Slutt på sommartida
Reint klokkemessig så er eg ikkje ein av dei som grin når sommartida tar slutt. Snarare ville eg vel vore på normaltid heime sommaren. Det hadde sikkert passa meg som B-menneske betre. Noko av det finaste med den tekniske varianten av sommartid er at natt til siste sundag i oktober får me tilbake den timen tida lånte av oss i vår. Plutseleg er morgonane litt lysare att, men kveldane er tidleg mørke.
Sidan eg det siste året har vore med i styret for vennelaget på Hå gamle prestegård, var eg delaktig i å arrangera Halloweendag der i dag. Eg er vel litt splitta på måten halloweenfeiring har utvikla seg på i Norge, men denne formen for feiring, utan hjelp frå handelsstanden går eg god for. Då eg var barn elska eg grøss og gru, kyrkjegardar, dødsannonsar, tåredryppande skillingsviser og mollstemmde salmar. Mest av alt elska eg dei aller mest gruoppvekkande eventyra til HC Andersen der Storeklaus hogde hovudet av bestemor si for å selgja henne på torget, der snille prinsesser i siste liten vart redda frå å bli brende på bålet etter å ha skambrend hendene på å strikka skjorter av brennenesler, og der døde menneske står opp frå gravene for å hjelpa gode og trufaste menneske som har mista mor si… Eg trur det å bli drogen mot det makabre og triste er ein måte å bearbeida det som er vondt og skremmande i verda, og redselen knytta til det at me er dødelege.
Merkeleg nok er eg ikkje så glad i å lesa krim eller sjå krimfilmar i vaksen alder, men det er ein heilt annan historie.
Mi oppgåve i dag var å vera med på å rigga til eit skummelt rom på det gamle loftet på prestegarden. Der pynta me med store mengdar syntetisk spindelvev, eit fascinerande materiale som eg aldri har vore borti før, med edderkoppar, rotter og myser og anna som godt kunne finnast på eit eldgammalt loft. Der oppe laga me til verkstad der ein kunne klippa og dekorera flaggermusmasker i papp, laga flaggermis til å heng i vindauga, spøkelse i kvitt papir eller å teikna graskaransikt på klementiner. Andre stader kunne barna sjå på ei skummel forestilling, bli malte i ansiktet eller laga gammaldagse jærske roelykter.
Det eg i alle fall er heilt for, halloween eller ikkje, er at barn kjem saman med vaksne dei kjenner og blir sitjande lenge rundt eit langbord for å laga ting saman. Det hadde nok mange barn likt å gjera mykje oftare. I kafeteriaen nede kunne ein kjøpa lefser, lappar, blodraud raudbetsuppe og spøkelseskaker med marsipanlok. Og skulle ein ha fått nok av alt det overnemnde, så er naturen der nede alltid heilt fantastisk, same korleis veret er. Området rundt prestegarden er eit av mine favorittområde i heile verda. Turterrenget langs havet er det finaste eg veit å gå i.
I dag vart det ikkje tid til turgåing. Det har vore ein travel og fin sundag. Då eg kom heim fekk eg nylaga middag og blei servert kaffi medan eg tok med meg Ketil Bjørnstad til sofaregionen. Eg oppdaga at eg faktisk kunne nådd å oppleva den heilt ekte varianten av Ketil Bjørnstad på Sola i kveld, men det vart sofaen i staden. Nå har eg bakt scones med ost, rosiner og peanøter til kvelds. Katten malar og ute er det stupmørkt. November er farleg nær oss.
Heidi