Luke 18 -2016
Ei fin helg går mot enden. Sauene over er Inger sine. Spesielt typen øverst til venstre er fornøyeleg. Eg får nesten lyst til å samla på sauer eg og…
Lørdagskvelden i går vart brukt til å steikja krumkaker, lag risbollar og gjera klar stjerner som barna på jungelgjengen skulle laga i dag. Det høyrest veldig stødig og vakse ut, men til trøyst for dei som måtte trenga litt malurt i begeret, så vart kveldin innleia med at eg klarte å skubba borti eit oppstabla tårn med vaniljesauskartongar på Kiwi. Det regna vaniljesauskartongar som traff golvet som små vaniljefontenar. Det gjekk sikkert tjue kartongar i golvet. Då føler ein seg lur, kan eg informera dei av dykk som aldri opplever slikt, om. Sjølv om eg har vore ute for ein god del liknande situasjonar… så er det ikkje direkte kjekt. Heldigvis var min gode kollega der når eg trengte han med trøyst og ei bøtte som eg ikkje anar kor han fekk tak i… Etterkvart fann eg ein flott ung mann som tydeleg var godt opplært i korleis ein skulle oppføra seg når slikt skjedde i løpet av arbeidsdagen. Eg tilbydde meg både å plukka opp, betala og vaska goøvet, men fekk ikkje lov til nokon av delene… Han fekk meg nesten til å føla at det var heilt normalt å riva ned vaniljesaustårn, og at det skjedde med dei fleste av oss rett som det var… For nokre år sidan løsna eplemostflaskene frå sixpack-kartongen, og gjekk i golvet og knuste i den same butikken. Då eg etterpå fortalde om at personalet var så snille at dei insisterte på at eg ikkje trong å vera med og plukka opp, sa ei av døtrene mine: «Du må jo forstå at dei meir enn noko ville ha deg vekk frå grapset…» Klok etter den uttalelsen var eg ikkje vanskeleg å få vekk i går… I dag skulle eg inn og handla litt, aldri har eg vel bevega meg forsiktigare mellom hyllene…
Ettermiddagen vart forresten brukt til koseleg førjulslunsj med Anne Mette og Gry…
Så kan eg jo reklamera litt for «jungelgjengen», som er sundagsskulen i Bryne kyrkja. Det foregår parallellt med deler av gudstenesta. I dag hadde me med oss mange gode hjelparar i form av foreldre og besteforeldre, og etter å ha opna skattekiste, sunge julesongar og sett opp julekrybbe i lag, hadde me ei «frea-stonn» med å laga gullstjerner med paljettar og pynt til å hengja opp heime.
Så var eg så heldig at eg hadde fått meg eit bord på Ida sin julemarknad «Jul i mølla», til inntekt for hjelpeprosjektet hennar i Guatemala. Det er koseleg å vera med på slikt, og eg fekk handla litt julegavar sjølv frå dei andre handelsbuene. Til mi overrasking så selde eg mykje sjølv om eg ikkje hadde noko nytt i år. Den siste boka mi «Ta heller med deg hjartet ditt,» vart rett og slett utseld. Det hadde eg ikkje sett for meg. Heldigvis hadde eg hugsa å leggja av bøker til dei to som har sagt at dei vil koma innom og kjøpa før jul. Nå må me ta stilling til om me skal bestilla eit nytt opplag. Det blir vel kanskje til det, for det er jo kjekt å ha litt av alle bøkene. Uansett så får det venta til etter jul. Til neste haust, om alt går bra, reknar me med å ha nok stoff til å laga ei ny bok. Bare tanken er kjempespennande.
I dag åt eg middag med dei tre mennene i huset. Halvard kom heim på juleferie i dag, og Odd Christian kom heim på sundagsbesøk han og. Etterkvart får me kanskje begynna så smått å henta fram julepynten. Dei neste dagane skal me avrunda haustsemesteret med elevane. Eg håpar det har slutta å regna i morgon tidleg, for då har me tenkt oss på skogtur med elevane.
Slik ser forresten morgonane våre ut for tida. Det er den einaste tida året eg får med meg soloppgangane.
Heidi