Morgonane er blitt mørke
Eg syklar gjennnom mørke morgonar med rosevottar kjøpt i Jurmala på hendene. På vasspyttane ligg det paprtynne lag av den aller første isen, og vinden er kald.
Eg hugsar med eit mjukt vemod at me song haustsongar om morgonen då eg framleis gjekk på barneskulen. Me song «At snart er alle fuglar fløyet, snart er alle blader falt», songen eg forstod var den mørke og meir ukjende broren til «Alle fugler små de er, kommet nu tilbake». Me song om nøkken som slo gullharpa si mot klippene og seinere kom «Vegen hem var mörk och lång och ingen har jag mött» og «Skunda dig älskade skunda att älska, dagarna mörknar minut för minut».
Eg registrerer at nå er det verkeleg blitt haust att, ein sommar er over, heilt utan tvil, og me har blitt ein sommar eldre, og i beste fall eit år klokare sidan sist. Eg minner meg sjølv om at me er priviligerte me som framleis heng med og framleis kan stå i rolla vår i det store spelet. Livet og tankane blir ein særeigen haustblanding av vemod og glede og kjensla av å vera intenst og sårbart levande.
Eg har hatt nokre fullmøblerte veker der den eine hendinga har bite den andre i halen. Eg har hatt to kveldar med gode venninner, eg har halde kurs i kreativ skriving for ein gjeng lærarar, eg har fått sett inn ei ny krone inst i munnen, rigga bønevandring på ein fin og varm kveldsgudsteneste, vore med på å foreta trekninga i det kommunale kunstlotteriet, skrive på ei stor forestilling, feira med varme og glede at syster runda femti år. Eg har øvd inn ti spøkelsesforteljingar som eg aldri har fortald før og fortald dei til skriveelevane mine i eit rom utan vindauge med bare eit brennande stearinlys. Eg håpar at ingen av dei har vore plaga av mareritt etterpå.
Midt i det heile har eg funne tid til å krypa inn i bøker, og lesa litt for lenge utover nettene. Heilt i frå eg var eit lite barn har eg bedrive smuglesing. Det å lesa ei bok midt på dagen føles på ein måte nesten litt uanstendig, ei slags unnaluring frå det verkelege livet. Lesing på senga er derimot ei slags velfortent belønning for å ha gjort det ein burde og var forplikta til gjennom dagen. Denne veka har eg tydd til lesing i løpet av ettermiddagar og tidlege kveldar og. Eg har stått på venteliste på det digitale biblioteket i mange veker og venta på å få låna «Syttitalet » av Ketil Bjørnstad, bind to i livsserien hans. Det er ei bok eg har lengta etter å få mellom hendene heilt sidan eg las «Sekstitalet».
Då eg var inne for å sjekka kor langt oppe på ventelista eg var kome, oppdaga eg til mi overrasking at det var ledige eksemplar av Jens Stoltenberg sin nye biografi. Den kunne eg ikkje la vera å låna. Så i denne veka har eg vandra gjennom tiåra i lag med Jens. Det har vore fin og informativ lesing. Eg hugsar då han vart vald til statsminster første gongen, at eg syntest det var ein uverkeleg og litt merkeleg situasjon a statsministeren var av min eigen generasjon. Etterkvart har eg vend meg til at dei som styrer verda er på min alder…
Når eg les boka til Jens er det med ei oppleving av at dette er nær meg på ein heilt annan måte enn når eg har lese politikarbiografiane til Einar Gerhardsen og Gro Harlem Brundtland. Dette er mi samtid og min historie på ein heilt annan måte. Når han skriv om møte med Barak Obama og Angela Merkel, får eg ein slags rar erkjennelse av at verda blir styrt av heilt vanlege menneske, og at dei like godt kunne vore deg og meg.
Når dette er sagt så må eg skunda meg å seia at eg aldri har drive politikk, og heller ikkje hatt nokre som helst intensjonar om det. Det er interessant å fylgja Jens i eit liv der politikk er førstevalet, eg forstår nesten korleis det er. Han fortel med ærlegdom og varme og om det i livet som har vore sårt, vanskeleg og komplisert. Eg har alltid likt Jes Stoltenberg og gjennom denne boka har eg blitt betre kjend med han. Eg kan ope innrømma at eg er glad for at akkurat han har ei toppstilling i Nato i desse merkelege tidene med framtredande verdspolitikarar som det er langt vanskelegare å identifisera seg med og stola på enn han.
I går sykla eg heim frå jobb i den første haglbyga for i år og ein dobbel regnboge i aust. Det var fint å finna eit varmt pledd og gå inn i siste etappen med Jens med ein malande katt oppå teppet før det var tida for ein kjøretur med Gry til ein sein kveld med henne, Anne Mette og Sigrid og Anne Mette si chilivarme kyllingsuppe.
I dag er eg i gang med Ketil Bjørnstad og Syttitalet. Eg er hypnotisert og bergteken og ville helst liggja på ein sofa heilt til i kveld og lesa. Det er noko med Ketil Bjørnstad sin forteljarstemme og med forteljingane hans om korleis har opplevd det å leva i sitt eige liv som appellerer veldig til meg. Han fortel om eit liv som på mange måtar er utanfor det me innbillar oss er A4 og vanleg. Han vågar ein ærlegdom om sine opplevingar av livet og det å leva som eg på ein litt merkeleg måte kjenner meg att i. Eg har snakka med andre som på ingen måte fekk same opplevinga som meg av å lesa Seksti-talet. Det er merkeleg korleismusikk og litteratur skapar heilt ulike klangbotnar i ulike menneske.
Men eg skal ikkje bruka heile dagen på å lesa. Nå skal eg skriva nokre timar før eg skal eta middag med Leif og Odd Christian. Ein tur ut bør eg og prøva å få lagt inn før eg har planar om å landa i sofaen med fantasihekledokker i hendene, fjernsynet framfor meg og ein kjærast ved sida av meg. I morgon skal eg vera med på å arrangera Halloweensundag på Hå gamle prestegard.
Så må du som les dette nyta helga du og. Natt tili morgon får me tilbake den timen dei lånta av oss då sommartida sette inn. Det er alltid ein velkomen gave, og for ei kort tid blir morgonane litt lysare att.
Heidi