveld reiste eg og Karin til Sirdal for å besøkja Rita. Det var og ein veldig fin kveld, og bilturen opp gjennom haustlandskapet opp til Hunnedalen og over til Sirdalen.
Det er fint å ha venninner eg har hatt sidan eg var sju år og begynte på skulen. Jane pleier og å vera med oss, men ho kunne ikkje denne gongen.
Max lengtar alltid tilbake til barndomskameratane han måtte reisa frå då dei flytta til USA. Han veit at han kanskje aldri kjem til å sjå dei att, og han veit ikkje om han vil orka å reisa tilbake til Norge fordi han har lengta så mykje og ikkje veit kva han vil finna om han kjem tilbake.
Akkurat som Max håpar eg å halda fast på dei menneska som betyr, og har betydd noko for meg, på kreativiteten og på evna til å høyra heime i livet.
Og nå må eg tilbake til det verkelege livet med begge beina, for nå har eg ting eg er nøydt til å rekka før kveldsgudstenesta i kyrkja i kveld.
Velkomen dit om nokon kjenner seg kalla 🙂
Heidi