Gå til innhald

Luke 19- 2016

desember 19, 2016


Slik kan jærsk jul sjå ut… Me var i Sandtangen med elevane i dag. Me var blitt lova opphaldsver, men veret var så fuktig at det grensa til regn. Lufta var full av skoddedropar som gjorde klede og sitjeunderlag fuktige, og lyset vart nesten glødande midt på dagen. Det er ikkje så mykje som minner om austnorske julekort med nedsnødde landskap og dompappar, men om ein ser det med auge som ikkje forventar denslags, så er lyset midt på dagen i desember nydeleg.

Det var tørt nok til at me fekk fyr på minigrillane, og elevane koste seg med varme pølser og varm kakao. Dei fekk leika oppe i bøkeskogen og koste seg verkeleg. Ungar på Bryne er ikkje så nøye på om det er regn i lufta. Her har me eit heilårsver som kan slå til både på julafta og på 17.mai, for ikkje å snakka om på st. Hanskvelden. Då har det ca ti varmegrader og delvis opphaldsver…

Det som reint naturmessig fortel oss at nå er det vinter, er dei mørke morgonane og ettermiddagane. Eg skal bevara meg vel frå å skriva på bloggen at det er synd at sola snur på onsdag, men eg er slik skapt at når noko først er der så vil eg at det skal vara lenger. Det er noko heilt eige med desse mørkaste vekene, med lyset midt på dagen og med dei mørke kveldane og morgonane. Det er årstida for at meir enn tusen kråker sit i trea utanfor vindauga når skuledagen startar, og så tek dei til vengene når lyset kjem i ni- halv- ti- tida. Eg har rett og slett ikkje utstyr til å få fotografert dei, men det er eit syn. Dei sit tettare enn eplene på eit epletre fullt av frukt, og i løpet av kort tid er alle saman på vengene og driv litt formasjonsflyging før dei forsvinn.

I dag var me samla ein gjeng venninner heime hos Helga og åt julemiddag med juleskinke, asparges, blomkål og bakte poteter. Etterpå fekk me sviskegraut, noko eg ikkje har smakt på minst ti år, og heimebakte julekaker og frukt. Kaffien vart servert i små runde arvekoppar. Dette er verkeleg årstida for mange gilde treff. Nå skal eg pakka inn ein liten julegave til pakkeleik på jobb, og prøva å skaffa meg litt søvn før eg skrir til siste skuledag før jul i morgontidleg.

Eg torer mest ikkje å seia at me begynner ferien i morgon, men det kjennest på kroppen som om me har fortent litt pause nå. Skulen i desember er ei stor oppleving, men du all verda så travelt det er når me i tillegg skal laga individuelle planar og evalueringar, skriva søknadar om tildeling av spesialpedagogiske timar og gjennomføra elevsamtalar og utvilingssamtalar. I tillegg er det ei travel tid for min andre jobb i kulturskulen. Det har blitt mange veldig lange arbeidsdagar, og i morgon skal den siste gjennomførast med stil, vil eg håpa. Etterpå skal eg med stor glede slå av vekkjerklokkefunksjonen på mobilen.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: