Gå til innhald

Taxitur i Stockholm

februar 17, 2017

image

Då me skulle ut i byen på laurdagskvelden fann jentene ut at me kanskje rett og slett skulle unna dei trøytte byføtene våre ein liten kjøretur. Me bestilte ein bil og fekk oss ikkje bare ei reise gjennom bydeler i Stockholm, men og gjennom eit liv.

«Så ni e norska?» sa sjåføren så snart me var inne i bilen. Eigentleg hadde me nesten ikkje rukke å opna munnen ein gong, han sa det då han kom entusiastisk småspringande ut av bilen for å opna bildøra for oss. Eg lurde på korleis han kunne vita det, og kom først seinare på at det nok var fordi me hadde bestilt bilen på norsk. Han sa at han sjølv var norsk og at ein nordmann alltid kjenner att andre nordmenn. Eg lurte på kor i Norge han kom i frå, og han nemnde ein plass langt nord i landet. Tilfeldigvis kjenner eg nokon som kjem der i frå, men han kjende ikkje til referansane mine. Ei av jentene mine spurde om han likte Stockholm, og han sa at Stockholm var staden han elska, staden han hadde fått eit nytt liv.

Det var lenge sidan han hadde budd i Norge, sa han, og dessverre hadde han mest vonde minne, det første bevisste minnet han hadde var av ein rasande far som slo mor hans hardt og brutalt i ansiktet. Etter turbulente år, hadde mora teke med seg barna og flytta til Sverige for å begynna på nytt då han var åtte år.

Han trengde seg ikkje på for å fortelja meir, men etter at me hadde sagt at me var glade for at han hadde fått det betre i Sverige, kom det ei lang og detaljert historie sånn litt etter litt. Den første tida i Sverige hadde vore minst like vond som barndomen i Norge, han opplevde alkoholmisbruk og vald i heimen, og på skulen vart han mobba fordi han var norsk. Barnevernet hadde gripe inn og han hadde vore på ein rekk ulike barneheimar og institusjonar utan at han hadde falle til ro. Neste skritt hadde vore å begynna tidleg å drikka, vegen gjekk til andre rusmiddel, slåsskampar og kriminalitet.

Livet hadde til slutt snudd då han i vaksen alder hadde begynt på ein kristen folkehøgskule. Han hadde forelska seg i ei jente, og pappa pingstpastoren hadde teke i mot han som familiemedlem og støtta han. Møysameleg og gjennom mange år hadde han klart å få livet sitt på beina att. Han hadde fått ei lita dotter, som me fekk sjå bilete av, fått nokon som trudde på han og sjølv fått noko å tru på som kunne halda han oppe. «Och i fjorton år har jag varit totalt nykterist, och inte endast luktat på en ølkork».  Etter å ha vore uføretrygda i lang tid hadde han for ikkje så lenge sidan blitt godkjend som taxisjåfør, og nå var det hans største glede å kunna gå på ein vanleg jobb, og kunna leva eit godt og vanleg liv. Det strålte verkeleg av mannen.

Me hadde sett oss ut ein thailandsk restaurant ikkje langt frå den kinoen me hadde billettar til. Me hadde prøvd å bestilla bord, men ikkje lukkast. Dei hadde den politikken at bare halvparten av borda kunne førehandsbestillast. På dei andre gjaldt det førstemann til mølla som gjaldt. Det var den teknikken me hadde tenkt å bruka, men då vår nye venn sette oss av rett utanfor spurde han «Skall ni eta där inne?» Me bekrefta at det var planen vår, og spurde om dei ikkje hadde god mat  der.» «Jo, då,» sa han. «Visst är maten god, men då jag var der sist med min fru och min svärmor och svärfar, såg vi en råtta där…»

Det ende med at me åt ein annan plass. Seinare på kvelden begynte me å diskutera om me trudde på historien hans. Eg var faktisk den mest skeptiske som meinte at det kunne tenkjast han hadde smurt veldig tjukt på. Neste dag googla me namnet hans, og det viste seg at det han hadde fortald var sant. Det var mellom anna eit forum på nettet som heitte omtrent «Var tog dom kriminella från Stockholm på nittitalet vägen?», – eller noko liknande… Der fann me namnet hans i diskusjonen. Han vart beskriven som ekstremt valdeleg og som psykopat, og den galne nordmannen. Ein av dei som skreiv konkluderte i sitt innlegg med at om mannen framleis levde, så levde han i alle fall ikkje eit «Svensson-liv»…

På nettet låg det og ei lenke til eit kristent magasin som hadde intervjua han som ein som mot alle odds hadde funne fram til ei Jesus-tru som hadde forandra livet hans, og eg som normalt reknar meg som nesten prinsipielt godtruande, måtte bita i meg skepsisen min.

Eg kan ikkje tenkja meg noko finare enn menneske som klarer å reisa seg. Menneske som på trass av ein forferdeleg start i livet klarer å reorientera seg og få gode liv. Han fortalde at då han var femten år hadde han hatt ei oppleving som gjorde at han plutseleg vart overbevist om at Jesus var verkeleg og ei reell kraft, men han ante ikkje korleis han skulle finna vegen dit. Det tok og mange år før han gjorde det.

I ettertid kan det synast tydeleg at denne aggressive farlege fyren hadde ein redd liten gut inne i seg.  Alt gjekk så gale at det ikkje såg ut til å vera nokon veg vidare, så skulle det likevel visa seg at det var det. At livet er både trist og vakkert kan ingen bestrida.

Etter møtet med mannen som skal få framstå utan namn her hos meg, så syntest eg han fortente at bodskapen hans skulle få plass i eit blogginnlegg. «Det er aldri så gale stelt i eit menneskeliv at det ikkje kan vera ein veg ut av det som er gale. Livet kan ta svært uventa vendingar, og gode krefter kan visa seg å vera sterkare enn nokon skulle tru.

Eg ynskjer han alt godt vidare.

Heidi

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: