Gå til innhald

Oktoberhelg.

oktober 23, 2016

image

Me er alt langt ute i oktober, dagane er merkbart kortare, for korte når det gjeld meg, men det er dei for så vidt i juni og. Eg har så mykje eg har lyst til å klemma inn i dei, så mykje eg har lyst til å gjera, og så mykje eg skulle ha gjort. Det gjeld bare å pusta roleg og prøva å segla med tida som ein roleg kan flyta på store bølgjer i staden for å symja i mot dei. Haustfargane er på sitt finaste nå, og i går då me tok ein runde rundt Melsvatnet måtte eg stoppa opp ofte for å finna fram mobilen og prøva å ta vare på det eg såg.

Det er merkeleg korleis det vakre er knytta til kjensla av vemod, at viss noko er vakkert nok, så blir det nesten trist. Denne kjensla grip meg ofte vår og haust, medan sommaren er som eit stort ope landskap prega av ein roleg og glad tone. Kanskje har det noko med omskiftingane om våren og hausten å gjera? Det at me heile tida veit at dette varer bare ei kort tid før me blir drivne mot noko anna? Eg veit ikkje, men eg undrar meg over det.

Som på biletet øverst til høgre på montasjen over, så veit me at vegen går vidare mot noko nytt, me veit bare ikkje heilt kva det er. Men framleis kan me la auga kvila på det me har ei kort stund og som er uendeleg vakkert.

I går sette me i gang med noko som ikkje heilt er favorittaktiviteten min, me rydda litt i kjellaren. Etter å ha sett program om menneske med hoardingproblem, dette å samla utan å ha evna til å kvitta seg med noko, på fjernsynet, så innser eg at av og til må ein rensa ut med litt hard hand og håpa at nokon andre kan bruka det. Eg innrømmar at det gjer litt vondt, men eg håpar at nokon andre kan ha nytte av kjolar og strikkejakkar som eg har hatt i kassar i kjellaren i tjue år, og at skoa eg nesten aldri har brukt fordi dei er vonde på føtene kanskje er perfekte til ein eller annan som ikkje er meg. Uansett så får eg kvila i at det er meir enn nok igjen der nede…

Ha ein god oktobersundag alle saman. Den tilliten får me ha til vegen som stadig går vidare, at han skal leia oss til mykje som er godt. Og saman har me mange krefter i oss som kan hjelpa oss å gjera livet godt for kvarandre. Nokre av oss er til og me så heldige at me trur at dei store små liva våre kviler i ein større tillit.

Heidi

From → haust, håp, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: