Gå til innhald

LUKE 17- 2014

desember 17, 2016

image

Hvor ble jeg av?

At ein av dei tidlegare elevane mine skulle gje ut bok er ikkje noko som overraskar meg så veldig, det boka handlar om er derimot sterk nok kost til å sjokkera meg djupt og inderleg

I boka ”Hvor ble jeg av?” med undertittelen ”Et tenåringsliv i rus,” skriv Victoria Skretting om korleis ho etter å ha smakt alkohol for første gong som tenåring, umiddelbart vart hekta på rus, og at ho etter det drakk dagleg i smug. Litt tilfeldig fekk ho tak i hasj og spenninga mot rus og ukjende opplevingar gjorde at ho veldig raskt avanserte til sterkare stoff, og prøvde ut alt ho kunne få tak i.

15492515_1783951161858342_4580184442840230388_n

I boka skriv ho om hendingar i nærmiljøet som får meg til å måpa i forskrekkelse, at ho etter å ha vore ute for alt dette som mindreårig, gjer det til eit lite under at ho nokre år seinare landa på beina og kutta ut alt som heitte rus.

Det eg sjølvsagt spør meg sjølv om etter å ha lese dette er om eg burde sett eller gjort noko eg var blind for. I fylgje henne sjølv så starta dette allereie då ho gjekk i sjuande klasse og framleis var min elev, men kven har fantasi nok til å tru at ei søt og kvikk jente ein har kjend sidan ho begynte i førsteklasse er i ferd med å utvikla eit rusproblem…

Av og til har ein som lærar ein nagande frykt for at livet ikkje skal gå greitt for ein av elevane. Denne kjensla kan eg med handa på hjartet seia at eg ikkje hadde for Linn Victoria. Ho var ei smilande utadvendt jente, som dansa, turna, spelte i skulekorpset og var flink til å skriva.

Ho var den av elevane som var med på å skriva ei stor forestilling då ho gjekk i femteklasse, og ho gjekk sjølv til avisa for å få dei til å skriva om det. Det eg kunne sjå var at ho var spesielt kreativ og nyssgjerrig, begge deler eigenskapar eg som lærar set stor pris på. Saman med ei venninne fekk ho bruka valgfagtimar til å driva ei teater- og dansegruppe for yngre elevar, og saman med den same venninna skreiv ho og framførde talen til foreldre, lærarar og medelevar då ho gjekk ut av sjuande klasse. Eg merka nok at ho det siste halvåret var blitt litt ”fjortis” og ikkje jobba fullt så godt med skulearbeidet som før, men at dette kunne skuldast den første flørtinga med rus, låg langt utanfor mine tankebanar.

I dei åra eg hadde klassen til Linn Victoria jobba me mykje med opplegg som skulle vera rusforebyggjande. Me trente på å ta aktive verdival og snakka om kor farleg det var å utforska narkotiske stoff. Eg trur til og med at eg var ekstra ivrig i desse åra, for eg hugsar at eg lova alle elevane i klassen at me skulle gå til Tjemsland og kjøpa softis til alle saman om dei let vera å smaka røyk før dei gjekk ut barneskulen.
I seinare år har me kanskje tenkt at å framstilla det å prøva narkotiske stoff, ja til og med alkohol, som noko livsfarleg var å overdriva litt… Etter å ha høyrt historia til Victoria, så lurer eg på om me verkeleg burde setja blinkande blålys på tenåringar og alkohol igjen. Dersom det er slik at nokon er så utfordringssøkjande og så utsette for rusavhengigheit, så er det kjempeskummelt at tenåringane våre driv uttesting av alkohol. Det er kanskje like bra at eg ikkje var tenåringsmor lenger då eg høyrde denne historia, for då ville eg kanskje blitt ei endå strengare mor enn eg allereie var på desse tinga fram til ungane var atten.

Eg tenkjer og at me som er vaksne går litt i oss sjølve når det gjeld eigne haldningar til rus. Dersom det er slik at nokre menneske treng så få opplevingar med rus for å tippa over kanten, kva ansvar har me då når det gjeld alkohol og drikkekultur. Eg lar vera koma med svar, for når det gjeld alkohol så må eg passa meg for ikkje å utvikla meg til fanatikar. Fanatisme er eit lite sjarmerande personlegdomstrekk… Eg vil likevel våga å seia så pass at det kanskje ikkje gjer noko om det finst ein del vaksne menneske som vel å avstå heilt frå rusmiddel.

Men dette er ein annan diskusjon. Det viktigaste i dag er at Linn Victoria i dag har eit godt grep om livet sitt og har teke vare på både nyssgjerrigheita og kreativiteten sin. Takk Gud for at det gjekk bra.
Elles så må eg skunda meg å fortelja at eg har bedd om lov til å skriva dette, og at Victoria har godkjend det.

http://pluss.vg.no/2016/12/05/2629/2629_23856272

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: